Brudeparet visste ikkje at dei skulle gifte seg

1 week ago 8



– Eg veit ikkje om eg har komme meg over sjokket ennå. Eg elska det! seier Kjersti Saksen Hammer.

Laurdag gifta ho seg med Anders Vadla. Men det var ikkje planlagt.

I alle fall ikkje av paret sjølv.

Meir om det snart.

Dei to har vore kjærastar i over 16 år. I februar forlova dei seg. Då hadde Kjersti venta lenge nok, meinte ho.

– På skotårsdagen fridde eg. Heldigvis sa han ja.

Kjersti Saksen Hammer og Anders Vadla

Paret og dei tre ungane bur på Sjernarøy utanfor Stavanger.

Foto: Jakub Krzysztof Spadlo / NRK

Men så var det bryllaupsplanlegginga då. På toppen av ein travel kvardag. Kanskje dei berre skulle få det gjort på rådhuset?

– Desse venninnene mine var tydelegvis ikkje einige, ler Saksen Hammer.

Tatt imot av 66 gjester

For bak ryggane til dei nygifte har det sidan før sommaren utspelt seg eit aldri så lite puss.

Og i helga skulle alt fram i lyset.

Då passa det perfekt at Kjersti og Anders på fredag drog frå Sjernarøy og inn til Stavanger på ein miniferie i lag med eit vennepar.

Medan dei åt god mat på restaurant og sov godt i hotellsenga blei det rigga til fest på heimplassen.

Heidersgjestane mistenkte ingenting.

Ingen hadde forsnakka seg.

Dagen etter var det tid for å ta båten heim igjen. Det då forlova paret hadde så vidt køyrt i land på øya der dei bur, då dei blei tatt imot av 66 bryllaupsgjester.

– Då vi kom køyrande stod heile gjengen der, fortel brudgommen.

På veg heim frå helgetur

Då paret kom heim frå Stavanger stod gjestane langs vegen og ønskte dei velkomne til sitt eige bryllaup.

Foto: Privat

Svigermor var skeptisk

Men er det ikkje risikabelt å planlegge bryllaup på vegner av andre?

– Eg er nok kanskje ein litt overivrig person, men eg syntest dei var frykteleg treige. Og eg visste dei hadde eit ønske om å gifta seg, forsikrar venninna Kine Aartun Norheim.

Kine Aartun Norheim

Kine Aartun Norheim var sikker på at brudeparet ville ha kvarandre då ho byrja å planlegge bryllaupet bak ryggane deira.

Foto: Jakub Krzysztof Spadlo / NRK

Men det blei for mykje om og men med paret, så i juni byrja ho planlegginga. Telt og musikar blei bestilt.

Og mange ville hjelpe til, sjølv om det var skepsis i gruppa i byrjinga.

Blant anna var ikkje mor til brudgommen heilt overtydd.

Svigermor Sissel Vadla og venninne Kine Norheim Aartun

Sissel Vadla var litt skeptisk til planane i byrjinga. Men Kine Aartun Norheim var sikker på at overraskinga var på sin plass.

Foto: Jakub Krzysztof Spadlo / NRK

– Eg trong nokre minutt på å tenke meg om og syntest vel at det var litt på grensa, men Kine er god til å overtale, seier Sissel Vadla.

Heldigvis.

– Vi har sleppt unna alt av stress og planlegging. Eg er så imponert og takksam. Det tar nok litt tid å fordøye alle inntrykka, seier Kjersti Saksen Hammer.

Bryllaupet kunne ikkje blitt betre.

Mamma sin kjole og dressen frå skapet

Då dei kom heim blei bruda kledd opp i mor sin gamle brudekjole. Kjersti og søstera brukar same storleik, så den hadde ho prøvd på vegner av bruda.

– Til meg fant dei dressen i skapet mitt. Eg stod klar under blomebogen på kaien og ho kom gåande med far sin, beskriv brudgommen om då dei skulle bli mann og kone.

– Korleis var det?

– Det var kjempeflott og sterkt når du ikkje er førebudd på det, seier han.

Talen var heller ikkje førebudd.

– Det blei ein veldig improvisert tale, ler Vadla.

Alle gjestene i bryllupet

Brudeparet er særleg fornøgde med det fine vêret dei fekk på bryllaupsdagen sin.

Foto: Privat

Og festen kunne ikkje blitt betre.

– Du høyrer det på stemma mi at det var god stemning, ler han.

Kona er samd.

– Det var heilt perfekt! Tydelegvis visste dei kva vi ville ha. Dei laga draumebryllaupet.

Men nå er Vadla usikker på om han tør å reise til Stavanger igjen i frykt for kva vennene kan ha stelt i stand når han kjem heim.

– Vennane våre kan tydelegvis lure oss trill rundt, seier Anders Vadla.

– Kva med bryllaupsreisa, er den planlagt?

– Viss vi skal bestemme sjølv må vi nok reise ganske raskt, ler Vadla.

Kjersti Saksen Hammer og Anders Vadla

Brudeparet har ei heil bok med helsingar og bilete frå bryllaupet dei kan kose seg med.

Foto: Jakub Krzysztof Spadlo / NRK

Publisert 25.09.2024, kl. 15.18

Read Entire Article