Samanstøyten skjedde i lyskrysset på Fjøsangerveien ved Bystasjonen i Bergen sentrum.
– Det er ikkje meldt om personskadar, opplyser Stein Rune Øyjordsbakken Halleraker i Vest politidistrikt.
Feltet i retning Bergen sentrum er stengt, og vil truleg halde stengt ei god stund.
– Det er store utfordringar med trafikken, og vi forventar det vil vere slik i fleire timar, seier innsatsleiar i Vest politidistrikt, Frank Listøl.
Ifølge bergingsmannskap på staden vil bybanen og personbil bli ståande ein stund på grunn av komplisert berging, melder Halleraker.
Alle naudetatane rykte umiddelbart ut til staden, og Bybanen blei raskt tømt.
Bybanen har fått seg ein støyt etter hendinga tysdag føremiddag.
Foto: Arne Frank Solheim / NRKDet skal vere ein del materielle skader på staden.
– Føraren i bilen er bortimot fysisk uskadd, men prega, seier Listøl.
Ingen fotgjengarar eller passasjerar på Bybanen skal vere skadde.
Politiet er no i dialog med førar av bilen og førar av bybana for å finne ut kva som har skjedd.
– Vi er ikkje sikre på kva som har skjedd her, men det er mogleg at nokon har køyrd på raudt lys, seier innsatsleiar Listøl.
Det blir oppretta sak på hendinga og bilføraren sitt førarkort er midlertidig beslaglagt.
Publisert 02.09.2025, kl. 10.41 Oppdatert 02.09.2025, kl. 10.52