Det brenn i eit hus og ein garasje i Øygarden kommune, melder brannvesenet kl. 17.02.
Brannen skal ha starta i garasjen, der det står elbilar parkerte, og deretter spreidd seg til huset, ifølge politiet.
– Det er dialog med og kontroll på bebuarane i huset som brenner, melder operasjonsleiar Tore-Andre Brakstad i Vest politidistrikt klokka 17.19.
Brannvesenet har sett i gang sløkking av brannen, og har fjerna gassflasker frå nærliggande bygg.
Hus og garasje overtent
– Garasjen og tilstøytande bygning er tilnærma overtent, seier Børre Brekkvassmo i 110 Vest.
Naudetatane melder om mykje flammar og røyk.
Foto: Mats Øyane-SandenBrannvesenet har mannskap frå fem stasjonar på staden.
Det er sterk røykutvikling i området.
Politiet ber difor bebuarar om å lukke dører og vindauge og stenge ventilasjonen.
Grunna kraftig røykutvikling ber politiet folk om å lukke vindauge og dører.
Foto: Charlotte Haarvik Sanden / NRKNaudetatane rykker ut til staden. Politiet er framme og er i gang med å evakuere nabohusa, melder dei klokka 17.15.
Klokka 17.11 var brannvesenet ennå ikkje framme på staden, og visste ikkje om det var folk i huset.
– Men vi har fått mange telefonar om brannen, seier Brekkvassmo i 110 Vest.
Vitne høyrde høge smell
Eit vitne på staden meiner det såg ut som brannen starta i garasjen.
– Eg såg at det byrja å ryke litt, og så tok det seg kraftig opp ganske fort.
Han høyrde fleire høge smell.
– Det var nesten som eit børseskot. Det small eit par gongar medan eg stod der.
Vitne på staden melder om høge smell frå brannen.
Foto: Mats Øyane-Sanden / NRKPublisert 23.10.2025, kl. 17.18 Oppdatert 23.10.2025, kl. 17.54