Brussel krev Førdefjord-svar: – Går maskinene framleis?

1 day ago 1



Klokka tikkar medan norske styresmakter kjempar ein tofrontskrig for å halde fram med gruvedrifta ved Førdefjorden.

Fredag fekk regjeringa brev frå EFTAs overvakingsorgan (ESA), der dei spør om det er hald i reportasjane om at drifta held fram som normalt ved Førdefjorden – sjølv om Høgsterett konkluderte med at utsleppsløyva ikkje var gyldige.

Dei ber derfor regjeringa forklare kvifor verksemda tilsynelatande held fram, og etterspør svar på om dette har eit lovleg grunnlag.

Til slutt legg dei til at dei forventar eit raskt svar.

Overvakingsorganet ESA krev svar på om Nordic Mining framleis dumpar gruveavfall i Førdefjorden. Regjeringa har fått frist til 3. juli med å forklare det juridiske grunnlaget etter Høgsterett-tapet.

Foto: Håvard Nyhus / NRK

Allereie i april tok overvakingsorganet ESA det første steget i ein offisiell juridisk prosess mot Noreg. I eit brev til regjeringa slo dei fast at sjødeponiet i Førdefjorden bryt med EØS-reglane.

Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen seier til NRK at han er «oppteken av å følgje opp dommen på ein skikkeleg måte», og at Brussel skal få svar innan 3. juli.

– Dommen krev først og fremst at staten må vurdere saka på nytt, seier han.

Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.

– Nøyaktig korleis dommen skal følgjast opp, og kva konsekvensar han får på kort og lang sikt, er det vi vurderer nå. Vi vil gjere desse vurderingane så raskt som mogleg, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap).

Foto: Krister Sørbø / NRK

– Leiter med lys og lykter for å finne unnskyldningar

Medan Brussel ventar, aukar også presset på heimebane. Budsjettpartnar SV meiner regjeringa gambla på at Høgsterett ville ile dei til unnsetning, men at dei forrekna seg.

I eit skriftleg spørsmål til utanriksminister Espen Barth Eide spør Lars Haltbrekken (SV) kor lenge regjeringa kan leve med «eit løpande brot på EØS-avtalen» og kva dei vil føreta seg for å kome på rett side av lova.

– Er ikkje dette klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen sitt bord?

– Han driv eit desperat arbeid og leiter med lys og lykter for å finne unnskyldningar til å ikkje trekkje utsleppstillatinga. Då må utanriksministeren og statsministeren gripe inn, seier Haltbrekken.

Marius Dalin i MDG krev også at regjeringa snarast må justere kursen i samsvar med europeisk lovverk.

– Vi forventar at styresmaktene følgjer opp dommen og trekkjer tilbake utsleppsløyvet i påvente av ei ny handsaming. Dersom det ikkje skjer, opptrer Noreg i strid med EØS-avtalen.

Lars Haltbrekken, SV-nestleder.

– Regjeringa må umiddelbart trekkje tilbake tillatinga gruveselskapet har fått til å bruke Førdefjorden som søppelplass for sitt avfall, seier Lars Haltbrekken i SV.

Foto: Eirik Pessl-Kleiven / NRK

Søkjer om kriseløysing

Laurdag vart det kjent at gruveselskapet har sendt inn ein søknad til Klima- og miljødepartementet om ei midlertidig utsleppstillating.

– Sjølv om aktivitetane på Engebø fortset som normalt, er det viktig å etablere klare vilkår for framtidig drift, seier Finn Ivar Marum, administrerande direktør i Nordic Mining i ei offisiell uttale.

Han presiserer at selskapet ikkje var part i saka, som gjekk mellom staten og fleire miljøorganisasjonar. Sidan gruveselskapet ikkje er part i søksmålet, har heller ikkje dommen rettskraft overfor sjølve selskapet.

  • Sist veke vart G7-landene samde om eit nytt samarbeid for å redusere avhengigheita av mineral frå Kina. Ifølgje regjeringa er rutilforekomstane i Engebøfjellet ein nykkelressurs i denne råvarekampen.

    Sist veke vart G7-landene samde om eit nytt samarbeid for å redusere avhengigheita av mineral frå Kina. Ifølgje regjeringa er rutilforekomstane i Engebøfjellet ein nykkelressurs i denne råvarekampen.

    Foto: AFP
  • Nordic Mining

    For å hente ut minerala må gruveselskapet handtere enorme mengder overskotsmassar. Planen har vore å deponere opptil 170 milliardar tonn gruveavfall i fjorden.

    Foto: Nordic Mining
  • Nordic Mining har brukt rundt tre milliardar kroner på å bygge opp prosjektet mellom 2021 og 2025. I fjor omsatte dei for 4,8 milliardar kroner, med eit underskot på rundt 430 milliardar.

    Nordic Mining har brukt rundt tre milliardar kroner på å bygge opp prosjektet mellom 2021 og 2025. I fjor omsatte dei for 4,8 milliardar kroner, med eit underskot på rundt 430 milliardar.

    Foto: Nils Ole Refvik / NRK
  • Hav og sjø, og nokon som dykker i den.

    Regjeringa lova Brussel svar «utan unødig opphald» så snart Førdefjord-dommen fall, men framleis er det tyst frå departementet.

    Foto: Eli Bjelland / NRK
  •  Marit Hommedal / NTB

    Kampen for å vidareføre den strategisk viktige mineralutvinninga i Engebøfjellet set regjeringa under sterkt press. Ifølgje regjeringa er rutilforekomstane ein norsk nykkelressurs i Europas råvarekamp.

Næringspolitisk talsmann for Høgre, Bård Ludvig Thorheim, understrekar at gruveselskapet ikkje har gjort noko gale.

– Det er grunngivinga til styresmaktene frå 2016 som ikkje heldt mål etter EØS-retten. Dei la for stor vekt på ordinære økonomiske omsyn og for lita vekt på det som burde vore hovudargumentet: forsyningssikkerheit for strategiske råvarer.

Bård Ludvig Thorheim

– Eg forventar no at regjeringa behandlar nye tillatingar raskt og med rett grunngiving.

Foto: William Jobling / NRK

– Gamblar med industri, arbeidsplassar og forsyningssikkerheit

Dommen i Høgsterett opnar for at nye tillatingar kan gjevast på rett grunnlag, og at omsynet til forsyningssikkerheit kan vere eit tvingande allment omsyn etter vassdirektivet.

Ifølgje Thorheim er løysinga difor både enkel og klar: Regjeringa må skunde seg tilbake til teiknebrettet og kome opp med ei grunngiving for framleis drift som held.

Han viser til at gruva er bygd, at 125 menneske er i arbeid, og at prosjektet er av strategisk betydning for norsk og europeisk industri.

– Kvart kvartal utan ei avklaring er eit kvartal vi gamblar med framtidsretta industri, arbeidsplassar og forsyningssikkerheit.

Publisert 22.06.2026, kl. 17.22

Read Entire Article