Brann i Brattvåg – éin person ikkje gjort greie for

1 month ago 14



Det er tre bueiningar i huset og til saman fem personar blei evakuerte frå dette huset og hus i nabolaget. Ein person er altså ikkje gjort greie for. Ein annan person er sendt til sjukehus med luftambulanse, og vedkomande er alvorleg skadd, melder politiet.

Operasjonsleder i politiet i Møre og Romsdal, Eivind Klokkersund

Eivind Klokkersund ved operasjonssentralen hos politiet i Ålesund.

Foto: Remi Sagen / NRK

– Status er at éin person er alvorleg skadd og éin person er ikkje gjort greie for, seier leiar ved operasjonssentralen ved politiet i Ålesund, Eivind Klokkersund til NRK.

Etterforsking

Ut på formiddagen har brannvesenet fått kontroll på staden og etterforskinga har starta.

– Vi har både taktisk etterforsking på staden og kriminalteknisk undersøking på åstaden, seier Klokkersund.

Overtenning

Det blei ikkje meldt om spreiingsfare, men dei som bur i området blei bedne om å ha igjen vindauga sine på grunn av mykje røyk.

– Klokka 05 var det full overtenning i huset, seier operasjonsleiar Tove Holst-Dyrnes.

Ettersløkking

Ein times tid seinare fortalde innsatsleiar i politiet, Per-Kristian Sporsheim, at arbeidet med ettersløkking hadde starta.

– Lite vind og at det er vått i terrenget har vore til hjelp i sløkkinga, seier Sporsheim.

Dei evakuerte har fått tilhald i hus i området og også tilbod om hotell.

Kriseteamet i Haram kommune er varsla.

Brannbil i Brattvåg

Klokka 03:52 tysdag morgon, meldte politiet om at naudetatane var på veg til det brennande huset.

Foto: Charlotte Ervik

Publisert 20.08.2024, kl. 05.07 Oppdatert 20.08.2024, kl. 09.09

Read Entire Article