KRONIKK: Vi såg nyleg diktator-trioen side om side i den kinesiske hovudstaden Beijing. Då Xi Jinping viste fram den militære makta si, hadde han invitert to nære vener.
Johannes Morken
Redaktør, Stefanusalliansen
Publisert: Publisert:
Nå nettopp
Debatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetskontrollert av Aftenbladets debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.
På hans venstre side såg vi Nord-Koreas diktator Kim Jong-un. Ifølgje ein fersk FN-rapport som norske media – med eit par små unntak – ikkje har brydd seg om, har Kim dei siste åra utvida bruken av dødsstraff. Han avrettar folk for å skremma. Sjølv det å sjå på utanlandsk fjernsyn kan no enda opp framfor ein eksekusjonspelotong på eit by-torg.
I Nord-Korea er diktaturet sin eigen religion. Å ta imot impulsar frå verda utanfor er ein farleg trussel. I Nord-Korea hamnar folk i fangeleirar, og til og med i døden for å ha ein bibel.
Kinas guddom er Xi
I Kina er det Xi som er guddom. Han er også besett av å kjempa mot «trugsmål mot nasjonal tryggleik».
Den amerikanske kommisjonen for internasjonal trusfridom (USCIRF) dokumenterer i ein fersk rapport at Xi Jinping med hardare og hardare middel forfølgjer «ulydige» religiøse leiarar. Muslimske leiarar, tibetanske buddhistmunkar, protestantiske prestar og katolske biskopar blir stilte på val: Enten blir dei med i statskontrollerte trussamfunn. Eller dei risikerer sviande bøter, arrestasjon, forsvinning, tvangsarbeid, tortur eller fengsel.
Fleire pastorar for uregistrerte protestantiske kyrkjer er fengsla etter at dei har nekta å bli med i den registrerte og statskontrollerte Tre-sjølv-kyrkja. Pastor Yang Rongli i Linfen i Shanxi er dømd til 15 års fengsel, og fleire andre i kyrkja hans er også fengsla. Det store kyrkjebygget til Golden Lampstand (Gylne Lysestake) vart lagt i grus i januar 2018. Det var eit varsel. 2018 markerte eit dramatisk vendepunkt med stenging av store uregistrerte kyrkjer og fengsling av pastorar.
Også katolske prestar og biskopar er under forfølging. Den katolske undergrunnsbiskopen Peter Shao Zhumin fekk nyleg ei bot tilsvarande nesten 300 000 kroner. Årsak: I romjula i fjor heldt han utandørs messe for eit par hundre. Shao har vore arrestert fleire gonger – i år fordi han ikkje betalte bota. I juli kom rapportar om at regimet hadde arrestert fleire frå kyrkja hans i eit forsøk på å pressa Shao til å stilla seg under statens kontroll, ifølgje USCIRF.
96-åring døydde i fengsel
Dette er livet under Xi Jinping. For ordens skuld: USCIRF er samansett av folk frå båe sider i det politiske USA og er ikkje eit talerøyr for president eller utanriksminister. Tvert imot: Kommisjonærane plagar ofte den politiske leiinga i arbeidet for trusfridom.
I Xinjiang der Kina har forfølgt uigurar og andre minoritetar så brutalt at USA og fleire andre land har karakterisert det som folkemord, er også mange imamar fengsla. I februar i fjor døydde ein 96 år gammal uigur-imam medan han sona ein dom på ni år. Xi-regimet skulda imamen, som hadde hatt unge til opplæring, for religiøs ekstremisme.
«Ekstremisme» eit trumfkort i forfølging. Ja, væpna uigur-grupper har utført terror. Men 96-åringen som døydde var ikkje blant terroristane. Det er heller ikkje dei mange kvinnelege religiøse leiarane som er bura inne i Xinjiang. Tursungul Ghopur kjempar med ein dom på 14 år og 11 månaders fengsel. Langt over ein million menneske som har vore sperra inne i leirar, er heller ikkje terroristar.
Putin drep og fengslar pastorar
Tredjemann i Beijing var Vladimir Putin. Han har innført lover som gjer kritikken av krigen og hæren nærast til ei form for blasfemi, med lange fengselsstraffer.
I okkuperte område i Ukraina arresterer okkupasjonsstyrkane også pastorar og prestar som ikkje vil innordna seg «heilage Russland». Minst 69 prestar og pastorar er så langt drepne.
Putin driv hardkøyr også heime i Russland. For ikkje lenge sidan kom meldinga om at ein pastor i ei russisk pinsekyrkje er dømd til fire års fengsel fordi han har kritisert krigen. Pastor Nikolay Romanyuk var den første som, på religiøst grunnlag, blei dømt for å ha truga Russlands nasjonale tryggleik etter å ha kritisert krigen.
I ei preike i september 2022 sa Romanyuk at han ikkje ville velsigna dei som drog i krigen. Men han ville be om at krigsfangar blei redda. Ifølgje dommaren var preika eit forsøk frå pastoren på å motarbeida den delvise mobiliseringa Putin hadde utlyst få dagar tidlegare.
Ein helseplaga 63-åring som alt har vore bura inne i eitt år, er altså ein trussel mot Russlands vaklande nasjonale tryggleik. Pastoren sa i retten at han ikkje trekte tilbake noko av det han hadde sagt.
Han er ein modig mann.
Dette skjer i eit land der patriark Kirill, leiaren av den russiskortodokse kyrkja, har lovd evig liv og martyrium til soldatane som kjem heim frå Ukraina i ei kiste.
Han er ein fanatisk vranglærar.
Dei har meir felles, dei tre i Beijing. Kim og Xi støttar på kvar sitt vis Putin i krigen. Og Kina og Russland held oppe juntaen i Myanmar. Ein fersk FN-rapport viser brotsverka. Eitt av dei er at barn mellom to og 17 år blir brukte som gislar når juntaen jaktar foreldra for å ha ytt motstand.
Dei tre diktatorane på parade i Beijing viser oss den verda vi ikkje vil ha.
Publisert:
Publisert: 19. oktober 2025 16:00