Natt til søndag blei ein mann i 20-åra pågripen i Bergen for å ha blotta seg for mindreårige.
Den første hendinga skjedde rundt klokka 20 på laurdag i Bønes-området.
– Han skal ha blotta seg for to svært unge jenter, og snakka uhøvisk til dei på ein seksuelt lada måte, seier politiadvokat Per Øyvind Valland.
Halvannan time seinare fekk politiet melding om at mannen skal ha gjort noko tilsvarande i området rundt Varden skule i Fyllingsdalen.
I dag møtte han i Hordaland tingrett, der politiet ville varetektsfengsle han i fire veker med brev- og besøksforbod.
Politiet meiner det er både fare for at mannen vil øydelegge bevis eller gjere fleire kriminelle handlingar, om han går fri.
Ein mann i 20-åra er pågripen i Bergen for å ha blotta seg for mindreårige.
Foto: Arne Frank Solheim / nrkTidlegare dømt for snikfilming av kvinner
Mannen er kjent for politiet, og har gjort liknande lovbrot tidlegare.
Han er dømd for å ha snike seg inn i bustader på Haugalandet, der han skal ha sett på fleire unge kvinner og filma dei medan dei sov. Forholda skjedde i ein periode mellom 2021 og 2023.
Fleire av kvinnene skal ha vakna av at den framande mannen var inne på soverommet deira. Nokon blei òg filma i lite klede gjennom vindauga sine, og fleire av dei fornærma var tenåringar, skriv BT.
Totalt 15 kvinner og to menn var fornærma i saka.
Dommen er på eitt år og ein månad med fengsel på vilkår, med ei prøvetid på to år. Saka blei liggande til behandling hjå påtalemakta i nærare tre år. Difor slapp mannen å sone.
Haugesunds Avis skriv at mannen tilstod dei fleste forholda i retten, og bad om unnskyldning til dei fornærma.
– Ingen ord kan bøte på trauma eg har påført, og eg beklagar sterkt. Eg skulle ønske eg kunne gjere noko for å gjere det godt igjen, sa han ifølgje avisa.
Fryktar at fleire er utsette
Like etter dommen i Haugaland og Sunnhordaland tingrett, blei mannen pågripen for lovbrota i Bergen.
Det er førebels fem mindreårige jenter som er fornærma etter blottinga i Bergen.
To av jentene hadde sjølv beskrive mannen til politiet, slik at dei klarte å spore han opp.
Politiet utelukkar ikkje at det det kan vere fleire fornærma.
– Det er nærliggjande å tenke at andre har blitt utsett for liknande, og dei ønsker vi gjerne at tar kontakt med oss, seier politiadvokat Per Øyvind Valland.
Publisert 22.06.2026, kl. 13.44 Oppdatert 22.06.2026, kl. 14.25










English (US)