Braut spydbarriere - no vil han til VM gjennom «bakdøra»

1 day ago 8



– Med ein gang eg kasta 80 meter, så tenkte eg: «no skal eg klare 85 meter». Det stoppar aldri. Du siktar alltid lengre, seier Thrana til NRK.

Han forstod raskt at spydet gjekk langt då det gjekk ut av handa hans under lag-EM i Slovenia i helga.

80,24 meter viste resultattavla.

Ny personleg rekord. Siger, og ikkje minst, første gang over 80 meter.

Berre fire nordmenn har kasta lengre enn han med dagens spydtype.

– Det var mykje adrenalin. Eg trur eg skalv mellom kvart einaste kast. Det var heilt sjukt. Eg hadde frysningar i heile kroppen etter kastet. Det kjennest berre så utruleg uverkeleg å ha kasta 80 meter. Eg har brukt litt tid på å la det søkke inn.

Daniel Thrana i spydtilløpet med spydet i hånda.

Daniel Thrana under NM i 2023.

Foto: Geir Olsen / NTB

– Lite som skal til

Andreas Thorkildsen regjerte spydsporten i ei årrekkje.

Med ei rekkje gull i OL, VM og EM. Sørlendingen la opp i 2014. Sidan har det vore magre spydår på herresida.

Det kan endre seg no.

– Fem meter til, så nærmar eg meg topp ti i verda. Det er lite som skal til frå no av. Så no byrjar framtida å sjå ganske lys ut, seier han.

Thrana trur aldri han hadde blitt spydkastar utan Andreas Thorkildsen sin suksess.

– Han har vore eit førebilete. Vi kjem frå same by og han har vist at det er mogleg. Eg hadde nok aldri starta med spyd viss det ikkje hadde vore for han, seier han.

Sportssjef i Norges Friidrettsforbund, Erlend Slokvik, har lagt merke til framgangen til sørlendingen.

Spesielt det siste året.

– Han slo gjennom i 2023 med fleire lange kast. Så stagnerte han i 2024, før han har komme tilbake i år med lange kast i USA, som gjorde at han kom med til lag-EM, seier Slokvik.

Daniel Thrana under lag-EM i friidrett i 2025.

Daniel Thrana med premie etter lag-EM i Slovenia i helga.

Foto: Privat / NRK

Slik kan han få VM-billett

Thrana bur i USA der han kombinerer utdanning med spydsatsing. I september er det VM i Tokyo.

23-åringen augnar no håp om å skaffe seg VM-billett. Noko få hadde trudd for kort tid sidan.

Kravet på over 85 meter blir truleg for tøft, men sørlendingen siktar mot å bruke «bakdøra». Det inneber å komme inn via ranking.

Då må han vere blant dei 36 beste i verda. Per i dag er han nummer 46. Å klatre på lista krev stabile resultat rundt 80 meter.

– For å komme med til VM på ranking må han ha fem stemne på rundt 80 meter, seier sportssjefen i friidrettsforbundet.

Det har Thrana trua på at han kan klare. Difor blir det fleire konkurransar i sommar enn han normalt ville ha hatt.

– Eg må finne stemna som gir mest poeng. Truleg blir det Finland neste helg, seier han.

– Føler du at du er i ein flyt no når du har passert 80 meter?

– Definitivt. Eg var faktisk overraska over at eg klarte 80 meter no, seier han.

Andreas Thorkildsen

Andreas Thorkildsen under OL i Athen i 2004 der han tok sitt første OL-gull.

Foto: Scanpix/AP

Publisert 02.07.2025, kl. 11.28

Read Entire Article