Desse kommunane eksporterer mest

1 month ago 42



Analytikarar i Menon Economics har rekna på kva kommunar som eksporterer mest (sjå under).

Tala viser at kommunane er konsentrerte langs kysten og fjordane, og at den kraftintensive industrien står for den største eksportverdien.

Eg er stolt over å vera i ordførar i ein kommune som bidreg i så stor grad til verdiskapinga i Noreg, seier Årdal-ordførar Christian Sønstlien (Ap).

Denne rapporten bekreftar kor viktig verdiskapinga i fleire av distriktskommunane er for Noreg og Europa.

Analysen viser at to tredelar av eksporten går til EU/EØS.

– Denne undersøkinga understrekar betydninga EØS-avtalen har for norsk økonomi, seier NHO-direktør Ole Erik Almlid.

Hydro testar hydrogen-prosjekt til 450 millionar i Høyanger

– Dette viser igjen at gode og rette rammevilkår er med på å skape store verdiar, seier Årdal-ordførar Christian Sønstlien (Ap).

Foto: Halvor Molland

Låg kronekurs er godt nytt for eksportbedriftene

Om vi ser bort frå bort olje og gass, var eksporten frå Fastlands-Noreg på 675 milliardar kroner i 2023.

Det er det høgaste beløpet nokon gong.

I alt legg den norske eksporten grunnlaget for 630.000 arbeidsplassar, som svarer til omkring kvar femte norske arbeidsplass.

Den låge kronekursen er i utgangspunktet godt nytt for eksportbedrifter som får meir igjen for varene dei sel til utlandet.

Likevel har fleire bedrifter rapportert at det «kan bli for mykje av det gode». Forklaringane er fleire:

  • Om bedriftene får 15 prosent meir for varene dei eksporterer, må dei også ut med 15 prosent meir for varene dei importerer frå same valutaområde.
  • Den såkalla frontfagsmodellen gjer at låg kronekurs skaper lønnsvekst som i sin tur aukar inflasjonen. Konsumprisindeksen (KPI) steg 2,6 prosent frå juni 2023 til juni 2024.
  • Låg kronekurs gjer det vanskelegare å rekruttere utanlandsk arbeidskraft (som får lønna si i norske kroner).
  • Store svingingar i valutamarknaden gjer det vanskelegare for bedrifter å planleggje langsiktig.

Støre: Ikkje kødd med mandatet til sentralbanksjefen

Under partileiardebatten i Arendal sist veke blei det diskutert om Noreg bør sette ned ein «kronekommisjon» til å vurdere om Noreg bør stabilisere kronekursen ved å binde han til euro.

Forslaget blei lansert av Venstre-representant Sveinung Rotevatn, men har så langt få tilhengarar.

Statsminister åtvara Jonas Gahr Støre mot å sette krona i spel eller «kødde» med mandatet til sentralbanksjefen.

– Viss vi set ned ein kommisjon for å sjå på kronekursen, så sender vi signal til verda: Berre vent litt, så skal vi endre på kronekursen, sa han.

Den dalande kronekursen dei siste ti åra slår ulikt ut for ulike typar eksportbedrifter.

I mars viste Eksportmeldinga for 2023 at inntektene frå olje- og gasseksporten fall med 800 milliardar kroner.

Hovudårsaka til fallet er at gassprisen har stabilisert seg på eit meir «normalt» nivå.

Framover forventar forfattarane av meldinga at gasseksporten vil falle til under 1000 milliardar kroner for første gong sidan 2020. Dei presiserer:

– Prognosane er likevel prega av stor usikkerheit som følge av krigen i Ukraina og potensiell eskalering av konfliktar i Midtausten.

Anne Kristin Førde

Aleksander Åsnes

Anne Kristin Førde, Bremanger-ordførar

– Eg er ikkje overraska over det som kjem fram av undersøkinga. Eg er heilt samd med NHO-direktør Ole Erik Almlid om betydninga EØS-avtalen har for norsk økonomi og det norske samfunnet.

Peggy Hessen Følsvik

William Jobling / NRK

Peggy Hessen Følsvik, LO-leiar

– Vekst i eksporten til den internasjonale havvindsindustrien er svært positivt og heilt i tråd med LOs strategi og ønsker for ei berekraftig omstilling av norsk næringsliv. Det er svært godt å sjå at det er ein underliggande volumvekst der, også når vi korrigerer for fallet i kronekursen.

Tone Lunde Bakker

John Trygve Tollefsen

Tone Lunde Bakker, Eksfin-direktør

– Det høge nivået på Noregs vare- og tenesteeksport viser at norsk økonomi er på rett veg i omstillinga. Samtidig ser vi at framtidig vekst i eksportinntektene ikkje kan takast for gitt. Noreg har lågare eksportdel enn snittet i Europa.

Sunniva Ihle

Yara

Sunniva Ihle, leder for myndigheitskontakt og kommunikasjon i Yara

– Norsk industri er verdsleiande, men vi er avhengige av ein open marknad for å selje produkta våre. I ei tid der global handel er under aukande press, er gode handelsavtalar viktigare enn på lenge. Norsk eksport må riggast for framtida, og det må leggast til rette for at produkta Noreg eksporterer kan omstillast til å møte stadig strengare klimakrav.

Håkon Haugli

Hilde Nilsson Ridola / NRK

Håkon Haugli, Innovasjon Noreg

– Vi må opp på eit vekstnivå som Danmark og Sverige, viss vi skal nå målet om 50 prosent auke i eksport utanom olje og gass innan 2030. Vi ser heldigvis stort potensial i fleire delar av norsk næringsliv, og at Noreg kan bidra til det grøne skiftet i Europa innanfor blant anna energi og grøn maritim næring.

Ole Erik Almlid

ISMAIL BURAK AKKAN / NRK

Ole Erik Almlid, NHO-direktør

– Nå må vi få fram fleire eksportbedrifter som igjen kan skape enda fleire arbeidsplassar. Samtidig må vi vere ærlege på at vi ikkje kan lykkast på eksportmarknaden utan dei rette føresetnadene heime. Gode rammevilkår, eit fornuftig skattenivå og nok kraft her heime er heilt essensielt for å lykkast der ute.

Publisert 20.08.2024, kl. 17.03

Read Entire Article