Brann i Ukrainas regjeringsbygning etter russiske åtak

23 hours ago 1



I Ukraina er minst tre personar drepne og fleire skada i russiske åtak natt til søndag.

Kyiv har blitt utsett for kraftige åtak med med både dronar og missilar gjennom natta. Fleire bygningar er råka av åtaka, blant dei bygningen til den ukrainske regjeringa.

Kyivs ordfører Vitalij Klitsjko seier at det braut ut brann i regjeringsbygningen etter åtaka starta.

Det er uklart kor store skader som blei påført bygget.

Vitne som Reuters og AP har snakka med seier dei så tykk røyk stige opp frå bygninga i Peterskyj-distriktet.

Tre personar i byen er drepne i åtaka, melder Kyiv-ordførar Vitaliy Klitsjko.

Dei drepne er ifylgje Klitsjko ei eldre kvinne, ei ung kvinne og eit spedbarn.

Vrakdelar av ei nedskoten drone skal også ha starta ei brann på toppen av ei seksten etasjer høg boligblokk.

Vitne i Kyiv seier til Reuters at delar av straumnettet er slått ut.

I Sumy-regionen nordaust i landet blei ein person drept og fleire skadde i åtak gjennom natta.

Blant dei skadde er eit ni år gamalt barn, opplyser lokale styresmakter.

I tillegg blei 15 personar såra i eit russisk droneåtak mot Zaporizjzja sør i Ukraina i kveld.

Fire måtte til sjukehus for helsehjelp, opplyser regionale styresmakter.

Read Entire Article