Deepfake-krisa i Sør-Korea: Unge jenter offer for falske nakenbilete

1 month ago 21



Dei siste vekene har ei rekke chatgrupper, knytt til skular og universitet i Sør-Korea, blitt oppdaga på meldingstenesta Telegram.

I gruppene lastar brukarar opp bileta av folk dei kjenner, til dømes klassekameratar og lærarar. Bileta vert brukt til å laga deepfakes, i form av falske nakenbilete.

Rammar flest mindreårige

Nesten 6 av 10 offer for deepfake-lovbrot er mindreårige, ifølge ein rapport frå det sørkoreanske politiet, skriv Korea Herald. Dei fleste av offera er jenter.

Demonstrantar med kvite masker og caps held opp plakatar for å protestere mot deepfake-skandalen som pregar Sør-Korea

Sør-Koreanske feministar kallar auken i sexlovbrot for ein epidemi.

Foto: ANTHONY WALLACE / AFP

I nokre av gruppene vert medlemmane oppfordra til å dela namn og alder, samt området der personen dei deler bilete av bur. Det skriv BBC, som har undersøkt nokre av kanalane på Telegram.

Den sørkoreanske journalisten Ko Narin var ei av dei første som skreiv om dei lukka gruppene.

– Det verste eg oppdaga var ei gruppe for mindreårige elevar ved ein skule, som hadde meir enn 2000 medlemmar, seier ho til BBC.

I ei av gruppene skal det ha vore opp mot 230.000 medlemmar, ifølge Womenlink, ei koreansk aktivistgruppe som jobbar for kvinners rettar.

Gruppa skriv i ei utsegn at delinga av falske nakenbilete er objektivering av kvinner og normaliserer og oppfordrar til seksuell vald.

Set i gang gransking av Telegram

Førre veke tok imot sørkoreansk politi 88 varsel om deepfake-porno. Til no er 24 personar er mistenkte og identifiserte, skriv AFP.

Styresmaktene i Sør-Korea har no sett i gang ei etterforsking av Telegram. Dei meiner meldingstenesta har bidrege til spreiinga av deepfake-pornografi.

– Telegram har ikkje svara på førespurnadane våre om å få opplysningar om kontoane som er brukt i lovbrota som kan knytast til Telegram, seier politisjef i Seoul, Woo Jong-soo til Korea Herald.

Granskinga skjer etter at Telegram-sjef Pavel Durov blei arrestert i Frankrike i august.

Pavel Durov

Grunnleggar og sjef for Telegram Pavel Durov i India i 2017.

Foto: Tatan Syuflana / AP

Franske styresmakter meiner appen si manglande moderering og manglande samarbeid med styresmaktene bidreg til narkotikahandel, overgrep og svindel.

Sør-Korea ønsker å samarbeida med Frankrike om etterforskinga.

I eit utsegn til sørkoreanske styresmakter, ber Telegram om orsaking for måten dei har handtert situasjonen på og kalla det «uheldig». Meldingstenesta skal no ha fjerna fleire videoar, på Sør-Koreas oppfordring, skriv BBC.

Epidemi av sexlovbot

Sør-Korea var også i 2019 ramma av ei rekke seksuallovbrot. I det som vert kalla NTH-skandalen, pressa menn unge kvinner til å utføra seksuelle handlingar i ei gruppe på Telegram. Leiaren for gruppa, Cho Ju-bin, vart dømd til 40 år i fengsel.

Ifølge det sørkoreanske politiet har talet på seksuallovbrot auka. Til no i år er 297 saker melde til politiet, mot 180 i fjor.

Feministgrupper i Sør-Korea kallar den nye oppsvinget i seksuallovbrot ei nasjonal krise og ein epidemi.

Sør-Koreas president Yoon Suk-yeol på talarstolen under ei pressekonferanse

President i Sør-Korea Yoon Suk Yeol har sett i gang ei gransking av dei digitale sekusallovbrota.

Foto: CHUNG SUNG-JUN / AFP

President Yoon Suk Yeol kunngjorde sundag ein plan for cybersikkerheit, og har lova å slå hardt ned på deling av falsk informasjon som deepfakes på nettet, skriv avisa Korea Herald.

Både land som Storbritannia og Australia har føreslått forbod mot deling av deepfake-pornografi.

Høyr utanriksredaksjonens podkast:

Publisert 05.09.2024, kl. 19.39

Read Entire Article