– Det høyrest heilt dust ut, men eg var ikkje nervøs. Eg har hoppa ekstremt mykje bra på ski i det siste, sa Tiller til NRK etter superhoppet.
– Simen trivest veldig når det er trykk. Eg er veldig, veldig nøgd med han, sa lagkamerat Jørgen Graabak.
Simen Tiller hoppa nemleg 136 meter og fekk 18,5, 18.5 og 19 som teljande stilkarakterar.
Berre Franz-Josef Rehrl frå Austerrike hoppa lengre.
Tiller sørga for at Noreg leia med 10,3 poeng ned til Tyskland allereie etter første runde.
– Eit fantastisk godt hopp av Tiller. Han får god kontakt med skia. Han sette eit perlenedslag, sa NRK-ekspert Magnus Moan.
Noreg har ei klar leiing på 20 sekund på Austerrike før langrennet startar klokka 15.30.
– Trur vi har kontroll
29 år gamle Tiller hadde aldri tidlegare delteke i ein lagkonkurranse for Noreg i verdscup eller meisterskap.
DEBUTANT: Simen Tiller.
Foto: NTBUnder Tiller sin meisterskapsdebut i 2023 vart han diska etter hoppdresskontrollen – i det eine individuelle rennet han fekk delta i.
– Det er cocky å seie at ein har kontroll, for ein veit jo aldri. Men eg trur vi har bra kontroll. Det har vore bra dei siste åra, sa Tiller til NRK etter fredagens hopp.
Tiller har ein 17. plass som beste plassering i verdscupen denne sesongen. Den kom i Seefeld i januar.
Han har derimot vunne to renn i kontinentalcupen.
SKUFFA: Jørgen Graabak fekk det ikkje heilt til i hoppbakken.
Foto: Torstein Georg Bøe / NRKHeldt på leiinga
Jørgen Graabak var andre nordmann ut og hoppa 126.5 meter.
– Han har eit betre hopp inne, meinte Magnus Moan.
Noreg heldt likevel på leiinga – grunna Tiller sitt gode hopp.
Vidare hoppa Jens Lurås Oftebro 132,5 meter og Jarl Magnus Riiber 134,5 meter.
– Det er ei nyting å sjå på, sa Magnus Moan om Riiber sitt hopp.
HOPPA GODT: Jarl Magnus Riiber.
Foto: Torstein Georg Bøe / NRKVart utsett
Lagkonkurransen skulle eigentleg gått torsdag.
Etter fire kortare utsetjingar vart det bestemt at ein måtte vente til fredag med å hoppe.
Då hadde forholda i bakken blitt langt betre.
UTSETT: Mykje vind gjorde at lagkonkurransen vart flytta frå torsdag til fredag.
Foto: NTBTredje Riiber-gull?
Jarl Magnus Riiber har allereie to gull denne meisterskapen, eitt individuelt i kompaktøvinga og eitt i blanda lagkonkurranse.
Også Jens Lurås Oftebro var med på det gullet.
Han tok sølv i den individuelle konkurransen.
Riiber legg opp etter sesongen.
Publisert 07.03.2025, kl. 12.43 Oppdatert 07.03.2025, kl. 12.57