Miljøpartiet dei grøne ligg an til å gjere det bra i Stortingsvalet og kome over sperregrensa.
Seinast i går kom ei VG-meiningsmåling der MDG var Noregs fjerde parti og sikra raudgrønt fleirtal. Også på NRKs siste måling er det MDG som står på vippen.
Om partiet kjem til makta, vil dei bruk ho til å krevje at Noreg innfører såkalla «arealnøytralitet» innan 2030. Dette skal vere juridisk bindande og gjelde både staten og alle kommunar.
Arealnøytralitet betyr kort sagt at ein skal slutte heilt å ofre natur.
Helst skal ein ikkje bygge i urørt natur i det heile. Gjer ein det likevel, blir ein «straffa» ved at ein må reparere like mykje natur som ein øydelegg.
Til dømes: Bygger du ned ei myr på 1000 kvadratmeter, må du altså restaurere ei myr på 1000 kvadratmeter. Slik går ein i teorien i null, og naturtapet stansar.
Men er det i praksis mogleg å få til?
I 2019 ville den vesle kommunen Flakstad i Lofoten prøve å få til dette.
– Vi ønsker ikkje hytter på kvart eit nes og ved kvar vik. Då øydelegg vi jo naturen. Og det er nettopp naturmangfaldet vi lever av her i Flakstad, sa dåverande Senterparti-ordførar, Trond Kroken.
Flakstad har fleire velkjende og etablerte turistattraksjonar, som fiskeværet Nusfjord.
Foto: Nusfjord Arctic ResortMen etter seks år har kommunen framleis ikkje klart å innføre dette.
– Det er eit for stort arbeid. Det var ei større oppgåve enn vi hadde kapasitet til, seier Kroken no, seks år seinare.
– I praksis ikkje mogleg
– Det tar tid, rett og slett.
Kroken trur det i praksis ikkje er mogleg å bli 100 prosent arealnøytral.
– Ein skal vere så nær som mogleg, men å krevje absolutt null utbygging av natur, det vil ikkje la seg gjere. Det vil bli så mykje motstand og stoppe så mykje at vi må akseptere at det er slingringsmonn.
Tidlegare ordførar, og no kommunestyrerepresentant Trond Kroken seier målet om å vere mest mogleg arealnøytral er med inn i behandlingar av utbyggingssaker.
Foto: Lars-Bjørn Martinsen / NRKLikevel jobbar kommunen, i stort sett alle arealsaker, for å vere mest mogleg arealnøytral. Det gjer også allereie 87 kommunar, ifølge KS.
– Difor meiner eg at det har vore vellykka sidan vi brukar det som argument i utbyggingssaker, seier Kroken.
Den noverande Høgre-ordføraren, Einar Benjaminsen er einig med Kroken at kommunen gjer så godt dei kan.
– No har vi tilsett konsulent og jobben med ny arealplan er i gang. Dette er det mest realistiske verktøyet vi i kommunestyret har for å legge føringar om kva område vi ønsker å bevare urørt eller tilnærma urørt for framtida. Arealplanen er også det fremste verktøyet for planavdelinga vår når dei behandlar søknader.
Men både Kroken og Benjaminsen er skeptisk til kravet til MDG, og meiner det er urealistisk.
– Om ein vil innføre arealnøytralitet bør det vere med eit slingringsmonn, eller i delar av ein kommune, det vil vere mykje meir realistisk i praksis.
Einar Benjaminsen, som er ordførar i Flakstad, meiner kravet til MDG er urealistisk.
Foto: Lars-Bjørn Martinsen / NRKTyskland, USA og Frankrike er betre enn oss
Håvard Bergheim ved Noregs miljø- og biovitskaplege universitet er i ferd med å avslutte doktorgraden sin, som handlar om å kompensasjonsbiten av dette.
Han meiner det er openbert at Noreg treng nasjonal lovgiving som forpliktar utbyggarar til å avgrense naturtapet mest mogleg.
– Og om det ikkje lèt seg gjere, så forpliktar det dei til å kompensere for tapet. Dette er det som blir kalla «tiltakshierarkiet», der utbyggjar først skal unngå, deretter restaurere naturinngrep, og til slutt kompensere for det resterande tapet, seier han.
Kompensasjon skal gjennomførast som naturrestaurering og vern utanfor inngrepsområdet.
Tapt natur mens du har lest denne saken:
Bergheim peikar på at Noreg heng etter andre land som alt har etablert slike ordningar. Frankrike, USA og særleg Tyskland har lang erfaring.
– Eg studerer tysk rett, og der har den føderale naturvernlova sidan 1976 forplikta utbyggjarar til å følgje tiltakshierarkiet ved all utbygging i alle typar natur. De har og ein marknad for kjøp og sal av natur ved inngrep, og utbyggjarar kan få tilgang til kompensasjonsareal gjennom ekspropriasjon og jordskifte, forklarar han.
– Eg synest MDG er inne på noko. Vi har nokre forpliktingar om å restaurere og verne natur, men vi manglar verkemidla for å gjere det, seier Håvard Bergheim.
Foto: NMBU– Tyske styresmakter tilretteleggar for at utbyggar skal klare å skaffe kompensasjonsareal. Og då er dei fleksible med at dei aksepterer stor avstand, både sakleg og geografisk, mellom inngrep og kompensasjon. Samtidig er kompensasjon berre siste utveg – det skal ikkje brukast som ei slags betaling for å få bygge i verdifull natur.
Han seier dette har hatt effekt. Tyskland hadde eit massivt naturtap, særleg på 60- og 70-talet, men det har dei ikkje no lengre, ifølge Bergheim.
Treng fleksibilitet
Når Flakstad på 178 kvadratkilometer ikkje får det til på seks år, korleis skal vi få på plass dette over heile landet innan fem år?
Bergheim meiner det er mogleg, og viser til Tyskland. Samstundes må ei vere fleksibel.
– Om ein har ei streng tilnærming, så kan det nærast bli umogleg å få bygd noko i det heile tatt, seier Bergheim.
Difor meiner han at det må vere ei fleksibel ordning for kompensasjon og nasjonale verkemiddel som gjer det mogleg for utbyggjarar å få tilgang til kompensasjonsareal. Det er eit statleg ansvar.
Noreg forplikta til å vern
I fjor haust kom den nasjonale handlingsplanen for naturmangfald, som skalfølge opp Noregs forpliktingar til å restaurere 30 prosent av forringa natur og sikre vern av 30 prosent av den samla naturen innan 2030.
Det er ei ganske sterk forplikting, ifølgje Bergheim.
– Men så lenge vi manglar eit nasjonalt rammeverk som forpliktar, ligg mykje på kommunalt nivå.
Og manglande lovar gjer at kommunane famlar litt, meiner han.
– Bergen kommune gjekk for å innføre arealnøytralitet. Men sist eg sjekka hadde dei fjerna det.
Publisert 06.09.2025, kl. 08.59