Høgre og Senterpartiet ligg an til å bli dei store taparane samanlikna med førre val.
Det viser NRK si siste supermåling før valet:
- Senterpartiet: ligg an til å miste 19 stortingsplassar
- Høgre: ligg an til å miste 10 stortingsplassar
Supermålinga er utført av Norstat mellom 7. og 19. august.
Flertall på Stortinget Antall stortingspolitikere
10 | 2 | |
11 | -2 | |
51 | 3 | |
9 | -19 | |
7 | 4 | |
7 | 4 | |
7 | -1 | |
26 | -10 | |
41 | 20 | |
0 | -1 |
Viser hvor mange politikere partiene ligger an til å få valgt inn på Stortinget ifølge NRKs partimåling august 2025. Sammenlignet med hvor mange partiene fikk inn ved valget høsten 2021.
Dei unge ryk for Høgre
For Høgre har det vore krise på meiningsmålingane i fleire månader.
Dei ligg an til å miste ei rekke mandat i kjerneområda sine.
I tillegg vil dei ikkje få inn representantar frå Finnmark, Nord-Trøndelag eller Sogn og Fjordane, dersom valet går som supermålinga.
Profilar som Ola Svenneby, Sandra Bruflot og Mathilde Tybring-Gjedde er alle ute av Stortinget.
Desse stortingsplassane ryk for Høgre på NRK si supermåling:
Oslo: Ola Svenneby og Mathilde Tybring-Gjedde, Buskerud: Sandra Bruflot
Sogn og Fjordane: Olve Grotle, Akershus: Hårek Elvenes og Håkon Snortheim
Rogaland: Sanna Rana og Lasse Anfinsen Fredheim, Hordaland: Liv Kari Eskeland, Sør-Trøndelag: Henrik Gottfries Kierulf
Erna Solberg har ikkje mista trua, og peikar på andre målingar der Høgre går fram.
– Eg trur at det er fullt mogleg å få borgarleg fleirtal og eit mykje sterkare Høgre, seier Solberg.
I tillegg til dei som ser ut til å ryke ut er det ei rekke plassar som står i fare for Høgre.
Anna Molberg har under 1.000 stemmer å gå på før ho ryk.
Også Peter Frølich og Erlend Svardal Bøe lever farleg.
Over tid Støtten til Høyre
Vis partiets tid i regjering
Grafen viser Høyres oppslutning i NRKs meningsmålinger fra Norstat de siste fire årene.
Sp mindre enn Raudt og SV
Hos Senterpartiet ligg to tredelar av stortingsgruppa an til å miste plassen.
Dei gjorde eit godt val i 2021. Då fekk Sp 13,5 prosent av stemmene og gjekk i regjering med Arbeidarpartiet.
Sidan har oppslutninga berre gått nedover.
No ligg Sp an til å få færre representantar på Stortinget enn Raudt og SV.
Både Sandra Borch, Geir Pollestad og Emilie Enger Mehl er ute av Stortinget på denne målinga.
Desse stortingsplassane ryk for Senterpartiet på NRK si supermåling:
Troms: Sandra Borch, Aust-Agder: Gro-Anita Mykjåland, Rogaland: Geir Pollestad, Hedmark: Emilie Enger Mehl
Telemark: Åslaug Sem-Jacobsen, Aust-Agder: Eivind Drivenes, Møre og Romsdal: Lisa Alvestad og Geir Inge Lien
Hordaland: Lars Fjeldstad, Nord-Trøndelag: Siv Sætran, Nordland: Trine Fagervik, Finnmark: Geir Adelsten Iversen
Vestfold: Kathrine Kleveland, Rogaland: Lisa Marie Ness Klungland, Sør-Trøndelag: Ole Herman Sveian og Maren Grøthe
Østfold: Kjerstin Wøyen Funderud og Ole Andre Myhrvold, Akershus: Else Marie Tveit Rødby, Oppland: Kjersti Bjørnstad
– Det er for lågt og ikkje eit resultat vi kan leve med. Her må vi henge i på slutten for å få på plass stemmene som trengst, seier Pollestad.
Fire av stortingsplassane som Sp får på målinga er inne med knapp margin og kan stå i fare for å ryke. Det er Sigbjørn Gjelsvik, Erling Sande, Bjørn Arild Gram og Bent-Joacim Bentzen.
Over tid Støtten til Senterpartiet
Vis partiets tid i regjering
Grafen viser Senterpartiets oppslutning i NRKs meningsmålinger fra Norstat de siste fire årene.
Rotevatn og Unneland ute
Også Venstre, SV og Pasientfokus ligg an til å miste stortingsplassar.
For Venstre er det nestleiar Sveinung Rotevatn som ligg an til å ryke ut.
Pasientfokus sin einaste representant, Irene Ojala, er ute av Stortinget på målinga, men er svært nær ved å kapre eit stortingsmandat frå Finnmark for andre periode på rad.
For Sosialistisk Venstreparti ligg det an til at Andreas Sjalg Unneland ryk ut, i tillegg til eit av utjamningsmandata som partiet har i dag.
UTE: Sveinung Rotevatn (V), Andreas Sjalg Unneland (SV) og Irene Ojala (PF).
Foto: William Jobling/Nadir Alam/ Jo Hermstad Tronsen / NRKPublisert 28.08.2025, kl. 17.58