Denne vesle fisken kan dempe smerter og kroniske betennelsar

2 hours ago 3



Djupt nede i havet svømmer dei ukjende fiskane lysprikkfisk og laksesild.

No har forskarar undersøkt dei to fingerstore fiskeslaga og gjort interessante funn.

Det viser seg at dei små, ukjende fiskane ikkje berre kan vere ein potensiell stor ressurs som menneskeføde, men også som kjelde til nye medisinar og helsebringande ingrediensar.

– Dei har klare betennelsesdempande eigenskapar, seier seniorforskar og ernæringsbiolog, Sissel Albrektsen.

Difor kan dei potensielt bli brukt til å lage nye medisinar mot smerte og kroniske betennelsestilstandar.

– Det er ein veldig næringsrik fisk. Det er mykje protein og feitt som vi treng både til menneskemat og dyrefôr. Det meste er mineral, vitamin og ting som Omega 3-feittsyrer og ting som vi treng alle saman.

Væske frå utpress, lysprikkfisk

Her blir væska frå fisken pressa ut til ulike behaldarar.

Foto: Sissel Albrektsen

– Kan påverke blodtrykk og blodsukker

Funna er eit resultat av eit forskingssamarbeid mellom Nofima og andre europeiske forskingsinstitusjonar i Irland og Spania.

Nyleg blei studien publisert i det anerkjente vitskapelege tidsskriftet Marine Drugs.

– Dette er spennande funn, seier Albrektsen, som er medforfattar av studien.

Forskarane har identifisert spesielle delar av proteinet i fisken. I tillegg til å dempe betennelse har stoffa også potensial for å påverke blodtrykk og blodsukker på ein positiv måte.

– I utgangspunktet reknar ein med at det er enormt store ressursar av mesopelagisk fisk, kor ei minimal mengd er lov å fangste i dag, i pågåande forsøksfiske. Nokre båtar har fått eitt års konsesjonar for den type forsøksfiske, men det trengst jo litt meir sikre tal.

Ho legg til at dette er ein del av Meeso-prosjektet, som må kartleggast av Havforskinga.

Sissel Albrektsen i Nofima har sammen med andre forskere gjort funn som tydelig indikerer at dypvannsfisk har helsebringende effekter.

– Når du har heile fisken intakt så består han av mykje protein og feittkomponentar.

Foto: Bjørn Erik Larsen / Nofima

Ser fancy ut og smakar umami

Sjølve lysprikkfisken blir typisk berre 7–8 centimeter lang. Han lever djupt i vatnet i løpet av dagen og vandrar oppover til meir grunne vasslag for å beite på krepsdyr.

– Det er ein veldig liten, sølvblank fisk. Det som er karakteristisk for han er at han har lysorgan på hovudet og buken, så han ser nesten litt sjølvlysande ut. Han ser fancy ut, seier Albrektsen.

Funna viser også at nokre av peptidene smakar umami, den femte grunnsmaken etter surt, søtt, salt og bittert. Han blir skildra som «kjøttfull» og «smakfull».

Difor meiner forskarane at fisken også kan vere interessant for matindustrien.

Vidare viser funna at mesopelagisk fisk kan vere bra for laksefôr.

– Laksesilda veks veldig godt og hadde god appetitt på alle fôr. Det var eit veldig bra forsøk der vi måtte stoppe forsøket ei veke før planlagt, fordi fisken veks så fort.

Forsøka viste altså at laksesild også gir god vekst når feitt og protein blir brukt som ingrediens i fôr til laks.

Bilde av laksesild

Verken laksesild eller lysprikkfisk blir særleg store, her ser du fingerstor laksesild.

Foto: Åsmund Bjordal / Havforskingsinstituttet

Ein lite utnytta ressurs

Djupvassfisk blir ofte omtalt som mesopelagiske artar. Dei held til på havdjup mellom 200 og 1000 meter, og totalt finst det rundt 250 ulike artar.

Forskarane går ut frå at det finst mellom 600 og fleire tusen millionar tonn, noko som gjer det til ein lite utnytta ressurs.

– Per i dag er det ikkje kommersielt fiske etter mesopelagisk fisk fordi det er utfordringar med å identifisere og finne denne fisken og fange han, seier Albrektsen.

Havforskinga: – Enorme menger

Men det går føre seg eit forsøksfiske. Ein del båtar og selskap har løyve til å drive fiske på mindre volum av desse bestandane.

Sjølv om Havforskningsinstituttet per no ikkje har konkrete planar om å gjennomføre ei større kartlegging og mengdeberekning av desse artane i norsk økonomisk sone, veit dei mykje.

Webjørn Melle i Havforskingsinstituttet

Webjørn Melle i Havforskingsinstituttet.

Foto: Havforskingsinstituttet

– Dette er ikkje sett i system, men på grunnlag av tokt i norske farvatn over mange år veit vi at der er store førekomstar i våre farvatn, som det også er globalt. For alle verdshav er det berekna at det finst mellom 1 og 10 milliardar tonn mesopelagisk fisk.

Så den totale mengda er enormt stor, opplyser Webjørn Melle i Havforskingsinstituttet.

Melle forklarar at det blei gjort eit lite tokt i Nordsjøen i 2020, i vestlege delar av Norskerenna, kor det blei målt 15.000 tonn laksesild.

Lysprikkfisken er mest aktuell i Norskehavet, i norske farvatn. Det finst store mengder.

– Alt liv i havet er del av ei næringskjede. Vil eit kommersielt fiske gå utover andre artar som livnærer seg på desse?

– Alle typar fiskeri har konsekvensar. Desse fiskane står på menyen til både laks, makrell og nokre sjøfuglar, seier Melle.

Samstundes er dette fisk som står langt ned i næringskjeda og produksjonen er stor, legg han til.

Likevel kan det bli ein lang veg å gå før desse artane blir fiska kommersielt.

– Eit kommersielt fiske vil krevje store ressursar i form av store trålar og mykje fuel. Det er ikkje sikkert eit slikt fiske kan gå føre seg på ei tradisjonell måte, seier Webjørn Melle i Havforskingsinstituttet.

Publisert 09.10.2024, kl. 12.35

Read Entire Article