CS-sjokk: Spelarar har opplevd verdifall på nær 2 milliardar

4 hours ago 1



Endringar i korleis spelarar kan skaffe sjeldne knivar og hanskar har ført til eit verdifall på over 1,75 milliardar dollar.

Den 22. oktober lanserte Valve ei større oppdatering til det populære skytespelet Counter-Strike 2.

  • Gamer.no skreiv om saka først her i Noreg

Det er endringane i det såkalla Trade Up Contract-systemet som har fått størst merksemd.

For dei som ikkje spelar slike dataspel til vanleg:

  • Gjennom ei årrekke har det vore stor omsetning av enkelt-element i dataspelet Counter Strike
  • Omsetninga skjer på «børsar» som til dømes Steam, men det er eigarselskapet Valve som har kontrollen
  • Det er den enkelte spelaren som kan velgje å bruke ekte pengar på å kjøpe til dømes ein kniv eller eit anna våpen
  • Særleg etter at det blei opna for spel i Kina, har verdien på fleire av desse gjenstandane gått svært høgt opp

Kraftig verdifall

Frå no av kan spelarar bytte inn fem gjenstandar for å få ein garantert kniv eller eit par hanskar tidlegare berre tilgjengelege gjennom sjeldne dropp eller dyre transaksjonar på marknaden.

Ifølgje Esports Insider har dette ført til eit verdifall på over 15 prosent i delar av CS2-skins-marknaden.

I CS2 er skins kosmetiske design som endrar utsjånaden på våpen og utstyr i spelet, frå skytevåpen til knivar og hanskar.

Kor mykje det reelle tapet blir for kvar enkelt spelar kan bli, er uvisst.

Nokon har alt tatt store tap sidan dei har investert i til dømes knivar som no har mista nær all verdi.

Ekspertar på området reknar med eit totalt verditap på mellom 1 milliard og 2 milliardar dollar.

Børskrakk i CS2

Kurvene peiker nedover for ei rekke produkt hos til dømes Steam.

Foto: Skjermdump Steam

Vil ha vekk spekulasjon

– Dette er ei stor endring, og mange samlarar opplever no at verdien på dei mest sjeldne gjenstandane har stupt.

Det skriv journalist Daryl Baxter i Esports Insider.

Samstundes meiner han at oppdateringa kan vere eit steg mot å gjere spelet meir tilgjengeleg for vanlege spelarar.

Valve har tidlegare uttrykt skepsis til at kosmetiske gjenstandar skal bli investeringsobjekt.

I staden ønskjer selskapet at spel skal vere til glede og underhaldning, ikkje spekulasjon.

Delte reaksjonar

På sosiale medium har reaksjonane vore delte.

Nokre samlarar uttrykkjer frustrasjon, medan andre spelarar jublar over at dei no har større sjanse til å få tak i ettertrakta gjenstandar utan å måtte bruke store summar.

– Skins har vore ein distraksjon i mange kampar, skriv ein brukar på Reddit, og meiner oppdateringa kan bidra til å setje fokus tilbake på sjølve spelet.

Det er førebels uklart korleis marknaden vil utvikle seg vidare, men mykje tyder på at Valve vil halde fram med å justere systemet for kosmetiske gjenstandar i tida som kjem.

Publisert 24.10.2025, kl. 11.09 Oppdatert 24.10.2025, kl. 11.54

Read Entire Article