– Nå ryddar vi opp i økonomien i Bergen, sa finansbyråd Jacob Mæhle (H) då han onsdag la fram byrådet sitt forslag til bybudsjett for 2026.
Høgre, Framstegspartiet og Senterpartiet føreslår utgiftskutt og effektiviseringar på totalt 400 millionar kroner samanlikna med 2025.
I tillegg droppar dei 800 millionar i investeringar.
– Vi har ikkje fått den statlege draghjelpa vi skulle ønske oss. Då må vi ta eit enda større tak sjølv, seier han.
– Vi jobbar nå smartare, meir effektivt og på andre måtar, seier finansbyråd Jacob Mæhle.
Foto: Oskar Rennedal / NRKFrå underskot til overskot
Budsjettet er på over 30 milliardar kroner. Samla sett har det eit overskot på 123 millionar kroner.
Byrådsleiar Christine B. Meyer (H) er stolt.
– Den store nyheita i dag er at vi legg fram eit budsjett i balanse, med eit lite overskot. Vi har gjort ein formidabel jobb. Men vi er ikkje ferdige med omstillinga, seier ho.
Med nokre auka utgifter på andre felt, blir dei samla innsparingane i budsjettet 330 millionar kroner.
Mæhle påpeiker at dermed har byrådet til saman kutta årlege utgifter med 800 millionar kroner sidan dei tok over makta i 2023.
Vel å merke dersom bystyret vedtar dette budsjettforslaget.
– Gjer liva vanskelegare
Opposisjonspartia meiner at kutta i drifta og investeringar har ein uakseptabel kostnad for innbyggarane.
– Byrådet legg opp til å gjere liva vanskelegare for dei som allereie har det krevjande i byen vår og treng fellesskapen aller mest, seier Linn Kristin Engø (Ap).
– Vi frykta det verste og fekk oppfylt bekymringane vi hadde i forkant, seier gruppeleiar i Ap Linn Kristin Engø.
Foto: Oskar Rennedal / NRKIngen skular er foreslått nedlagde, men Engø er ikkje nøgd.
– Det blir kutta massivt i tenester til barn og unge, til huslause og rusavhengige, og i integrering av innvandrarar og flyktningar. Det kan Bergen ende opp med å betale dyrt for om nokre år, meiner ho.
Både Ap, SV, MDG og Raudt meiner auka eigedomsskatt kunne løyst mykje.
– Dei kommunale tenestene blir demonterte frå innsida, seier gruppeleiar Mikkel Grüner i SV.
– Om vi hadde hatt ein meir omfordelande sosial modell på eigedomsskatten i fjor, hadde det vore 300 millionar kroner meir i kassa i år.
Mikkel Grüner i Bergen SV.
Foto: Oskar Rennedal / NRK– Det er enorme kutt innanfor barnehage og skole som verkar for oss heilt urealistiske, meiner gruppeleiar Thor Haakon Bakke i MDG.
Han meiner også at byrådet manglar ein klimapolitikk.
Mailiss Solheim-Åkerblom i Raudt meiner byrådet skubbar rekninga over på fattige, born og unge og andre sårbare grupper.
– Stadig fleire barn og unge slit med psykisk uhelse og utanforskap. Då er ikkje løysinga å kutte i talet på skuletilsette, legge ned barnehagar, utsette utvidinga av rask psykisk helsehjelp, og fortsette å kutte i barnevernet, seier ho.
Bergen bystyre skal vedta budsjettet for 2026 før jul.
Foto: Oskar Rennedal / NRKKuttar investeringar, ikkje formuesskatt
I tillegg til kutt i kommunal drift vil byrådet droppe 12 investeringar på til saman 779 millionar i barnehage.
Det største prosjektet som bli fjerna, er Haugatun barnehage til 110 millionar kroner.
Også utbyggingar på Haukedalen skule, Minde skule og seks sosiale bustadprosjekt er ute av budsjettet.
I tillegg blir 16 andre investeringar reduserte eller utsette.
Byrådet legg heller ikkje i 2026 opp til kutt i eigedomsskatten, som Høgre lova i valkampen i 2023.
– Med dette budsjettet viser vi at vi har fått hovudet over vatn. Då må vi begynne å sjå på korleis vi kan innfri dei andre valløfta våre, seier Mæhle.
Finansbyråden avviser uansett å auke eigedomsskatten.
– Vi har vist at det er mogleg å snu kommuneøkonomien utan å krevje enda meir av pengane til bergensarane, seier han.
– Opposisjonspartia går fullstendig på autopilot. Uavhengig av om vi går med overskot eller underskot, er deira svar «meir eigedomsskatt», meiner Mæhle.
Foto: NRKMeyer: – Veldig sosialt
Byrådsleiaren avviser skuldingane om usosiale kutt.
– Vi ser jo nå at færre flyktningar kjem til Bergen. Då må vi redusere aktiviteten og utgiftene. Vi held sosialhjelpssatsane på fjorårsnivå. Og det blir mykje meir pengar til psykisk helse og rusomsorg.
Ho viser til at Bergen kommune brukar over 2000 kroner meir per innbyggar enn gjennomsnittskommunen i Noreg.
– Eg meiner dette faktisk er eit veldig sosialt budsjett. Vi prioriterer dei mest sårbare og dei som treng Bergen kommune aller mest, seier Meyer.
Byrådet budsjetterte med eit underskot på 266 millionar kroner for Bergen i 2025. Nå forventar dei at kommunen heller går 71 millionar kroner i overskot ved utgangen av året.
Trond Tystad lovar at Bergenslisten vil stemme for 2026-budsjettet, men vil forhandle først.
Foto: Oskar Rennedal / NRKBryggen-nei gir budsjett-ja
Høgre-byrådet er avhengig av fleire støtteparti i bystyret for å ha eit fleirtal bak seg.
Trond Tystad i Bergenslisten seier han kjem til å støtte budsjettet så lenge byrådet jobbar for å bygge Bybanen vekke frå Bryggen.
I budsjettet er det foreslått å fortsetja arbeidet med reguleringsplanen.
– Når dei seier full fart på reguleringsplan for bybanetunnelen og å oppheve planen for Bybanen via Bryggen, er vi fornøgde, seier han.
Publisert 22.10.2025, kl. 20.16