Sol og varme har lokka fleire bubilturistar og teltarar til Lofoten i sommar. Henningsvær har vore ein populær destinasjon under festivalen Trevarefest
Eit steinkast unna ligg øya Skata. På øya langs vegen til Henningsvær står det fleire meter høge stativ, også kalla fiskehjellar. Hjellane blir brukt til å lage tørrfisk.
Fleire av festival-gåarane valde å sette opp ein liten camp inn under det store tørrfiskstativet.
Øya Skata ligg eit steinkast unna den populære turistattraksjonen Henningsvær.
Dette får sjefen for brann- og redningstenesta i Vågan kommune til å slå alarm om branntryggleiken.
– Under fiskehjellane står det 5-6-7 bilar på rad. Begynner det å brenne i den inste bilen, så må mange andre flytte seg. Det var også plassert ei vedfyrt badstove under der – for å vere heilt sikker, seier Lars Ottemo Gärtner.
Lofotposten omtala saka fyrst.
– Kan oppstå livsfarlege situasjonar
Lars Ottemo Gärtner i Vågan brann- og redningsteneste er glad for at folk vil til Lofoten, men fortvilar over villcampinga.
– Eg synest dette er eit eksempel på manglande regulering. Myndigheitene må ta ansvar. For meg verkar dette som ein campingplass, seier han.
Lars Ottemo Gärtner, Brannsjef i Vågan brann- og redningsteneste
Foto: Vilde Bratland Erikstad / NRKVidare forklarar han at det kan oppstå livsfarlege situasjonar om det skulle ta fyr i ein av bilane.
– Det er sjeldan brannvarslingssystem i personbilar. Og brannar spreier seg fort når køyretøy står tett. Det beste eksempelet er brannen i parkeringsanlegget i Stavanger.
– Det som potensielt er farleg er at det blir campa veldig tett. Det er ein grunn til at det kom avstandskrav til campingeiningar. På campingplass er kravet 4 meter. Det skal også vere tilgjengeleg for brannvesenet og fluktvegar.
– Henningsvær har blitt kjempepopulær, men det er eit lite fiskevêr utan altfor mange parkeringsplassar. Det hadde gjort seg med fleire parkeringsplassar eller ein campingplass, legg han til.
– Det ser ut som ein flyktningleir
L. Berg Sønner AS er eit selskap som i mange år har brukt hjellen på den vesle øya til å tørke fisk, men dei siste åra har ikkje hjellane vore i bruk og ikkje er halde ved like, opplyser John Berg, leiar for L. Berg Sønner AS.
John Berg er leiar for L. Berg Sønner AS, selskapet eig hjellane og plassen der turistane campa på øya.
Foto: Privat– Frå tidlegare så har me sett at det har stått to-tre bilar der av og til, men det har eg ikkje brydd meg noko særleg om. Men no når det var 30-40-50 bilar der, så må ein reagere. Det er jo farleg å vere der, rett og slett, seier Berg.
Han legg til at det heller ikkje er vatn eller toalett under fiskehjellane.
– Dei har berre tatt seg til rette. Det ser ut som ein flyktningleir, seier Berg.
Berg er einig med brannsjefen om at dette må ordnast opp i så snart som råd.
–Det brannsjefen seier er eg heilt einig i.
Om grunneigaren får det som han vil, er dette siste sommaren med camping under hjellane på øya.
L. Berg Sønner vil rive dei gamle hjellane og erstatte dei med eit parkeringsanlegg, opplyser han.
– Ja, vi kjem til å sperre av området, rett og slett, og sette opp skilt. Her er det ikkje høve til parkering.
No har dei søkt kommunen om å få sette i gang etablering av og opparbeide ein parkeringsplass for offentleg bruk, legg han til.
–Det er framtida, seier Berg.
– Eg tippar at det var 20–30 telt og fleire bilar, det var tett med folk.
Ein av camparane seier til NRK at han forstår at både grunneigarar og brannvesen er uroa, men meiner opphaldet gjekk føre seg på ein trygg måte.
– Eg opplevde det som heilt kanon å bu der, seier camparen.
Ifølgje camparen var det korkje skilting eller andre tydelege teikn på at det var forbode å campe på staden.
Under opphaldet fekk fleire av bilane ein laminert lapp i frontruta, fortel camparen.
Dette kartet viser kvar ein kan campe i Henningsvær området.
Grafikk: Skjermdump Lofoten friluftsråd– På lappen stod det: «Dette er ikkje ein campingplass, branntryggleiken skal takast i vare». Det såg ut som ein laminert kommunelapp, fortel han.
På spørsmål om han følte seg utrygg under hjellane, svarar han:
– Nei, på ingen måte. Det var ein superfin plass som kjendest veldig trygg ut.
Samtidig har han forståing for at det kan oppstå bekymring.
– Nokon tente opp ein bålpanne der inne, og då kan det sjølvsagt bli fare for brann. Men kameraten min var brannvakt – han drakk ikkje og hadde kontroll på situasjonen, legg han til.
Begynner det å brenne i den inste bilen, så må mange andre flytte seg, seier brannsjef, Gärtner.
Foto: Katarina Trymsdatter Vatnvåg / NRKCamparen meiner likevel ikkje at situasjonen var problematisk.
– Eg skjønner at dei var bekymra. Om det skulle byrje å brenne, er det ikkje berre å flytte på bilar.
Han meiner det er opp til grunneigarane å ta grep dersom dei vil hindre camping.
– Det er berre å sette opp skilt eller sperre av området. Om det blir ein parkeringsplass, betaler eg gjerne for å stå der, seier han.
Publisert 02.08.2025, kl. 13.50