Canada, Storbritannia og Australia anerkjenner Palestina som stat

1 week ago 14



– Canada anerkjenner staten Palestina og tilbyr vårt partnarskap i å bygge eit fredfullt framtidshåp for både staten Palestina og staten Israel, skriv den kanadiske statsministeren Mark Carney i ei utsegn på X.

Det melder Reuters.

Også Australia og Storbritannia har sundag anerkjent Palestina som ein eigen stat.

– Håpet om ei tostatsløysing er i ferd med å bleikne, men vi kan ikkje la det lyset sløkke, seier den britiske statsministeren, Keir Starmer i ein video på X.

Han legg til at landet samstundes som anerkjenninga har gitt ordre om å førebu sanksjonar mot fleire Hamas-leiarar i vekene som kjem.

Ifølge The Guardian har anerkjenninga frå Storbritannia stor symbolsk vekt, ettersom landet spelte ei nøkkelrolle i opprettinga av Israel som moderne stat etter andre verdskrig, og sidan har vore ein nær alliert.

Sundagens anerkjenning fører seg inn i rekka av fleire vestlege land som har valt å anerkjenne Palestina og støtte ei tostatsløysing mellom Israel og Palestina.

Noreg anerkjende Palestina våren 2024, saman med fleire europeiske land.

Read Entire Article