Ivan Kasule (28) hugsar godt den dagen alt stoppa.
Det skjedde midt i selskapet han sjølv hadde invitert til.
På restaurant i Kampala, omgitt av vennar, familie og kjærasten.
Scena i seg sjølv var eigentleg heilt absurd.
For Ivan kom frå ekstrem fattigdom, utan utsikter til verken jobb eller sosial framgang.
Han vaks opp på landsbygda i Uganda med ikkje mindre enn åtte søsken.
Stemmen til Ivan er mild og audmjuk.
Han har ikkje fått noko gratis i livet.
Er ikkje vant til å bli vist omsyn.
Ivans draum
Alt han ønskte, var eit liv utan konstante bekymringar.
Då han blei vaksen, flytta han til hovudstaden Kampala i desperat jakt etter arbeid.
Som så mange andre frå landsbygda i Uganda.
Byen var ikkje gjestmild.
Men Ivans vennlege vesen gav han ein stadig stigande vennekrets.
Og med det kontaktar og moglegheit for arbeid og husly.
Ein yngre Ivan.
Foto: PrivatMidt i byens kaotiske trafikk hamna han.
Omgitt av eksos, støy og ei intens hete.
Han køyrer «boda boda», aust-afrikansk for motorsykkeltaxi. Med noko attåt.
– Folk ringer meg og seier «Ivan, Ivan, kan du komme og køyre bilen min?»
Då køyrer han motorsykkelen sin heim til dei, og køyrer dei rundt i deira eigen bil.
Etter kvart møtte han også kjærasten sin.
Og no sat han altså her, på restaurant. Og heldt selskap med si eiga løn.
For å feire burdagen til sitt livs kjærleik.
Så - utan forvarsel - skjedde det.
Marerittet steig inn i restauranten.
Sa fryktelege ting.
Som blanda seg med djupe sår frå tidlegare svik og bedrag.
Angsten greip tak.
Kvelte Ivan.
Lite visste han at hjula allereie var i gang for å redde han – med koplingar til Noreg.
Tuvas draum
Tuva Rosenvold (34) hugsar godt den dagen alt starta.
Det skjedde då ho var 12 år, midt i ei TV-sending ho ikkje klarte å ta auga frå.
I sofakroken heime i Kristiansand, omgitt av familien.
Ho såg TV-aksjonen på NRK.
Ho såg engasjerte menneske i heile Noreg som samla inn pengar til folk dei ikkje kjente.
Ho såg reportasjar frå fjerne land om folk som hadde det vondt, og skulle få hjelp med pengane frå TV-aksjonen.
Tuva sat oppslukt. Og sa:
Tuva Rosenvold i MHU.
Foto: Jan Tore Eriksen / MHUTjue år seinare leier ho Mental helse ungdom (MHU) si internasjonale avdeling.
Som jobbar med å gje folk i fattige land ein grunn til å velje livet.
Eitt av landa Tuva reiste til, var Uganda.
Lite visste ho at nettopp det skulle bli redninga for ein ung mann som heitte Ivan.
Brutal statistikk
Det er ikkje utan grunn at Tuva reiste til nettopp Uganda.
For der lever over 40 prosent av innbyggarane i ekstrem fattigdom.
Tuva fortel at arbeidsløysa blant unge er skyhøg.
Den brutale statistikken til Verdas helseorganisasjon (WHO) bekreftar det ho seier.
Kvart einaste år tar over ein halv million menneske livet sitt i fattige land.
Eller i land med låg til middels inntekt, som det heiter.
Det mest skremmande er kanskje sjølvmordstala blant unge vaksne. Som har livet framfor seg.
Dei Tuva ønsker å hjelpe.
For sjølvmord er den tredje hyppigaste grunnen til at folk mellom 15–29 år døyr.
Som tenker at døden er betre enn livet.
Slik Ivan nesten gjorde.
Svindelen
Ivan hadde jobba hardt for å opparbeide seg eit lite fotfeste.
Litt etter litt, shilling for shilling, hadde han klart å spare opp ein liten sum.
Til draumen om hus og familie.
Ein venn av Ivan som hadde vore uheldig, trong litt økonomisk hjelp.
Han lova å betale tilbake med renter, om han berre fekk låne Ivans pengar.
Det fekk han.
Ugandiske shilling.
Foto: LUIS TATO / AFP / NTBMen då lånet skulle innfriast, var beskjeden brutal.
Ivan ville aldri få pengane sine tilbake.
– Han sa at eg berre kunne gløyme å gå til politiet, for der hadde han vennar. Og at det heller ikkje nytta å gå til domstolen, for der jobba fetteren hans.
Djupt opprørt over vennens grove svindel, prøvde han likevel å prate med domstolen.
Men fekk aldri pengane sine igjen.
Sviket brann inni han.
Mismotet var på veg djupt inn.
Og rørte opp att mørk grums frå ein hard oppvekst.
Paradokset
Ein skulle tru at den betre stilte delen av verda ville hjelpe til.
Ville stegle av dei dystre tala.
Tala som seier at 720.000 menneske i verda tar sjølvmord kvart år.
Og at 73 prosent av sjølvmorda skjer i fattige land.
At sjølvmord er den tredje hyppigaste grunnen til at unge vaksne dør.
Men nei.
Under ein prosent av verdas helsebistand er øyremerkt psykisk helsehjelp.
Noreg gir heller ikkje meir.
Rett nok er vi rausare enn dei fleste når vi gir helsebistand, 3,2 milliardar brukte vi i 2024.
Men berre 25 millionar kroner var øyremerkt psykisk helsehjelp.
Altså 0,78 prosent.
Betyr det at fattige land allereie har gode system for psykisk helsehjelp?
Framandord
Nei.
For dei fleste ugandarar er psykisk helsehjelp eit framandord.
I Uganda finst det ein psykolog per ein million innbyggarar.
Det viser tal frå Mental Health Atlas 2020.
I dag har Uganda over 50 millionar innbyggarar.
Når psykolog i tillegg kostar noko, er slaget tapt.
Då seier det seg sjølv at den jamne, fattige ugandar – som Ivan – ikkje har sjans på psykologhjelp.
Sjølv om behovet er stort, fortel Tuva.
Mental Health Uganda i Kampala.
Foto: Mental Health UgandaPosttraumatisk stress er svært utbreidd.
Folk står i ein konstant kamp for å overleve svolt, sjukdom og kriminalitet.
Jenter er spesielt sårbare – mange blir utsette for seksuelle overgrep.
I nordområda har mange sett grufulle krigshandlingar, vore barnesoldatar sjølve eller mista heile familien sin.
Når livet stadig balanserer mot avgrunnen, skal det lite til før det bikkar heilt.
Heksedoktor
Ivan hadde ingen å ty til.
Å prøve å snakke med nokon om tungsinnet, gjekk ikkje.
– Vennar forsvinn om du seier at du slit mentalt. Dei trur du har blitt mentalt farleg. Eller treng pengar til lege, som dei ikkje har.
Han fortel at heime i landsbyen går folk til heksedoktoren.
For å drive ut dei vonde maktene.
Ein heksedoktor i Uganda.
Foto: David Goldman / AP / NTBMen sjølv det kostar pengar, og uansett så trur ikkje Ivan på slikt.
Ei som forstår kva Ivan snakkar om, er Tuva.
– Psykisk sjukdom blir ofte møtt med stigma og fordommar i Uganda. Det ville vi i Mental helse ungdom prøve å gjere noko med, seier Tuva.
Det var derfor ho reiste til Uganda den gongen.
For å starte eit samarbeid med Mental Health Uganda.
For å opprette det som skulle vise seg å bli redninga for Ivan.
Ein hjelpetelefon for folk i krise.
Tuva Rosenvold hos Mental Health Uganda.
Foto: MHUVantru
Seks ugandiske helsearbeidarar blei plukka ut til å betene hjelpetelefonen.
Dei fekk opplæring i psykologisk førstehjelp og førebygging av sjølvmord.
Og ein fagleg rettleiar å støtte seg på.
Så langt har hjelpetelefonen registrert over 13.000 samtalar.
Hjelpetelefonen i drift.
Foto: Mental Health UgandaDet spesielle i Uganda er at klientar kan seie frå seg anonymiteten sin.
Dermed kan rådgjevarar ringe tilbake for å følge dei opp.
Tuva må smile når ho tenker tilbake på korleis hjelpetelefonen først blei mottatt.
TV-reklamar og store skilt langs vegen opplyste om gratis-tilbodet.
Skepsisen er forståeleg i eit land som Uganda.
Der psykisk helsehjelp i praksis er fråverande.
Det finst heller ikkje mange kloke eldre å spørje til råds, for befolkninga i Uganda er ung.
Heile 70 prosent er under 30 år.
Sånn som Ivan.
Sviket
Han hadde faktisk klart det.
Igjen.
Å riste av seg motgang og knusande nederlag.
Og skaffe seg ny jobb som boda boda.
Han hadde skrapa saman sine siste shilling for å hylle kjærasten på bursdagen hennar.
No var det fest på restauranten.
Ivan tok handa til kjærasten og smilte.
Så dukka altså marerittet opp.
Ein framand mann.
– Han sa «Elskling, kva gjer du her? Kven er denne mannen?» mens han peika sint på meg.
Ivan gjentok det siste spørsmålet til kjærasten sin. Som begynte å bli raud.
Det enda ikkje bra.
Dei to rivalane langa ut mot kvarandre i slåstkampen som oppstod.
Midt i restauranten.
Til politiet kom og drog med seg begge to.
Det begynte å bli tydeleg.
Verda prøvde å fortelje han at han ikkje skulle vere her.
Ei smertefull kjensle som millionar av andre fattige også har følt på.
Som ikkje får hjelp.
I resignasjon og håpløyse tar dei livet sitt utan at verda ser ut til å bry seg nemneverdig.
Betyr det at ein Ivan i Uganda er mindre verdt enn ein Ivar i Noreg?
Folkets røyst
Vi nordmenn synest ikkje det.
Tvert imot synest vi at psykisk helse nesten er like viktig som fysisk.
Det viser ei undersøking Norstat gjorde for oss i NRK.
Der spurte vi om folk helst ville gitt pengar til fysisk eller mental helse i fattige og krigsherja land.
Då svarte 39 prosent fysisk helse, og 29 prosent mental helse.
11 prosent svarte ingen av dei, og 21 prosent veit ikkje.
Tuva med ungdommar i Uganda.
Foto: MHUBlant dei mange utdjupande tankane som kom inn, var desse:
- Usynlege lidingar får meir tyn enn synlege
- Traumatisert befolkning fører til forlenga konflikt
- Psykiske lidingar er mykje tyngre og vanskelegare å gjere noko med
Mange var også innom det Tuva seier:
– Folk må jo først få hjelp til å overleve, med mat, vatn og medisinar. Men så må dei psykiske såra helast, om folk skal få eit betre liv med tru på framtida.
Den hadde Ivan mista.
Hjelpetelefonen
No i ettertid tenker Ivan at det faktisk finst englar her på jorda.
Som har kome for å hjelpe oss via telefonen.
For i sin djupaste desperasjon, der alt han ville var å dø, fekk han tips om hjelpetelefonen.
Dit kunne folk ringe som hadde det psykisk tøft.
Gratis.
– Det høyrdest heilt vilt ut, dette kunne vel ikkje stemme? At nokon ville bruke tid på å snakke med meg? For å hjelpe meg? Heilt gratis?
Men det stemte.
For første gong i livet kunne han fortelje fritt om kor vondt han hadde det inni seg, utan å bli stempla.
I staden vart han lytta til.
Han fekk støtte, empati og gode råd om livsmeistring.
Det tok berre ein lang samtale for Ivan å innsjå at livet ikkje var over likevel.
At han hadde blitt møtt med englars godheit.
Ivan i landsbyen sin.
Foto: PrivatManglande hjelp
Trass dystre sjølvmordstal, finst det nesten ikkje bistand som fokuserer berre på psykisk helsehjelp.
I staden blir det putta inn som ein liten bit i andre prosjekt.
– Pengane går ikkje til strukturelle endringar, som å bygge opp eit psykisk helsevesen, seier Tuva.
Vi spurte Noregs utviklingsminister om kvifor så lite er øyremerkt psykisk helsehjelp.
Under ein prosent.
Og fekk svar frå hans statssekretær Stine Håheim.
– Ofte inngår psykisk helse i større program, og visest derfor ikkje tydeleg i statistikken. Psykisk helse kan ikkje skiljast frå fysisk helse. Derfor er det ein integrert del av Noregs innsats for fred, humanitær hjelp og langsiktig utvikling.
Stine Håheim er statssekretær for utviklingsminister Åsmund Aukrust.
Foto: SturlasonTuva reagerer når ho høyrer dette.
– Å fy flate! Når dei ikkje kan svare på kor mykje som går til denne «integrerte» helsehjelpa, så kan dei ikkje kalle noko integrert! Vi treng øyremerka pengar til psykisk helse.
For Ivan var det nettopp ei konkret, psykisk satsing som var redninga.
Hjelpetelefonen.
Telefon-engelen
Ivan får ikkje takka engelen sin nok.
At eit framandt menneske var der for han, ville hjelpe han ut av mørket, utan å krevje noko tilbake, var ei openberring.
Det varmar Tuva å høyre.
No står Mental helse ungdom klare til å utvide tilbodet.
For dei er med i Atlas-alliansen, som har fått årets TV-aksjon på NRK.
Med pengane som kjem inn, skal endå fleire få hjelp.
– Vi ønsker å utvide i Uganda så folk kan ringe på kveldstid og i helger også. Og så har vi ein søsterorganisasjon i Etiopia som vil opprette hjelpetelefon der.
Tuva gler seg stort.
Ikkje berre går draumen som 12-åring i oppfylling.
For Tuva skal faktisk sitte i studioet til NRK på TV-aksjonskvelden, direktesendt frå Grieghallen i Bergen.
Men først og fremst blir dette ein merkedag for Mental helse ungdom.
For dette blir første gong dei får pengar frå TV-aksjonen til saka dei brenn for:
Å gje sårbare, unge vaksne i verda eit håp.
Å gje dei ein grunn til å velje livet.
Å redde fleire som Ivan.
Publisert 19.10.2025, kl. 16.01