Bruker nye metodar for å lande drøymejobb: – Det er skummelt å søke

1 month ago 27



– Eg har byrja å jobbe med søknaden. Men eg har komme til det punkt at eg er såpass redd for å ikkje få jobben at eg nesten ikkje har lyst til å sende han, fortel Eivind Eide Wirak.

Vi møter 27-åringen i heimbyen Grimstad der han er på sommarferie. Til hausten står Bergen for tur, og forhåpentlegvis kan han reise med ein nysignert jobbkontrakt i kofferten.

I håp om å skilje seg ut blant potensielt mange andre søkarar har han valt å ta i bruk andre metodar enn berre ein klassisk søknad.

– Eg har pimpa opp kontoane mine på sosiale medium. Eg reknar med at arbeidsgjevar vil sjekke meg ut der etter at dei har fått søknaden.

Det å skulle få fram kven du er på ei A4-side tykkjer han er vanskeleg. Difor tenkte han at ein video var smart:

Kampen om plassen

Arbeidsløysa i Noreg har gått opp det siste året, ifølgje SSB.

I juni var arbeidsløysa på 4,1 prosent. Nærare sagt leitar 124.000 arbeidsledige etter jobb.

For å strø salt i såret er det berre 1 av 10 bedrifter som ventar å auke sysselsettinga i år, viser Nav si bedriftsundersøking for 2024.

Synes du det er krevende å søke jobb?

Så, er det lurt å vere litt kreativ for å skilje seg ut i mengda av jobbsøkarar?

– Det er vanskeleg å seie. Men personleg likar eg at folk er kreative.

Det seier Renè Brunsvik. Han har i ei årrekke jobba som karrierettleiar og har dei siste 15 åra drive nettstaden CV-nerden.

Han trur ein god del arbeidsgjevarar likar at folk byr på seg sjølv for å skilje seg ut. Men det kjem an på kva slags jobb du søker.

– Nokon vil elske det, og andre vil ønske seg den vanlege varianten.

René Brunsvik som skriver nettstedet CV-nerden

Brunsvik står bak nettstaden CV-nerden.no som vert besøkt av fleire 100.000 årleg.

Foto: privat

Men det er ikkje umogleg å få seg jobb trass i nedgangstider. I første kvartal i år var det over 117.000 ledige stillingar i Noreg, ifølgje SSB.

Kan bli for mykje

– Berre ikkje start søknaden med feil arbeidsplass i alle fall. Det har eg også opplevd, fortel HR-leiar i Kristiansand Dyrepark, Kristine Warp.

Dyreparken tilset over 1000 personar før sommarsesongen, og har difor god erfaring med å lese over søknader.

Her kan også jobbsøkaren legge ved ein video i søknaden sin, og det kan vere ein effektivt metode for å skilje seg ut.

Kristine Warp, HR-leder i Dyreparken i Kristiansand

Kristine Wrap seier også det er lurt å lese deg opp på bedrifta før du sender inn søknad og møter opp på intervju.

Foto: Victoria Marie Nordahl / NRK

– Nokon trivst med å gjere litt ekstra ut av det. Det blir lagt merke til, men pass på at du ikkje er så kreativ at du misser innhaldet i søknaden.

Warp seier det viktigaste for dei er at du viser engasjement og motivasjon når du søker på ein jobb. Ikkje nødvendigvis kor kreativ du er eller om du sjekkar av på alle boksane annonsen spør etter.

– Pass på at du har den formelle kompetansen som krevst. Men alle personlege eigenskapar, kurs eller program som etterspør, treng du som regel ikkje å sjekke av på alle boksane for å kunne søke på.

Få som tør

Tilbake i Grimstad vil ikkje Wirak seie kva slags jobb han skal søke på, med mindre han får den.

Men han røper at det har med sosiale medium og historieforteljing å gjere.

Sjølv om han tykkjer det er skummelt å søke, skal han gjere det.

Er du usikker på om du er typen til å gjere noko i same duren som Wirak har gjort for å lande drøymejobben, har han ein ting å seie:

– Det som er så sjukt gøy med dette lille landet vi lever i er at det er så få som torer å vise seg frå ei litt annleis, kreativ og morosam side.

Han fortel at det han har lagt ut til no har resultert i fleire tusen visningar på sosiale medium.

– Du treng jo ikkje mange visningar for å vise deg fram til den eine personen du prøver å treffe.

Eivind Wirak viser frem videoen han har lagt til sosiale medier for å få drømmejobben.

Foto: Victoria Marie Nordahl / NRK

Dette bør du gjere når du søker jobb

Kor lang skal ein jobbsøknad vere, og kva har du på deg i eit intervju? Her får du alle tipsa du treng før du skal søke ein jobb.

Ein skal ikkje skrive for langt, og ikkje for kort. Kanskje bruke litt humor, men ikkje skryte for mykje.

Det er nok å tenke på når du skal søke på ein jobb.

Men nokre av spelereglane har du kanskje lært før, viss du har vore på Tinder.

– Du skal rett og slett prøve å få arbeidsgjevaren til å ville møte deg. Som ein slags date, seier karriererettleiar Brunsvik.

NRK har samla nokre av tipsa hans i denne artikkelen:

CV – ikkje eit faktadokument

Det aller viktigaste å tenke på når ein skriv ein CV, er at dette ikkje berre er eit faktadokument, ifølge Brunsvik.

– Det er eit marknadsføringsdokument. Det skal eigentleg vere eit lite reklameark.

Han ber deg tenke at arbeidsgjevar har sju sekund på å sjå på CV-en din.

Vel ut det du trur gir deg størst sjanse for å få jobben, og plassèr det synleg.

– Dei studerer ikkje CV-en din i ein time, sjølv om du har jobba med han i ti timar.

Skal ein droppe at ein har vore elevrådsleiar og andre småting?

– Ein skal ikkje ta bort alt fine krydder ein har gjort i livet sitt. Men det er verd å tenke over kva trur du er viktigast for akkurat denne jobben. Er det veldig viktig at du har som hobby å spele i korps?

Legg du ved bilete bør du unngå dette:

  • Strandbilete
  • Festbilete
  • Typiske sosiale medium-bilete
  • Ikkje vore for stiv
  • Ikkje passbilete

Søknad – ver deg sjølv

Ikkje bruk eit for formelt språk i søknaden din, rår Brunsvik.

– Mange tenker: «No må eg vere veldig profesjonell, og vise at eg er ordentleg».

Men Brunsvik meiner det beste er å bruke eit språk ein elles også ville ha brukt. Samtidig må ein vise at ein er motivert for jobben.

Ein bør også få fram følgande i ein jobbsøknad:

  • At du kjem til å klare jobben
  • At du passar inn hos dei
  • Gjer søknaden levande og meir personleg

Og så må du ikkje gløyme arbeidsgjevar oppi dette her. Det er den vanlegaste fallgruva, ifølge Brunsvik.

– Det er så lett å berre skrive om deg sjølv. Det er eit veldig vanleg instinkt. Men nesten halvparten av søknaden burde handle om arbeidsgjevar.

Skal ein skryte?

– Det er ein veldig fin balansegang. Den personlege erfaringa mi er at du kan skryte, men ta med deg dei andre.

«Eg er utruleg stolt av jobben eg gjorde der. Men utan teamet rundt oss hadde det ikkje gått»

– Men den motsette skrytinga, å sette seg sjølv over andre, det fungerer som regel dårleg.

«Eg var den klart beste på jobben min. Dei andre fekk det ikkje til».

Korleis bruke humor?

Du kan bruke humor, men det kan vere risikabelt.

Forstår mottakaren humoren kan det bli veldig bra, ifølgje Brunsvik.

– Å bruke humor som eit ledd for å vere meir personleg, litt nær og varm har eg trua på.

Derfor får du ikke jobben

Foto: Ida Laingen

Intervju – leit etter kjemi

– Ver deg sjølv når du er på jobbintervju, seier karriererettleiar Brunsvik.

Og er du nervøs, er ikkje det verdas undergang.

– Arbeidsgjevarar eg snakkar med synest nervøsitet kan vere fint. Det betyr at jobben betyr noko.

Nervøs eller ei, prøv å få ein bra kjemi med den eller dei som intervjuar deg.

Akkurat som du ville gjort på ein første date.

Før eit intervju bør ein lese seg opp på selskapet du søker jobb hos. Les også stillingsannonsen nøye.

Det kan også vere lurt å øve på spørsmåla du trur kjem.

– Veldig mange stiller spørsmål om kvifor dei har søkt jobb hos oss. Mange kjem til å spørje om sterke sider og svake sider.

Og ikkje fortel om ein styrke forkledd som ei svakheit, oppfordrar Brunsvik. Til dømes:

Eg jobbar litt for hardt, dessverre. Eg tek alltid med meg jobben heim. Eg er dessverre litt for nøyaktig.

– Mange arbeidsgjevarar stiller spørsmål om svake sider for å sjå kor sjølvreflektert du er. Ver ærleg, seier Brunsvik.

Døme:

Viss det blir litt mykje å gjere på ein gong kan eg miste oversikt og bli stressa. Men det er eg klar over og jobbar med saka.

Kva skal ein ha på seg?

Så er det store, vanskelege spørsmålet. Kva skal ein ha på seg under eit jobbintervju?

Her kom svaret raskt: Kle deg litt fint, eller «slightly overdressed» som mange kallar det.

– Men ein må ikkje komme i dress, og du blir nok tilgitt dersom du kler deg litt feil.

Viss du har moglegheit kan du sjekke ut kva dei andre som jobbar der har på seg, og prøve å etterlikne dette litt.

  • Skal ein fortelje om alvorleg sjukdom under eit jobbintervju? Høyr episoden der dette var tema i etikketaten:

Fallgruver – ikkje bruk ChatGPT

Det er mange som kjempar om dei same jobbane, men Brunsvik ber deg ikkje gi opp sjølv om du ikkje får den første jobben.

– Søk nok, ikkje søk for lite.

Sjølv om det kan vere slitsamt å søke på mange jobbar, åtvarar han mot å falle for freistinga av å bruke for mykje ChatGPT

– Eg trur mange brukar det mykje no, særleg viss dei søker mange jobbar.

Ein sparar kanskje tid ved å bruke kunstig intelligens for å skrive søknaden for deg, men det kan slå tilbake.

– Du er ikkje den einaste som bruker ChatGPT. Viss arbeidsgjevar har ein bunke på 50 søknader der 15 av dei er skrivne derfrå, så ser arbeidsgjevar det raskare enn ein kanskje trur.

Hei!

Har du tanker om saken du har lest eller innspill til andre ting vi bør sjekke ut? Send meg gjerne en e-post!

Publisert 07.08.2024, kl. 17.32

Read Entire Article