Brannvesenet har fått melding om brann i eit hus og ein garasje i Øygarden kommune.
Brannen skal ha starta i garasjen, der det står elbilar parkerte, og deretter spreidd seg til huset, melder politiet.
Det er mykje røyk i området, og politiet ber difor bebuarar om å lukke dører og vindauge og stenge ventilasjonen.
Det brenner mykje i garasjen og er sterk røykutvikling. Vitne på staden fortel at dei høyrer høge smell.
Naudetatane rykker ut til staden. Politiet er framme og er i gang med å evakuere nabohusa.
Brannvesenet er ennå ikkje framme på staden og veit ikkje om det er folk i huset, opplyser Børre Brekkvassmo, vaktleiar i 110 Vest.
– Men vi har fått mange telefonar om brannen, seier Brekkvassmo.