Brøyting til besvær?

1 month ago 20



Sommaren i Setesdal er kort, men intens. Turistar frå heile Noreg og utlandet strøymer til for å oppleve vår unike natur, kultur og gjestfridom. For mange er den naturskjønne vegen over Brokke – Suleskar ein viktig del av reisa.

Når opninga finn stad, er det som å opne ei kran; det «renn» inn turistar, og vi kjenner at endeleg er vi i gang igjen etter ein lang vinter, skrive innsendaren. Foto: Johs Bjørkeli

Denne vegen, som opnar kvart år 21. mai, gjev besøkande høve til å oppleve Setesdal i si fulle prakt.

Når det no har kome signal frå Agder fylkeskommune om at ein vurderer å gå vekk frå ein fast opningsdato for å spare kostnader til brøyting, er det viktig å belyse kva alvorlege konsekvensar dette kan ha for reiselivet og anna næring i regionen. Vi meiner at vegen må opnast til den fastsette datoen. Einaste unntaket bør vere ekstraordinære forhold, og brøyting er ikkje ekstraordinært.

Brokke – Suleskar har blitt ein integrert del av merkevara Setesdal, og den trekkjer til seg naturinteresserte turistar, motorsyklistar, syklistar og andre eventyrlystne reisande. Vegen knyter Setesdal saman med Ryfylke og sørvestlege delar av landet. Når opninga finn stad, er det som å opne ei kran; det «renn» inn turistar, og vi kjenner at endeleg er vi i gang igjen etter ein lang vinter.

Om vegen opnar seinare, og ikkje til ein fast, godt kjend og kommunisert dato, kan vi risikere at besøkande i staden vel andre reisemål eller blir heime. Dette vil føre til lågare inntekt for lokale verksemder og generelt mindre aktivitetsnivå i regionen, noko som kan vere kritisk for mange småbedrifter i Setesdal som allereie opererer med små marginar. Ei seinare opning vil bety ein kortare turistsesong, noko som vil ramme lokale bedrifter hardt. Hotell, campingplassar, serveringsstader og andre aktørar er avhengige av at gjestene kjem tidleg og i stort nok tal. Dei siste åra har det også blitt svært populært for mange å planleggje ein tur nettopp når vegen opnar for sesongen, og for mange har det blitt ein årleg tradisjon. Næringslivet tilpassar seg også opningsdatoen med bemanning, marknadsføring, innkjøp osb.

Ei seinare opning vil bety ein kortare turistsesong, noko som vil ramme lokale bedrifter hardt.

Styret i Visit Setesdal AS understrekar at regionen vår er avhengig av turismen, og for mange bedrifter er den korte sesongen avgjerande for deira eksistens og for eit heilårstilbod til våre fastbuande.

Agder fylkeskommune er den største vegeigaren i fylket, med ansvar for omlag 4000 km veg, inkludert gang- og sykkelvegnett. Vi har forståing for at det kan vere krevjande å finansiere drift og vedlikehald av vegnettet, men å spare på brøyteutgiftene for å opne Brokke – Suleskar-vegen på fastsett dato meiner vi ikkje er rette vegen å gå. Det heng heller ikkje saman med fylkeskommunen si rolle som regional utviklingsaktør med ambisjonar om at Agder skal styrkje sin posisjon som reiselivs- og opplevingsdestinasjon.

Vi oppmodar sterkt om at Agder fylkeskommune erkjenner at det ikkje er rom for forseinkingar i opninga av Brokke – Suleskar, men at vegen skal opnast til fastsett dato 21. mai.

Read Entire Article