– Fyren må begynne å vurdere kva idrett han eigentleg skal satse på.
Orda kjem frå Jan Thomas Jenssen. Han er éin av lagkameratane til Andersen som openbert har late seg imponere over dei imponerande tidene han har både på landevegssykkelen og med løpeskoa.
For gjennom sommaren har Andersen imponert både på den eine og den andre fronten på Strava.
– Eg har jo vore på sydentur og prøvd meg på nokre segment, seier Andersen i sedvanleg småsjenert stil, men prestasjonen lèt høyre av seg.
På ein lånt landevegssykkel dundra 24-åringen opp fleire fjell rundt Nice i Sør-Frankrike. I regionen florerer det med proffe landevegsryttarar, men alle utanom éin person hamna bak Andersen når han drog på oppover fjellsidene.
– Gir du han litt motbakkar så er jo fyren ustoppeleg. Han har motor i alle fall, seier Jenssen.
For på eit segment, der Andersen køyrde på alt han hadde, er han nummer to blant dei over 7500 personane som har sykla same strekke. Motbakken var på 3,3 kilometer og med ei stigningsgrad på 4,6 prosent.
LEIARLISTA: Sjekk ut dei ulike namna som hamna bak Iver Tildheim Andersen på segmentet.
Foto: Skjermdump / StravaBak han på listene finn vi blant anna verdseinaren Tadej Pogacar og stjerner som Aleksej Lutsenko, Matej Mohoric og Giulio Ciccone – som alle har vunne nokre av dei største ritta i verda.
Det skal seiast at ingen av tidene er frå konkurranse, og at sykkelstjernene truleg kunne sykla raskare enn dei gjorde på dei aktuelle treningsøktene.
– Eg kjenner eg har litt betre sykkelbein enn dei andre her, seier Andersen frå samlinga med langrennsløparane.
– Så du meiner Thor Hushovd bør ringe deg nå og invitere deg på ei samling med Uno-X?
– Ja, det hadde vore interessant. Det kunne vore gøy, svarer han.
SYKKELKONGEN: Tadej Pogacar har verka nærast uslåeleg under sesongen i år. På søndag skal han forsvara verdsmeisterstripene i Rwanda.
Foto: APNRK-ekspert håpar på hospitering hos Uno-X
NRKs sykkelekspert, Sondre Sørtveit, meiner invitasjonen frå Uno-X og lagsjef Hushovd kan leggast i posten med ein einaste gong.
– Det er ikkje så overraskande kanskje at ein langrennsløpar har stor fysisk kapasitet, men at han klarer å sykle så fort opp eit nokså langt segment på eit fjell, det overraskar meg eigentleg litt, seier Sørtveit.
NRKs SYKKELEKSPERT: Sondre Sørtveit.
Foto: NRK– Eg er open for kontraktsforslag viss nokre lag er interesserte, seier Andersen med eit lurt smil om munnen.
NRK har prøvd å komme i kontakt med Hushovd, foreløpig utan å lykkast. Om det derimot skulle ligge føre ein invitasjon, trur NRK-eksperten at han faktisk hadde hatt ein sjanse til å hevde seg under ein motbakketest eller liknande.
– Dersom det var konkurranseformatet eller testen, så trur eg han hadde gjort det godt, seier Sørtveit.
– Om du var Thor Hushovd, ville du gitt han ein invitasjon inn på ei treningssamling eller hospitering?
– Det hadde vore stilig om han kunne fått ein liten invitasjon og fått lov å sykle nokre økter med Uno-X. Ja, kvifor ikkje?, svarer han.
Andersen er for langrennspublikummet kjent som ein kapasitetsløpar.
Han hevdar seg ofte i knallharde løyper og noterte seg førre sesong for éin verdscupsiger i franske Les Rousses på ti kilometer fristil. I tillegg stod han med tre individuelle pallplassar i verdscupen, alle i fristil, men han blei ikkje tatt ut i den norske VM-troppen.
- Langrennsløparen er ikkje den einaste vintersportsutøvaren som har imponert på landevegssykkelen:
Dukka opp på halvmaraton – blei nummer to
Men sykkelprestasjonen på ferien er langt frå det einaste som har vekt oppstandelse internt i langrennslandslaget.
Under Oslo Maraton dukka nemleg Andersen høgt opp på listene enda ein gong. Denne gongen også med ein andreplass totalt på halvmaraton, men det nesten utan spesialtrening gjennom sommaren.
Andersen fortel til NRK at han hadde éi økt på ti kilometer ti dagar før som einaste «spesialtrening» før han dukka opp i Oslos gater.
– Eg liker å krydre treninga med konkurransar i andre ting òg. Så det blei eit litt spontant halvmaraton førre helg. Det gjekk noko eigentleg over forventning, seier Andersen.
I RETT ELEMENT: Iver Tildheim Andersen under NM på ski del to kor han blei nummer tre på ti kilometer fristil.
Foto: Terje Pedersen / NTBDet var berre friidrettsutøvaren Senay Fissehatsion som var framfor han på listene. Fissehatsion står med sju NM-gull i løping sidan 2016, blant anna på halvmaraton i 2018.
– Han er jo ein mann av få ord som ikkje skryter så veldig av seg sjølv. Så eg skryter gjerne av Iver. Han leverte verkeleg på halvmaraton der. Så det er artig å sjå at vi ikkje berre presterer i skiløypa, seier Jenssen.
- PS! Fleire andre langrennsprofilar hevda seg i same løp. Heidi Weng sprang inn til NM-sølv på 10 kilometer og slo blant anna Amalie Sæten, som blei nummer elleve i friidretts-EM på 5000 meter i 2024. Pål Golberg, som la opp etter førre sesong, blei nummer fem på maraton med tida 2.28.12.
Publisert 25.09.2025, kl. 12.54