Buss med elevar køyrde utfor vegen i Alver

4 days ago 7



Klokka 15.45 vart det meldt at ein buss med skuleelevar hadde køyrd av vegen ved Risasjøen i Alver kommune.

– Opplyst fare for at den kan velte. Naudetatane er no framme og jobbar med å evakuere bussen, melder operasjonsleiar Dan Erik Johannessen i Vest politidistrikt like før klokka 16.

Så opplyser 110-sentralen til NRK at det ikkje er dramatisk, men at bussen står skeivt til på vegskuldra og døra går ikkje opp.

– Det er 10-15 personar om bord som sit trygt, seier vaktleiar Sharooz Lahooti.

Klokka 16.06 melder politiet at alle er ute av bussen og at ingen er skadde.

Read Entire Article