Derfor meiner unge norske menn at Trump er «kul»

2 weeks ago 11



Stig Even Lillestøl (28) frå Nordfjordeid i Vestland kan nøyaktig tidfeste augeblinken da han blei interessert i politikk.

Året var 2015 og han høyrde på podkasten Painkiller Already, som handlar om gaming og dataspel.

Men det siste året hadde vertane også snakka ein del om Donald Trump, som dei syntest var heilt lættis.

Forundringa var derfor stor da valdagen stod for tur, og programleiarane røpte kven dei ville stemme på.

Han dei hadde gjort narr av var den same dei ville stemme på: Trump.

Da blei eg nysgjerrig, seier Stig Even.

Kva er det med politikk som er så viktig at det overskygger alt anna? Kvifor var det viktigare kva Trump representerte, enn kva han sa og gjorde?

Jakta på svar gjekk frå Unge Venstre-medlemskap til Fpu-verv, og sidan stod Stig Even fram som «Trump-forståar».

Ikkje ein lidenskapeleg «Trump-supporter», men ein støttespelar like fullt.

Han kunne gjerne vore mindre bøllete og meir som Ronald Reagan, men det er ikkje poenget, seier han.

Det vesentlege er at han gir håp og står oppreist i kuleregnet. Han viser at det framleis er mogleg å vere direkte og ærleg.

Ærleg?

Nei, stryk det. Men han er autentisk. Han kommuniserer ei djupare sanning.

Ifølge ei Ipsos-undersøking resonnerer nesten halvparten (47 prosent) av norske menn mellom 18 og 29 år på same vis:

Dei ville stemt på den republikanske presidentkandidaten om dei var amerikanarar.

Under følger sju forklaringar på kvifor Donald Trump fell i god jord hos unge norske menn.

Trump, oppdragsgivaren

«I all negativiteten rundt Trump er det lett å gløyme kor flink han er til å snakke opp sine eigne veljarar», skriv statsvitar Ketil Raknes i Morgenbladet.

Der Hillary Clinton og Joe Biden har karakterisert Trump-tilhengarane som høvesvis «deplorables» og «garbage», har Trump gitt dei eit storslått oppdrag:

Dei er kalla til å gjenreise eit nytt rike.

Den amerikanske forfattaren Sam Harris tar det enda eit steg. «Trump is fat Jesus», seier han.

Trump kan nemleg tilby noko kyrkja ikkje kan: Inga syndeforlating, men utsikt til ei ny verd utan skam.

Ei verd der du kan gå med hovudet høgt heva.

Fleire har peika på dette som kjernen i Maga-rørsla: Eit ønske om å bli sett og rekna med, og ikkje avskrive som overflødige.

Trump garbage

Trump kledde seg ut som ein søppelmann etter at tilhengarane hans vart kalla «garbage».

Foto: AP

Trump, internett-ikonet

Mange av dei mest provokative utspela til Trump blir raskt knadd om til memer i sosiale medium.

Det kan uttrykke politisk støtte, eller det kan vere «trolling».

For Trump-leiren er det uansett underordna kor oppriktig støtta er. Målet er å ta opp mest mogleg «bandbreidda».

Og jo meir alvorlege åtvaringane mot Trump er, jo festlegare er det å gjere narr av dei.

Fpu-leiar Simen Velle og Subjekt-redaktør Danby Choi er symptomatiske for denne internett-kulturen. Begge er ambivalente til Trump, men begge har også landa på at han er «kul» og «kontrær».

Trump-meme

Du skjønte det sikkert, men dette bilete er KI-generert, ikkje ekte.

Foto: Skjermdump

Trump, den radikale

Den amerikanske forfattaren Rob Henderson introduserte omgrepet «luksushaldningar» tidlegare i år. Ei luksushaldning er politisk korrekte meiningar som haldningsberaren pyntar seg med.

Til dømes «rett» syn på klima-, innvandrings- og kjønnsdebatten. Beraren har «riktig» haldning til alt, men betaler aldri prisen.

Før var det pengar og forbruk som signaliserte kven som var høgt på strå. I dag er det «luksushaldningar».

Trump er ein finger i auget på desse jålebukkane, og kastar om på kven vi klassifiserer som høg- og låg: Dei siste skal bli dei første, og dei første dei siste.

Trump, den grenselause

Nye haldningsundersøkingar viser at fleire ikkje tør å seie kva dei meiner, i redsel for sanksjonar.

Trump blir oppfatta som ei motgift mot dette. Han snakkar slik vi fekk snakke før.

Ingenting er for drygt og ingen tær for ømme.

Der resten av den politiske eliten legg vinn på å overhalde reglane for kva som er taktfullt, innanfor og god tone, har Trump foredla kunsten å snakke «rett frå levra».

Slik bøyer han på forskriftene for takhøgd og utvidar den politiske meiningskorridoren.

Og om han i tillegg valsar over dei kjenslevare og deira fantasiar om ein «reinare» offentlegheit, er det berre ein bonus.

Stig Even Søvik Lillestøl

– God politikk må trumfe sleivete utspel. Med over ein halv million skadde og drepne i Ukraina og titusenvis av drepne i Midtausten, blir viktigheita av god utanrikspolitikk større enn Trumps ego og bøllete åtferd, seier Stig Even.

Foto: Tom Nicolai Kolstad

Trump, grensesettaren

Mange unge som støttar Trump held fram den anti-globalistiske retorikken og fokuset på proteksjonisme og tradisjonelle verdiar.

Bakom all hans «bluster» og «swagger» har dette vore gjennomgangsmelodien til Trump sidan han kom ned rulletrappa i 2015: Mindre frihandel og høgare tollmurar.

Sjølv om Noreg har andre føresetnader, appellerer bodskapen om «America first» og ein tidlegare gullalder («great again») til dei som ønsker å vektlegge nasjonale interesser sterkare.

Trump, lagleiaren

JD Vance, Ben Shapiro, Bret Weinstein, Jordan Peterson og andre internett intellectuals har alle komme til den same erkjenninga:

Førsteinntrykket skremte dei, men sidan kom dei til at Trump fører ein politikk dei kan stå inne for.

Ingen av dei er blinde for hans negative sider, og ingen av dei nærer illusjonar om at han er den ideelle lagleiaren.

Men dette er dei einige om: Politikk handlar ikkje så mykje om å vere djupsindig, snill eller moralsk rettskaffen. Det handlar om å vareta interesser.

Og difor er Trump den einaste moglege lagleiaren for dette laget på dette tidspunktet i historia.

JD Vance – som samanlikna Trump med Hitler for nokre år sidan – har attpåtil tatt på seg jobben som nestsjefen hans.

Stig Even Lillestøl og Jordan Peterson

Stig Even Lillestøl trefte Jordan Peterson då han var på besøk i Noreg.

Foto: Privat

Trump, korsberaren

Trump har lova å verne religiøse fridommar, koste kva det må. Men øy! Han betaler pornostjerner for å halde kjeft. Er ikkje det eit problem?

Nei, ikkje nødvendigvis. Det gjer han til ein syndar, i selskap med alle andre som kallar seg kristne.

Det avgjerande er at synda ikkje blir forsvart. Ikkje at du aldri fell i ho. Det gjer alle.

Berre dei skinheilage vil påstå noko anna.

Elizabeth Dias, forfattar av What Did Jesus Ask?, har reist frå kyrkje til kyrkje og funne det som kanskje burde vere openbert:

Den kristne Trump-veljaren held seg ikkje for nasen. Tvert om. Han er opprømt.

Og forma til Trump er ikkje ei kjelde til forlegenheit. Snarare det motsette. Ei kjelde til fryd – fordi han driv dei liberale og sekulære elitane til vanvit.

Publisert 04.11.2024, kl. 05.07

Read Entire Article