– Det handlar både om målet, meistringsfølelsen og opplevinga, seier Hugo Olsen frå Bodø.
Olsen begynte å springe systematisk i 2018.
Denne helga var han i Berlin for å springe sin andre maraton, saman med rundt 50.000 andre.
Og for å kome seg dit har han nytta seg av ein pakkereise frå reiseselskapet Springtime.
Hugo Olsen frå Bodø var middels fornøgd med sin maraton i Berlin, men reiseopplegget var det ikkje noko å seie på, fortell han.
Foto: Privat– Når eg reiser med eit selskap så får eg mykje meir enn berre eit løp. Eg får tryggleik med logistikken, transport, hotell, opplegg før og etter løpet, og så er det eit sosialt fellesskap med andre løparar, seier han.
Og stadig fleire gjer som Olsen.
Vanskeleg å få tak i billettar
– Da vi starta opp i 2017 måtte vi jobbe for kvar kunde. Det var mange vakenetter, men i 2023 merka vi eit tydeleg vendepunkt, seier Trude Osaland.
Ho driv TH Run Travels saman med ektemannen Espen.
I Berlin i helga hadde dei med seg 22 reisande. Dei har betalt mellom 13 og 14.000 kronar for tre netter på hotell og startnummer.
Espen og Trude Osaland på plass i Berlin, kor Trude løp sin 85. maraton.
Foto: PrivatIfølge ho blir det vanskelegare for vanlege folk å få tak i billettar til dei største løpa.
– No er det annleis. Vi har blant anna selt ut halvparten av turane til Valencia halvmaraton til neste år, allereie før årets løp har gått av stabelen, seier Osaland.
– No skal for eksempel Valencia starte med lotteri om startnummera, slik ein del andre løp gjer, deriblant Berlin. Men ein del av startnummera er reservert til reiseoperatørar, legger ho til.
Redaktør: – Mange løp blir utseld
Runar Gilberg, redaktør for nettstaden Kondis.no, er ikkje overraska over utviklinga.
– Ei viktig årsak til at det er god business å tilby løpereiser rundt om i verda, er at mange løp blir utseld. Dermed er einaste moglegheit for å kome med, å kjøpe reise og startnummer frå nettopp reiseoperatørar.
Runar Gilberg
Ansvarleg redaktør i Kondis.no
Gilberg registrerer også at den pågangen til dei store løpa, pressar opp prisane.
– Så lenge så mange vil dra på løp som blir utselde, så kan reiseoperatørane presse opp prisane. Heldigvis finnast det framleis ei rekke fine løp der ein kan melde seg på sjølv og ordne reise og overnatting på ein billegare måte.
Er du villig til å punge ut for en organisert løpetur?
Denne avstemningen viser ikke hva befolkningen mener om spørsmålet. Resultatet viser hva de som selv har valgt å stemme mener, og avstemningen har ikke et utvalg som gjør den representativ for alle som bor i landet.
– Er slike tilbod ein god eller dårleg greie for løping som folkesport?
– Ideelt sett hadde det vore betre viss arrangøren selde startnummer direkte til løparane, i staden for å selje til reiseoperatørar. Men arrangørane vurderer det nok slik at dei er tente med å selje ein del startnummer til slike aktørar.
Syns det er verdt prisen
Reiseselskap som tilbyr løpereiser blir det stadig fleire av. Og inntektene deira aukar.
– I 2023 hadde vi litt over 500 reisande. I år hjelper vi over 1000 løparar på tur, seier Geir Jarle Bjørneng i selskapet Springtime.
Dei har tre gongar større no enn for 10 år sida. Særleg dei to siste åra har det økt mykje.
Andre selskap, som Sport og Helseferie AS og TH Run Travels, merkar også ei positiv utvikling.
Hugo Olsen ynskjer ikkje å seie kor mykje han betalte for turen til Berlin, som inkluderte alt frå reise og hotell, til sightseeing og mat. Men han synest det er verdt å nytte eit reiseselskap til ein slik tur.
– Eg kunne sikkert ha skaffa meg startnummer på egen hand, men det er mykje enklare med eit reiseselskap. I tillegg ville nok prisen blitt den same, seier han.
– Eg er kjempefornøgd med opplegget. Éin ting er koordineringa, men dei tilsette er til stades heile vegen. Det er absolutt verdt pengane.
Publisert 23.09.2025, kl. 18.20