Denne hjelpa vil ikkje små­partia ha: – Kan svekke demokratiet

6 days ago 15



På den eine sida er ein bildekollasj av dei fire partileiarane på borgarleg side.

På baksida ei oppfordring om å stemme taktisk på Venstre og KrF for å sikre borgarleg siger i årets val.

Nedst på sida prydar partilogoen til Venstre og KrF i gult og grønt. Ved første augekast kan det sjå ut som brosjyren kjem frå nettopp dei.

Det er berre eitt problem; ingen veit kven som står bak.

– Det er heilt riktig at Venstre treng å komme over sperregrensa om vi skal få nytt fleirtal og ei ny regjering, men dette er ikkje våre brosjyrar, seier Sveinung Rotevatn, førstekandidat for Venstre i Hordaland.

bildekollasj av partileiarane på borgarleg side

Desse fire har dukka opp i postkasser i fleire byar landet rundt dei siste dagane.

Foto: Silje Steinnes Bjerknes / NRK

– Eit mysterium som svekker demokratiet

Det var BT som først skreiv om det mystiske valstuntet, som dukka opp i form av ein brosjyre hos ein innbyggjar i Bergen.

Sidan har det dukka opp i postkasser i Ålesund, Stavanger, Oslo og Bærum. Ifølge Dagsavisen har den blitt sendt ut til 380.000 husstandar.

Tysdag melder NTB at MDGs Rasmus Hansson har sendt brev til kommunalministeren og ber om at det blir gjort tiltak for å avdekke kven som står bak.

Til Aftenposten seier Raudt sin Mímir Kristjánsson at han er kritisk til at innhaldet er anonymt, og meiner kampanjen må ha kosta dyrt.

– Problemet er at nokon då har kjøpt seg innflytelse på norsk politikk ved å sende dette, seier han til avisa.

Rasmus Johan Michael Hansson

MDGs Rasmus Hansson meiner saka bør bli etterforska.

Foto: Miljøpartiet De Grønne

– Kritisk

Ingunn Ulfsten, generalsekretær i KrF, seier at dei ikkje veit kven som står bak. Dei har heller ikkje motteke kampanjebidrag til dette.

– Det er viktig at anonym informasjon som dette ikkje blir vanlege måtar å dele ut informasjon på. Det kan bidra til feilinformasjon og svekke demokratiet vårt.

– Jeg synes nok at Espen Ottesen forskjønner bildet litt her, sier daglig leder i Pinsebevegelsen, Ingunn Elisabeth Ulfsten.

Ingunn Ulfsten, generalsekretær i KrF.

Foto: Mathias Moene Rød / NRK

Ulfsten seier dei også er kritiske til at deira logo er brukt utan løyve, og at materialet ser ut til å etterlikne det frå Valdirektoratet.

– Dette er jo i utgangspunktet ei ganske uskuldig brosjyre, men samstundes er dette ein framgangsmåte vi ikkje ønskjer at skal prege framtidige valkampar, seier ho.

Det er heller ikkje første gang det kjem oppfordringar om å stemme taktisk i årets val, ein strategi fleire småparti tyr til for å kome seg over sperregrensa.

MDG skapte debatt då dei i sommar gjekk ut og oppfordra raudgrøne veljarar til å stemme taktisk på dei.

Anonym avsendar

Sveinung Rotevatn (V) seier at han ikkje har noko imot bodskapen i brosjyren, og meiner det heile er ei relativt streit og ukontroversiell politisk oppfordring.

Han er derimot svært kritisk til at ingen veit kven avsendaren er.

– Det er fint at ein driv valkamp for Venstre, men då må ein merke tydeleg kven det er. Vi ønskjer ikkje tilstandar i norsk politikk der ein ikkje veit kven avsendaren er, seier Rotevatn.

Abid Raja iført briller

Venstre veit ikkje kven som står bak oppfordringa om å stemme på dei for å sikre ny borgarleg regjering.

Foto: William Jobling / NRK

Han understrekar at Venstre alltid merkar deira materiell tydeleg, og at dei ikkje tar i mot anonyme donasjonar eller har noko med anonyme givarar å gjere.

Høgre og Frp seier dei heller ikkje veit kven som står bak kampanjen, eller kven som har betalt for den.

– Det er heller ikkje naturleg at vi skal ta stilling til kvar ein ytring som måtte bli framsett, seier Helge Fossum, assisterande generalsekretær i Frp.

– Demokratiet bygger på openheit

Kari-Anne Opsal, partisekretær i Arbeidarpartiet, meiner at folk har rett til å vite kven som bak ulike former for politisk påverking.

– Demokratiet bygger på openheit. Anonyme aktørar som sender ut materiale eller bidreg til politiske kampanjar, undergrev denne openheita.

– Trur de nokon gjer dette for å prøve å øydelegge for borgarleg side og hjelpe dykk?

– Nei, det ser heller motsett ut, seier Opsal.

en kvinne med blondt hår

Opsal trur at slike anonyme kampanjar kan vere med på å påverke valkampen. – Samtidig skal ein ikkje undervurdere veljarane. Dei følgjer med og gjer opp si eiga meining.

Foto: Gunnar Bratthammer / NRK

Frå 1. juli trødde ei ny lov i kraft som forbyr norske parti å ta imot bidrag frå anonyme givarar. Lova skal sikre innsyn og «motverke korrupsjon og uønskte bindingar ved at det er openheit om finansieringa av verksemda til dei politiske partia».

Lova hindrar derimot ikkje anonyme hjelparar å spreie eige valmateriell.

– Ein koordinert kampanje

Valforskar ved Høgskulen i Volda, Bjarte Folkestad, seier at det kan vere problematisk når anonyme personar eller grupper står bak det han kallar ei målretta kampanje.

– Her har det vore ei koordinering og det har skjedd rundt omkring i landet. Då trengst det ein del ressursar og organisering for å få det til.

– I norsk politikk er det vanleg at alt av økonomiske bidrag til partia, som er over ein viss sum, blir rapporterte inn. Det skal vere kjent kven som står bak, så slike anonyme aksjonar er mindre vanlege, legg han til.

Folkestad seier det kan bli utfordrande å finne ut kven som står bak, men at dette ikkje er den einaste måten ein kan bli påverka av anonyme kjelder. Mellom anna finst det mykje av det i sosiale medium, meiner han.

Bjarte Folkestad står med hendene ut utenfor Høgskulen i Volda

– No finst det jo andre måtar å påverke på, også gjennom skjulte eller anonyme kontoar i sosiale medium. Det er ikkje berre den offentlege valkamppåverkinga som går føre seg, seier Folkestad.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Valforskaren er usikker på om stuntet vil vere med på å påverke valet.

– Det vi har sett av tidlegare forsking, er at veljarane ofte lener seg på meir tradisjonelle medium. Særleg TV-media er ein viktig kanal for informasjon. Eg er usikker på om dette vil ha så stor effekt.

Samstundes trur han effekten av stuntet også er avhengig av korleis veljarane oppfattar det.

– Det er klart, det er eit uhyre jamt val, så då kan slike stunt dra det i den eine eller andre retninga. Og det er ikkje gitt at det er dei partia som er nemnt her som vil tene på det.

Publisert 02.09.2025, kl. 16.44

Read Entire Article