Fleire vegar er framleis stengde etter ekstremvêret «Jakob» sine herjingar.
Riksveg 7 i Eidfjord opnar tidlegast måndag etter eit skred over Erdal bru. Kommunen, som ligg lengst aust i Hardanger, har dermed berre fri veg mot Hardangervidda og Austlandet.
Odda i Hardanger var lenge heilt isolert, etter at alle tre vegar inn og ut av byen var stengde.
No er også den siste hindringa langs fjorden fjerna.
Det er enno uvisst når vegen kan opna.
– Det går nokre timar til før me får på plass skikkeleg påkøyringsrampe og den slags. Me klarar ikkje estimera eit klokkeslett for når vegen kan opnast for trafikk. Driftsentreprenør jobbar med dette no, seier byggjeleiar Amira Popovic i Vestland fylkeskommune til NRK klokka 12.
Arbeidet starta fredag kveld etter at brua blei knust av høg vassføring. Bruberedskapen i Statens vegvesen har vore på plass i Ullensvang gjennom heile helga for å få den mellombelse brua på plass så raskt som råd.
Arbeidet starta fredag kveld etter at brua blei knust av høg vassføring. Natt til sundag, like før klokka 05, var entreprenøren ferdig med å fjerna dei siste øydelagde restane av Edna bru
Og rundt klokka 11 var den siste plata i brua på plass.
Ber om fast beredskapsbåt i Hardanger
Ullensvang-ordførar Roald Aga Haug (Ap) er letta over at vegen snart kan opnast igjen etter såpass kort tid.
– Eg har fått mange spørsmål frå mange som bur på sørsida og som skal på arbeid i Odda, om når vegen opnar. Dette er ekstremt viktig for oss, slår Haug fast.
Han er ordførar i den kommunen som truleg oftast blir påverka av ras og stengde vegar. Denne gongen sette kommunen raskt inn ei båtrute til å transportera helsepersonell og andre med kritiske samfunnsjobbar. Men gong på gong viser det seg vanskeleg å få på plass større passasjerbåtar som kan frakta alle innbyggarane som treng det.
– Dette er ein veldig viktig pendlarveg med fleire hundre menneske som pendlar kvar veg. Så for å bemanna bedrifter og helseinstitusjonar er det veldig viktig at slike løysingar kjem på plass kjapt. Ikkje minst for branntryggleiken og beredskapen.
No vil han ta til orde for at Sørfjorden får utplassert ein fast beredskapsbåt.
– Ein skulle nesten ønska at det blei «båt for veg» i slike tilfelle, at det var eit system som låg på plass. Me må prioritera helse og tryggleik i slike tilfelle, og då er det ikkje alltid plass til så mange andre. No skjer slike hendingar såpass ofte her, og det er sårbart.
Det er venta at brua kan opnast i løpet av dagen. Knappe tre døgn etter at brua knakk og rasa ut i den frodande elva.
– Eg vil takke alle involverte som har stått på heile helga for å få mellombels bru på plass og vegen opna att så raskt som råd, seier avdelingsdirektør for infrastruktur og veg i Vestland fylkeskommune Dina Lefdal.
Lefdal seier det er for tidleg å seia noko om kva arbeidet har kosta.
– Fokuset har vore å få opna vegen att.
Frakta brua på ferje
Etter kraftig regn i natt er elva framleis stor, og vassføringa er høg. Det har gjort arbeidet ekstra utfordrande.
For å få montert brua, måtte bruberedskapen søke om spesialløyve for transport. Etter å ha tatt mål fredag kveld, fann dei ut at brua ikkje kunne fraktast frå Odda-sida på grunn av tilkomstproblem.
Statens vegvesen og Vestland fylkeskommune hadde møter laurdag morgon, og søknaden om å få frakta brua med ferje frå motsett side blei sendt og innvilga.
Maks tillate vekt på brua vil bli redusert, etter vurdering frå bruforvaltar og geoteknikar som også ønskjer fleire målingar av grunnen.
Publisert 03.11.2024, kl. 12.29 Oppdatert 03.11.2024, kl. 12.38