Då kvardagen blei for travel, tok Line eit val

1 week ago 10



Sjukefråværet har skote i vêret. Line Bråten tok eit val ho meiner kan vere til hjelp for fleire, men ekspert åtvarar.

 Privat
MEIR TID: Line Bråten (28) har to små barn og eit tredje på veg. Ho kjente det var vanskeleg å få kvardagen til å gå rundt, og tok nokre grep. Foto: Privat

Publisert 25.09.2024 23:25

– Jobb er ein viktig del av livet mitt, men familien min kjem først, seier 28 år gamle Line Bråten. 

Heime i Tønsberg har småbarnsmora ein travel kvardag, med to små barn og eit tredje på veg. 

Sidan ho var ferdig utdanna som tannpleiar i 2019, har ho jobba fulltid, men kjente tida ikkje strakk heilt til. 

I mai i år tok ho difor et val ho ikkje har angra på. 

 Privat
SMÅBARNSLIV: Bråten seier ho har lyst å vere meir tilstades for barna sine medan dei er små. Foto: Privat

– Denne løysinga gjer at eg har overskot og motivasjon på jobb i tillegg til at eg får tid til å følge opp døtrene mine, seier Bråten. 

Føretrekker deltid 

Då småbarnsmora og familien bestemte seg for å selje leilegheita i Oslo og flytte til Tønsberg, ønska Bråten seg aller helst ei stilling på 80 prosent. 

Ho seier ho var open for å jobbe både meir og mindre enn det om ho måtte, men følte seg heldig då ho kunne takke ja til ei 80-prosent stilling som sjølvstendig næringsdrivande tannpleiar.

 Privat
SUNN: Bråten brukar mykje tid på kjøkkenet. Ho synest det er viktig å lage sunn og næringsrik mat, i alle fall dei fleste dagane i veka. Foto: Privat

– Tidlegare har eg tenkt at 24 timar i eit døgn er for lite. No følast det akkurat passe og det er ei god kjensle, seier Bråten. 

Ho seier det er viktig for henne å vere meir til stades for borna. 

– For meg er det viktig å kjenne på energioverskot i kvardagen. No kjenner eg at tida strekk til, seier ho. 

Høgt sjukefråvær

Trass at antal heiltidstilsette har auka siste åra, er det framleis rundt 20.5 prosent av lønstakarane i alderen 20–64 år som jobbar deltid.

Det viser tal frå SSB frå 2023. 

Samstundes ser ein at sjukefråværet går opp. I andre kvartal kunne Nav vise til det høgste sjukefråværet Noreg har sett på 15 år. 

 Gorm Kallestad / NTB
AUKAR: Sjukefråvêret har auka siste åra, viser tal frå Nav. Foto: Gorm Kallestad / NTB

Heile 30 prosent av sjukefråværet blant unge i alderen 25–29 år, skuldast psykiske lidingar.

Arbeidslivsforskar på Sintef, Solveig Osborg Ose, seier dei ser tydeleg at det er dei yngste arbeidstakarane som slit mest i arbeidslivet. 

– Det trur eg handlar om mange ting, men også at det tar tid å bli trygg i ein jobb, slik at vi kan handtere alt av stress og usikkerheit ein jobb medfører, seier ho. 

Åtvarar

Osborg Ose vil likevel åtvare mot å velje deltid framfor heiltid, dersom ein ikkje har gode grunnar til det.

– Å jobbe deltid når ein er ung og sterk og hadde klart å jobbe heiltid, er ikkje nokon god idé, seier Ose Berg. 

– Det vil ta lenger tid å handtere jobben. I tillegg er det fare for at unge som startar i deltid, venner seg til å jobbe redusert med redusert løn og dermed blir i denne stillingsprosenten.

I tillegg til at det er meir samfunnsøkonomisk om flest mogleg jobbar heiltid, meiner ho det kan gå utover den enkelte si pensjonssparing. 

– Dei som jobbar lite vil få låg pensjon, og vil dermed vere økonomisk avhengig av partnar som jobbar heiltid. 

 PRIVAT
Bråten er også illustratør, og ho sel barnebilder. Førre mammaperm laga ho denne boka til dottera. Foto: PRIVAT

Må tenke nytt

Line Bråten angrar ikkje på valet ho har tatt. For å tene inn igjen det ho tapar økonomisk, deler ho videoar på tiktok som ho meiner kan vere morosame og relaterbare for andre mødrer. 

Ho har 20.000 følgjarar, og på fleire av videoane kommenterer andre kvinner at også dei vil jobbe deltid for å vere meir heime med barna.

Bråten meiner det er viktig at alle finn ein balanse som fungerer for seg sjølv og for samfunnet, og viser mellom anna til sjukefråværet som har gått opp.

– Eg trur vi må tenke nytt når det gjeld arbeidslivet, spesielt for småbarnsforeldre. Eg trur ikkje det er berekraftig for samfunnet å presse folk til å jobbe fulltid dersom det ikkje passar for dei, seier Bråten. 

Ho trur meir rom for deltidsarbeid, kan vere eitt grep for å få ned sjukefråværet.

– Ved å tilby fleire deltidsstillingar kan vi kanskje unngå at folk går på veggen og heller får eit betre balansert liv, meiner Bråten. 

Read Entire Article