– Vi er berre slik. Vi er fullstendig psycho. Det er likegyldig om vi er underdogs, eg trur alltid mitt lag vil finne ein veg å vinne.
Brann-trenar Freyr Alexandersson er på plass i Lille i Frankrike. Her ventar svært tøff motstand i kveldens NRK-sende kampen mellom Brann og Lille.
Brann er spådd å kunne få «pryl» i Europaligaen.
På spørsmål frå NRK er dette svaret til Brann-trenar Alexandersson:
Islandsk psycho-mentalitet.
EM-kamp frå 2016 i bagasjen
3. juli 2016: Island speler kvartfinale i fotball-EM. Motstandar er giganten Frankrike – i Paris.
Sjeldan har eit lag vore større favorittar til avansement. Island var store underdogs.
Freyr Alexandersson var på spelarbussen på vegen til kampen. Til NRK fortel han at dei knapt klarte å kare seg om bord på spelarbussen.
– Likevel var det ikkje eit einaste menneske på den bussen som ikkje trudde at vi vil vinne kampen, seier Alexandersson som då var tilknytt dei islandske landslaga.
Islandsk psycho-mentalitet – her frå Island mot Frankrike i 2016.
Foto: FRANCISCO LEONG / Afp«Islandsk psykomentalitet»
I kveld er det ikkje stadion i Paris, men i Lille som Freyr skal leie laget sitt ut på.
Men Brann vert spådd like små sjansar som Island gjorde i EM.
Det trivst Alexandersson godt med. Han seier han har installert ein «islandske psykomentalitet» i Brann.
– Om vi blir lamma her inne, så taper vi stort. Det er det farlegaste, meiner islendingen.
– Men om vi er modige og trur på oss sjølv kan vi skape mirakel.
Kaptein Fredrik Pallesen Knudsen på pressekonferansen dagen før LOSC-Brann.
Foto: Oddgeir Berland Øystese / NRKKaptein Fredrik Pallesen Knudsen trivst og godt med utfordrarrolla som Brann sjeldan får heime i norsk fotball.
– Heile gjengen i garderoben er klare for å løfte klubben til eit nytt nivå. Det er jo kampar som dette vi har ønskt oss. Denne moglegheita let vi ikkje passere.
Eksperten hyller islandsk mentalitet
NRKs fotballekspert Carl Erik Torp jublar over utspelet frå Freyr.
– Dette er ein innstilling eg har sakna i norsk fotball. Å tenke at ein har ein sjanse uansett kor store underdogs vi er.
Han applauderer at Brann går aggressivt inn i Lille-kampen.
– Brann vil vere enorme underdogs i alle kampar i Europaligaen, særleg på bortebane. Det viktigaste i dag er å føle at ein klarar å henge med spelemessig.
Torp kommenterer kampen som går på NRK Radio kl. 1845.
Klarar Brann å ta til seg islandsk mentalitet inn i Europa-spelet? Her frå storsigeren mot Larnaka på Kypros.
Foto: Yiannis Kourtoglou / Reuters / NTBStorlag og storfavoritt
Freyr Alexandersson kjenner Lille godt, både byen og klubben.
Han var trenar rett på andre sida av den belgiske grensa, i Kortrijk. Det er så kort avstand at borna hans gjekk på skule i Lille.
Difor legg han ikkje skjul på at det er spesielt å leie Brann ut på Stade Pierre-Mauroy i klubben sin Europaligadebut. Sjølv om Brann i utgangspunktet ikkje er favoritt i nokon Europaligakamp, begynner dei truleg med den aller vanskelegaste.
Men kanskje kan vi tru på eit mirakel, ved hjelp av islandsk galskap og vinnarmentalitet?!
Eller, korleis gjekk det eigentleg med den kvartfinalen i EM?
Stade Pierre-Mauroy rett vest for Lille har plass til kring 50.000 tilskodarar.
Foto: Oddgeir Berland Øystese / NRKDet hugsar ikkje Freyr Alexandersson like godt.
Han meinte dei tapte 0-4. Men eigentleg vann franskmennene 5–2 mot dei «psycho» islendingane.
Lille-Brann høyrer du på NRK Radio klokka 18.45 i dag:
Publisert 25.09.2025, kl. 12.21