Dei jaktar på det vakre i slummens kvardag

3 days ago 12



Dei jaktar gode motiv.

Djupt inne i Kibera-slummen er det foto-gull å finne.

Samuel er glad i heimstaden sin.

Og han vil fange noko av det han likar på minnekortet sitt.

Dei synest heimstaden ofte blir framstilt for negativt, og det vil dei endre på.

Ein mann viser noko på eit fotoapparat til nokre unge jenter. Det er fotokurs i Kibera, ein slum i Nairobi.

Sjå. Eg likar dei grøne plantane, seier Samuel On'gele og peikar på den vesle skjermen på fotoapparatet hans.

Han tek bilete frå ei bru som går over Ngong-elva som snirklar seg gjennom Kibera - som ofte blir omtalt som Aust-Afrikas største slum.

Elvevatnet er grått, og søppelet flyt.

Men Samuel er meir oppteken av noko anna når han tek bileta. Han likar trea langs elvekanten. Dei er grøne og vakre.

Me ser det grå vatnet og søppelet. Men så ser me også noko meir, seier Brian Otieno.

Han er fotograf, oppvaksen i Kibera, og vandrar rundt i Kibera saman med Samuel og fleire andre ungdommar.

Saman er dei ute for å ta bilete av mangfaldet Kibera kan by på. Midt oppi det som er vanskeleg er det også mykje som er fint.

Me vil fortelje våre eigne historier. Korleis me lever og kva me gjer. Dei som kjem til Kibera har ofte tankar om staden dei kjem til, og at det er ein fattig stad. Me som har vakse opp her ser også at det er fattigdom, men me ser også mykje meir. Me ser også mykje anna som viser at det også er rikdom her, seier Otieno.

Ei gruppe unge afrikanarar tek bilete med fleire fotoapparat.

Brian Otieno held fotokurs for lokale ungdommar i Kibera.

Foto: Vegard Tjørhom / NRK

Brian starta for nokre år tilbake instagram-kontoen Kibera Stories. Målet er å nyansere synet på staden kor han vaks opp.

Folk som kjem utanfrå har aldri ordentleg fortalt historier om Kibera. Dei har fortalt historier frå sitt perspektiv, og korleis dei ser på Kibera. Og det handlar ofte om fattigdom. Men det er meir enn det, og det er det me prøver å vise fram, seier Otieno.

Kibera er eit slumområde i Nairobi, prega av hus bygd av bølgeblikk, og tett busetting.

Kibera er eit område med fattigdom, men også mykje aktivitet.

Foto: Vegard Tjørhom / NRK

Vil vise begge sider av livet i ein slum

Men sjølv om han vil vise positive sider, så kan han også ta bilete av det som er negativt. Men då er det fordi han har ein tanke bak det.

Søppel og grått vatn i elva er ein del av verkelegheita, og me skal ikkje lukke augo for det. Men me dokumenterer det, og viser verda problemet. Men me viser også kva som kan vere løysinga, fortel Otieno.

Han har bygd seg opp ein konto med nesten 20.000 følgjarar som vil sjå bileta av dagleglivet i Kibera.

Kibera blir ofte kalla Aust-Afrikas største slum. I bydelen bur folk tett, og det myldrar av liv. Dei fleste som bur i Kibera har jobbar med låg løn. Dei er storbyens hushjelper, portvakter og handverksarbeidarar.

Så er det også nokon i Kibera som slit med rusproblem, andre sel sex, og nokre få er kriminelle. Kibera har sine sosiale problem, og det veit gjengen med fotoapparata godt.

Men dei veit også at Kibera har aller mest av daglegliv og hardtarbeidande innbyggjarar. Og det dei unge fotografane jaktar på er bileta som viser fram dette mangfaldet.

Om folk fortel deg at du er fattig og kjem frå ein dårleg stad, så trur du også at du er fattig og kjem frå ein dårleg stad. Men om du bestemmer deg for å fortelje di eiga historie, så vil du oppdage meir av deg sjølv og fortelje din eigen versjon, seier Otieno.

Ein ungdomsgjeng tek bilete frå ei bru som går gjennom Kibera

Foto: Vegard Tjørhom / NRK

Lokal ungdom får sjansen til å lære noko nytt

Samuel er 15 år gamal, og han er fødd i Kibera. Han drar fram all omsorga som noko av det fine han likar med bydelen. Og han likar at det blir stadig satsa på lokale talent.

Folk utanfrå, som ser bilete av Kibera. Kva trur du dei tenker om Kibera?

At det er ein stad der folk stort sett er fattige.

Kvifor trur du dei tenker det?

På grunn av husa og omgjevnadane her. Men Kibera er verkeleg ein fin stad, seier den unge lokalpatrioten.

På kort tid har han lært seg å ta bilete av ganske høg kvalitet.

Fotokurset han deltek på blir arrangert av den vesle organisasjonen Art Kids Foundation som driv eit bibliotek midt inni slumområdet.

Kurset er ein av få sjansar for ungdommane til å lære om fotografi, og for fleire av dei er dette ein sjanse dei har venta på.

Fleire ungdommer lærar om fotografi, og på bordet ligg det mange fotografi.

Ungdommane får også teoretisk om fotografi på det vesle biblioteket til Art Kids Foundation.

Foto: Vegard Tjørhom / NRK

Eg elskar foto. At du kan ta eit bilete, også har du med deg minnet lenge. Det likar eg godt, seier Samuel.

Vil du jobbe med dette seinare?

Ja, eg vil bli fotojournalist. Eg vil ta bilete av ting som skjer her, og fortelje om livet i Kibera, seier Samuel.

Publisert 08.03.2026, kl. 16.34

Read Entire Article