Det berykta graset «øydela» Molde-profilen: – Prøv å trene der kvar dag

1 week ago 9



– Eg spurde KFUM-spelarane utover kampen. «Korleis klarer dokker det her? Kroppen min er heilt øydelagd».

– Så sa dei berre at dei har blitt vande til ein øydelagd kropp. All honnør til dei for det. Eg trur ikkje kroppen min ville klart det, smiler han etter å ha halta seg bort til NRK etter kampen mellom dei to laga på måndag.

Etter uavgjort mot den nyopprykte Oslo-klubben irriterte Molde-spiss Ola Brynhildsen (25) seg først og fremst over to tapte poeng i kampen om medalje.

Når det gjeld banedekket på KFUM Arena, må han berre le.

– Eg merka kroppen fekk køyrt seg, ja, seier Brynhildsen, som fekk ein opptur med Moldes 5-3-siger heime mot Tromsø laurdag.

KFUM Oslo-midtstoppar Momodou Njie var ein av dei som fekk spørsmålet av Molde-spelaren. Han flirer då NRK spør om samtalen som tok stad under kampen.

– Vi har ikkje så mykje val. Sånn er det. Dei har det litt finare oppi Molde, seier Njie.

Ola Brynhildsen

MØRBANKA: Ola Brynhildsen (25) er mørbanka når han møter NRK i pressesona etter kampen mot KFUM.

Foto: NTB

NRKs fotballekspert Kristoffer Løkberg har sjølv spelt på banen.

– For å seie det sånn, ein er glad viss det regnar når ein speler borte mot KFUM. Det er ein tørr og knallhard matte.

– Kjem du frå Molde med ei flunkande ny kunstgrasmatte, så blir den matta der som eit sjokk på kroppen, seier han om Brynhildsen-utsegna.

Utfordrar Molde til å trene på kunstgraset

Trenar i KFUM, Johannes Moesgaard, legg ikkje skjul på at underlaget tærer på troppen hans.

– Treningskvardagen er tøff.

– Er det meir slitasje på KFUM-spelarar enn andre?

– Det treng du ikkje lure på.

Han peikar på Molde-spelarane rundt han i pressesona.

– Den gjengen bak her kan jo prøve å trene på dette kunstgraset kvar dag. Det er ganske tøft. Gutane mine er robuste mentalt, det kan eg seie.

– Og fysisk, vel?

– Det blir dei av dette her. Men du ser det jo også på kroppane våre nå, vi manglar ein del spelarar som er skadde.

Johannes Moesgaard

UTFORDRAR MOLDE: – Den gjengen bak her kan jo prøve å trene på dette kunstgraset kvar dag, seier KFUM-trenar Johannes Moesgaard leikent.

Foto: NTB

– Har sjeldan spelt på betre

Og akkurat mental robustheit, som trenaren til «Kåffa» peikar på, er eit nøkkelord.

KFUM-spelarane Dadi Gaye og Momodou Njie seier at oppveksten i Oslo er nøkkelen.

– Mange av oss har vakse opp på denne typen banar i Oslo. Vi har sjeldan spelt på betre enn dette, seier Dadi Gaye.

– Vi er vande til dette. Det er definitivt ein fordel for oss at vi har blitt vande til desse banane sidan barndommen, meiner Njie.

Løkberg kjøper forklaringa til Oslo-gutane på laget.

– På ein merkeleg måte så blir ein vand til det òg. KFUM-spelarane bruker jo aldri banen som noka unnskyldning. Kroppen blir vand til at det er normalen.

Nå ventar derimot to bortekampar for «Kåffa» mot Odd og Stabæk (i cupen). Oslo-laget er langt betre borte enn heime.

– Heimestatistikken deira er heller ikkje bra, og det er nok tett knytt opp til nettopp banen, trur NRK-eksperten.

Laget har tatt 18 av dei 30 poenga sine i Eliteserien på bortebane. Der har dei fem sigrar. Heime har dei to. Den første kom så seint som i juli.

Dadi Gaye

IKKJE GODT VANN: Dadi Gaye er éin av mange spelarar i KFUM som har vakse opp i Oslo-fotballen. For han utmerker ikkje matta seg som noko verre enn anna han er vakse opp med.

Foto: NTB

Meiner KFUM fortener betre

Etter kampen på Ekeberg måndag, var det tydeleg for Molde-trenar Erling Moe at kunstgraset hemma både spel og kroppar.

– Eit så godt lag som KFUM, med den eventyrhistoria dei har, fortener å ha eit stadion med eit underlag som står i stil med det dei gjer.

– Det er vel det eg kan seie utan å verke surmulete, smiler han lurt til NRK og understrekar at han ikkje ønsker å klage på underlaget.

NRK-ekspert Løkberg er einig.

– Éin ting er motstandarane som speler éin kamp der i året og klagar på matta. Tenk for KFUM som bruker henne som treningsbane kvar veke. Det er trist.

13 års ventetid

Løkberg peikar på at Fredrikstad er ein annan eliteserieklubb der støtteapparatet har måtte trappe ned på talet på økter på stadion, rett og slett fordi kunstgraset tærer for mykje på kroppen til spelarane.

KFUM Arena

13 ÅR UTAN HELL: KFUM har jobba for å få på plass ein ny bane i ei årrekke. Denne sommaren fekk prosjektet eit stort skot for baugen.

Foto: NTB

KFUM har jobba i 13 år for å få på plass ein ny bane. Mange trudde forslaget om utbygging skulle bli godkjent i desse dagar.

Men i sommar dumpa eit blytungt brev ned i postkassa på Ekeberg:

Statsforvaltaren ville ikkje godkjenne prosjektet. Dei meinte at Oslo kommune ikkje har vurdert risikoen i prosjektet godt nok.

Dermed er det framleis høgst usikkert når «Noregs verste kunstgras» blir historie.

Publisert 29.09.2024, kl. 11.50 Oppdatert 29.09.2024, kl. 11.57

Read Entire Article