Bomma på straffe, men redda poenget i «Det svarte helvetet»

1 hour ago 2



Brann-trenar Freyr Alexandersson uttalte før kampen mot PAOK i kveld at han aldri kom til å gløyme kampen.

Og det gjer nok heller ikkje Emil Kornvig, som fekk oppleve fotballen sine låge daler og høge toppar i kveld.

Kornvig brann straffe ...

Det første kvarteret fekk Brann ta mykje plass på den illgjetne bortebanen i Thessaloniki.

Og etter eit kvarter fekk dei alle tiders sjanse til å ta leiinga.

Berre fire minutt etter at Jacob Lungi Sørensen skaffa seg eit vanskeleg utgangspunkt for nitti minutts spel då han tok tak i brasilianske Taison og skaffa seg det gule kortet, var han på farleg tokt i PAOK-boksen.

Der blei han felt, og dommaren peikte på straffemerket.

Derifrå sette Emil Kornvig ballen lågt til venstre, ein manøver som ikkje lurte tsjekkiske Jirí Pavlenka i PAOK-buret.

Den brente straffa såg ut til å vekke PAOK, som fekk ete seg stadig meir inn i kampen.

Ved eit par anledningar fekk dei testa dagsforma til Mathias Dyngeland, som klarte å halde buret reint til pause.

En spiller i rød drakt forbereder seg på å ta et straffespark i en fotballkamp. Motstandere i svarte og hvite drakter står i bakgrunnen. Publikum i stadion er synlig, men ansiktene er uskarpe. Stemningen er spent før straffesparket.

Foto: Giannis Papanikos / AP / NTB

... og snudde det på tampen

Heimepublikummet i Thessalonoki kan ikkje anklagast for å vere lydlause.

Men då Taiko fann ein ledig veg inn til Luka Ivanusec i Brann sin boks blei det verkeleg lyd på Toumba Stadium.

Dyngeland gjorde seg lang i lufta, men klarte ikkje nå skotet som Ivanusec prikka inn i motsett hjørne.

Etter det blei det mykje PAOK utanfor Brann-boksen.

Men heilt håplaust blei det aldri for Brann.

Dei siste ti minutta fekk dei raudkledde sendt inn fleire farlege innlegg framfor PAOK-boksen.

Og eitt minutt før ordinær slutt-tid enda eit hjørnespark frå Joachim Soltvedt på brystkassa til Kornvig og inn i PAOK-målet.

To spillere i svarte og røde drakter kjemper om ballen på fotballbanen. Den ene spilleren, iført svart og hvit drakt, prøver å drible forbi motstanderne. Det er tilskuere i bakgrunnen, og kampen ser ut til å være intenst. Gresset på banen er grønt og godt ivaretatt.

Foto: Alexandros Avramidis / Reuters / NTB

– «Pisse sjovt»

Brann-trenaren var klar på at det kom til å bli ein vanskeleg kamp.

Mykje takka vere heimebana, som offisielt heiter PAOK si heimebane Toumba.

Supporterane si fiendtlege innstilling til besøkande lag har gitt bana det klingande kallenamnet «Det svarte helvetet».

Likevel kalla Brann-trenaren det ein gutedram å spele akkurat der.

– Alle som følger fotball veit at dette er ein unik stadion som kan skape ein unik stemning. Det vert vanskeleg, men det vert «pisse sjovt»., sa islendingen på pressekonferansen før kampen.

Neste års Europa-sjansar avgjort på søndag

Heime i Noreg ventar ein avgjerande siste serierunde på søndag.

Den er avgjerande for om bronsen går til Tromsø eller Bergen, og dermed kven som får sjansen til å kvalifisere seg til neste års Europaliga.

Dersom TIL ikkje avgjer poeng mot Kristiansund går bronsen nordover, uansett om Brann skulle vinne over HamKam.

I så fall mister Brann til sjansen til å gjenta årets eventyr i Europaligaen. Likevel kan Brann-fansen få reise til kontinentet òg neste år.

Sjølv om bronsen skulle gleppe er dei uansett sikra fjerdeplassen, og dermed sjansen til å kvalifisere seg til serieligacupen, eitt nivå ned frå Europaligaen.

Publisert 27.11.2025, kl. 20.42 Oppdatert 27.11.2025, kl. 20.58

Read Entire Article