Bjørnar har eit av verdas mest forhatte yrke

1 month ago 26



NB! Sterke inntrykk: Denne saka innheld bilde og skildringar av dyr som døyr.

♦♦♦

Kvaaaaaaaaaaal!

Klokka har knapt blitt fem på morgonkvisten når ropet gjallar gjennom kvalbåten «MS Ann Brita».

Fotograf Nima og eg vart plukka opp i Tromsø i går. Sidan har vi lege kvalme til køys i lugaren, med eit og anna avbrekk for å mate fiskar over ripa. Men no – når kvalen er observert – er det berre å bite tennene saman.

Når vi kjem ut på dekk, er vi langt ute på havet. I det fjerne ruvar Finnmarkskysten med sine snødekte fjell. Mannskapet på fire står på kvar sine plassar og speidar utover havet med konsentrerte blikk.

Bilde av mannskapet

SKIPPER: Frank Olsen (69). 1. SKYTTAR: Bjørnar Olsen (46), son av Frank. 2. SKYTTAR: Henning Olsen (23), soneson av Frank og nevø av Bjørnar. FLENSAR: David Paulsen (27), fetter av Henning, men ikkje i slekt med Frank og Bjørnar.

Styrbord, styrbord! ropar Henning frå tønna i toppen av masta.

Bjørnar vrir den raude harpunkanonen mot høgre idet ein mørk kvalrygg bryt havoverflata ca. 30 meter frå båten. Han stiller seg breibeint.

Bjørnar Olsen siktar med kanona mot ein vågekval

Det han snart skal gjere, blir avskydd over heile verda.

Dødssynda

I 2024 er Noreg, Japan og Island dei einaste tre landa i verda som driv med kommersiell kvalfangst.

Motstanden mot næringa er stor. Miljøvernorganisasjonar har sendt ut eigne skip for fysisk å prøve å stoppe dei norske kvalbåtane. Verdsstjerner som til dømes Paul McCartney, Brigitte Bardot og Leonardo DiCaprio har i tur og orden retta kraftig kritikk mot Noregs «barbariske praksis».

Enkelte kvalfangarar har mottatt drapstrugslar på grunn av yrket sitt.

Båtar frå miljøvernorganisasjonen Greenpeace forstyrrar den norske kvalbåten Kato, sommaren 1999.

KVALDEMONSTRASJON: Aktivistar frå miljøvernorganisasjonen Greenpeace forstyrrar den norske kvalbåten Kato, sommaren 1999.

Foto: STR / Reuters

Faktisk er det få ting resten av verda er meir einig om. På tvers av politikk, religion og etnisitet er bodskapen klar:

Det er spinn hakkande gale å drepe kval!

Men kvifor?

Kvifor er kvalfangst så mykje verre enn jakt på andre dyr?

Kvalar er vakre dyr. Eg trur det handlar mykje om det. Ingen hadde brydd seg om vi tok livet av rotter, sa Bjørnar da vi åt middag (steikt torsk og poteter) i byssa i går.

Bjørnar Olsen

Jo da. Det er sant. Kvalar er utruleg vakre, i alle fall nokre av dei. Men kva med alle rådyra, hjortane og elgane? Få reagerer på at vi tar livet av dei.

Er ikkje dei også ganske vakre?

Bør Noreg slutte med kvalfangst?

Ka-boom

Bjørnar siktar mot kvalen. Han har lukka det eine auget. Det andre er blodsprengt og fylt av hatefull galskap. Skyttaren frodar om munnen, ansiktet vrenger seg i ei rasande mine.

Nei da.

Han ser eigentleg ganske normal ut. Men under overflata brusar blodet. Han hugsar tilbake til da han som 22-åring skaut sin aller første kval, vest for Bjørnøya.

Da var nervane i heilspenn, og heile kroppen dirra. For å roe seg ned etterpå, måtte han sette seg med ryggen mot styrhuset og ta fire røyk på rappen.

– Men ingen må tru at vi gjer dette for moro skuld, seier Bjørnar. Kvalfangst er ikkje ein sport, det er levebrødet vårt.

Bjørnar Olsen på kvalbåten "Ann Brita".

Til saman har Bjørnar drepe fleire hundre kvalar. For å få lov til å skyte, må han kvart år avlegge skyttarprøve. Ho går ut på å treffe tre ringar på 80 cm i diameter som ligg og flyt nokre meter unna båten.

Ifølge Bjørnar er denne prøva berre tull. Å treffe tre ringar som ligg roleg i sjøen kan kven som helst klare. Å treffe ein levande kval i open sjø er mykje vanskelegare.

På havet står ingen ting stille.

Alt beveger seg, i ulikt tempo og ulike retningar. Heile tida. Kvalen beveger seg i ei retning, båten ei anna. Så var det bølgene. Dei hersens bølgene ... Skipper Frank snakkar om «kvalvêr», som er eit anna ord for det vi vanlege folk berre kallar «fint vêr»: sol, vindstille og flat sjø. I slike forhold er det mykje enklare både å finne og skyte kval.

I dag er det ikkje kvalvêr. Det er overskya. Sjøen er mørk, og bølgene er ikkje kjempestore, men dei er der.

Lågt skydekke over Finnmarkskysten.

Skyttaren må dermed stadig justere siktet: opp, ned, høgre, opp, venstre, ned, venstre, opp ...

Bjørnar kan ikkje forklare korleis han siktar, korleis han reknar ut alle dei ulike variablane for fart, retning og avstand. Han har ikkje tid til å tenkje, må berre stole på sin eigen intuisjon, sine eigne sansar og instinkt, for så å trykke av i nøyaktig riktig augeblikk.

Ka-boom.

Det norske drapsmaskina

Harpunen fyk gjennom lufta i 300 km/t.

På tuppen av det 16 kg tunge metallspydet er det festa ein granat som skal eksplodere idet harpunen trenger inn i kvalen.

Harpunen fyk gjennom lufta på veg mot kvalen.

Granatharpunen vart funnen opp av skipsreiaren Svend Foyn frå Tønsberg i 1863. Våpenet revolusjonerte kvalfangsten fullstendig.

Det nye harpunen gjorde jakta på kvalar meir effektiv. Altfor effektiv, vil nok mange meine. På 1800- og 1900-talet bidrog norske sjømenn til nærmast å reinske hava for kval.

Utover 1960- og 1970-talet vart kvalfangarane meir og meir uglesette. Miljørørsla vart viktigare i samfunnet, og organisasjonar som Verdas naturfond og Greenpeace gjorde kvalen til sin største maskot.

Unge amerikanarar demonstrerer mot norsk kvalfangst, 1. mai 1980.

«SLUTT HVALSANGSTEN»: Amerikanske demonstrantar med heilt medium norskkunnskapar demonstrerer mot den norske kvalfangsten i Washington D.C., 1. mai 1980.

Foto: Len Hawley / Getty Images

Det endelege internasjonale forbodet mot all kommersiell kvalfangst kom i 1986. Da var knølkvalen, blåkvalen og finnkvalen nesten utrydda frå jordkloden. No var håpet likevel tent; alle verdas kvalfangarland hadde blitt einige om å legge ned granatharpunane for godt.

Eller nesten alle, da. Tre land nekta å godta forbodet: Japan, Island og sjølvsagt den stolte kvalfangstnasjonen Noreg.

Ingen land drep fleire kvalar enn oss.

Det skal likevel seiast at vi slutta å jakte storkval, men heldt fram å jakte vågekval. Denne arten er ikkje kritisk trua. Ifølge Havforskingsinstituttet finst det truleg over 150.000 vågekvalar i norske farvatn.

Bom

Bom?!

Bomma han?

Eg og fotograf Nima ser på kvarandre. Skyttar Bjørnar ser ned, begynner å sveive inn tauet som harpunen er festa til. Han bomma.

Sjølv om det finst mykje vågekval i havet, er det dessverre ikkje slik at kvalane stikk hovudet opp framfor båten på bestilling. På det verste har Bjørnar segla ei heil veke utan å sjå ein einaste kval. Da er det naturlegvis fortærande å bomme når han først har sjansen.

Bjørnar Olsen ser utover havet.

Du har gode dagar og dårlege dagar, og så har du heilt forferdelege dagar, seier Bjørnar. Ein gong hadde eg fem bom på rad. Rundt oss fekk alle dei andre båtane masse kval, medan vi fekk ingen ting.

Bjørnar vedgår at han kjenner litt ekstra press på denne turen, når NRK skal følge med over skuldra på alt han gjer.

Mange kvalfangarar er redde for journalistar. Vi fryktar dårleg omtale viss kvalen blir skadeskoten, seier Bjørnar.

Og det er klart ein begynner å tenkje sine tankar ...

For at kvalen skal døy momentant, må Bjørnar treffe eit relativt lite område, like bak sveiva. Han må for all del ikkje treffe sveivkula, altså «skuldra» til kvalen. Ho er hard som eit skjold og vil stoppe harpunen frå å nå hjartet.

Men om han ikkje ein gong klarer å treffe kvalen, korleis kan vi da vite at han klarer å treffe riktig område neste gong han skyt?

Vi skal ikkje vente lenge før vi får svar på det spørsmålet.

Eit blodig minutt

Nokre få timar seinare dukkar nok ein kval opp på styrbord side av båten. Nok ein gong stiller Bjørnar seg breibeint bak harpunen og siktar, og nok ein gong høyrer vi eit digert smell idet han dreg i avtrekkaren.

Bjørnar Olsen skyt mot kvalen på Barentshavet.

Treff!

Ja, det må vere treff. Lina frå harpunen strammar seg. Framfor båten ser vi noko kave og bakse like under overflata. Raudt blod blandar seg med den kvite sjøsprøyten.

Kvalen kjempar for livet i Barentshavet.

Kvalen lever framleis.

Bjørnar tek raske klyv mot ei kasse som står framme på dekk.

Bjørnar tek raske klyv mot geværkassa for å avlive kvalen.

Han opnar loket og løftar opp ei grovkalibra rifle med «elefantammunisjon». David og Henning er på veg ned stigen frå tønna.

Henning Olsen klatrar ned frå tønna i kvalbåten Ann-Brita.

Dei stiller seg i baugen og justerer lina for å få kvalen i rett posisjon.

Bjørnar legg rifla mot skuldra, siktar mot hjernen og trekker av.

Bjørnar Olsen med rifla i handa.

Kvalen er død.

Men kor lenge var han i live? Ikkje meir enn eitt minutt, trur eg. Likevel – kor lenge kjennest eitt minutt med harpun gjennom kroppen?

Kvalen med harpunen gjennom kroppen.

Hovudargumentet mot den moderne kvalfangsten handlar om dette: at for mange kvalar lever for lenge etter at dei har blitt harpunerte.

I den moderne kvalfangsten døyr 82 prosent av kvalane momentant, altså treng 18 prosent eit ekstra skot med rifla.

Vi ønskjer å vere ærlege, seier Bjørnar og ser meg djupt inn i auga. – Kvalar blir skadeskotne. Slik er det. Men slik er det jo i all jakt.

Blod i vatn

Bjørnar har eit poeng. Hjortar og elgar blir også skadeskotne. Her finst det ingen gode tal, men professor ved Institutt for skog- og utmarksfag ved Høgskolen i Innlandet, Jon Martin Arnemo, anslår at ca. 10 prosent av elgane blir skadeskotne under jakta.

I motsetnad til kvalen heng heller ikkje elgen fast i ein harpun. Om dyret blir skadeskote, rømmer det ofte frå åstaden i ei rasande fart. Elgen risikerer dermed å lide i fleire timar, om ikkje dagar, før det blir avliva.

Når det kjem til småviltjakt, er prosenten truleg mykje høgare, utan at det heller her finst gode tal. Professor Arnemo anslår at over 50 prosent av rypene blir skadeskotne.

Det finst uansett ingen bevis på at den norske kvalfangsten skil seg veldig negativt ut samanlikna med andre former for jakt.

Så kvifor vekker kvaldrapet desse kraftige følelsane?

Moglegvis finst det andre svar som ikkje er like målbare, svar som ikkje ligg i den fysiske verda rundt oss, men i vår kollektive bevisstheit.

Eit heilagt dyr

Kvalen har fått ein kjetting rundt halen. Ein vinsj drar dyret sakte, men sikkert opp på dekk.

Kvalen blir dratt opp på dekk på båten "Ann Brita".

Henning og David finn fram sine skarpaste knivar og begynner å flense og partere dyret med det same.

Henning og David parterer kvalen

Blodet fossar ut av kvalen.

Det er noko med storleiken på dyret, dei enorme mengdene kjøt, spekk, blod og innvolar, som er vanskeleg å ta inn over seg. Og ifølge skipper Frank er ikkje dette ein gong ein stor kval.

Nei, dette er ein mager hannkval, seier han.

Fem nærbilde av død kval.

Som research til denne turen har eg pløgd meg gjennom den 729 sider lange romanen «Moby Dick» av Herman Melville. Boka handlar om kaptein Ahabs jakt på den kvite spermkvalen Moby Dick.

I boka blir kvalen skildra som ein slektning av det utanomjordiske sjømonsteret «Leviatan». Den mytiske skapningen er nemnt fleire plassar i Bibelen og går for å vere sjølve inkarnasjonen av hat og vondskap.

Men lesaren skjønar fort at den eigentlege skurken i denne historia ikkje er kvalen, men den blodtørstige kvalfangaren Ahab. Oppdraget hans verkar fullstendig meiningslaust. Kvifor skal han drepe stakkar Moby Dick?

Skodespelaren Gregory Peck i filmatiseringa av "Moby-Dick" frå 1956.

KAPTEIN AHAB: Første gongen Ahab prøver å drepe Moby Dick, bit den kvite kvalen av beinet til kvalfangaren. Sidan blir Ahab reint besett av hat og hemnlyst.

Boka blir rekna som ein av våre største klassikarar, eit verk som stadig blir referert til og gitt ut i nye former, mellom anna Oscar-vinnaren «The Whale» frå 2022.

Romanen har også gitt oss uttrykket «min kvite kval» og namnet til verdas mest kjente kaffikjede: Starbucks (kalla opp etter styrmannen på Ahabs kvalskute).

Sjølv om boka kom ut allereie i 1851, vart ho ikkje ordentleg populær før nesten hundre år seinare. Under den andre verdskrigen var det nemleg mange som begynte å kjenne seg igjen i «Moby Dick».

For denne blodtørstige kapteinen, som fekk med seg mannskapet sitt på eit så hatefullt oppdrag, nemleg å drepe ein kval som såg litt annleis ut enn andre ... Kunne ikkje han minne om ein viss tyskar med smal bart?

Sidan har kulturhistoria gong på gong fortalt oss at kvalen har ein unik og opphøgd status i dyreriket.

Bilde av Willy og Flipper

FANTASTISKE KVALAR: I filmar som til dømes «Free Willy» og «Flipper» bli dyra skildra som mystiske, utanomjordiske og ekstremt smarte.

Foto: Warner Bros / Ivan Tors Productions

Kvalen er heilag – eit dyr vi ikkje skal kødde med.

Kvalfangarens svanesong

Det blir ikkje noko meir blod på dekk denne dagen.

Kort tid etter den første fangsten dukkar ein ny kval opp framfor båten, men nok ein gong bommar Bjørnar i det avgjerande augeblikket.

Fotograf Nima klatrar opp i tønna for å kunne ta bilde frå fugleperspektiv om eit nytt individ skulle kome symjande. Der blir han ståande i time etter time, utan å sjå noko særleg anna enn måsar og mutte kvalfangarar.

Måse over Finnmarkskysten

Kvalen forsvann da Nima klatra opp i tønna, seier Frank spøkefullt.

Men kanskje med litt alvor også? Kvalfangstyrket er i likskap med fiskeyrket ikkje framandt for litt overtru. Det bringar ikkje nødvendigvis god fangstlykke å ha ein iransk fotograf i utkikstønna i time etter time.

Skipper Frank har uansett større ting å bekymre seg for. Sidan sjømannen begynte med kvalfangst ein gong på 1970-talet, har pila stort sett peika ein veg: nedover. Og det er ikkje slik at motstanden først og fremst kjem utanfrå landegrensene.

Det er nemleg ikkje lett å bli klok på kva staten Noreg eigentleg tenkjer om sin eigen kvalfangst. På den eine sida vart årets kvote auka til 1157 dyr. Men i skrivande stund er det så langt berre fanga 323 kvalar. Grunnen til det er enkel:

Nesten ingen vil kjøpe kvalkjøt.

Kvalkjøt

No kjempar kvalnæringa for at Noregs sjømatråd skal begynne å promotere kvalkjøt på lik linje med fisk og annan sjømat. Men Stortinget stemte seinast i mai i fjor nei til dette forslaget. Og daverande fiskeriminister Bjørnar Skjæran (Ap) var ærleg på kvifor:

Dersom Sjømatrådet nyttar ressursar på å marknadsføre kval, så vil det få negative verknadar for eksporten av sjømat.

Les: Om vi marknadsfører kvalkjøtet, kjem verda til å klikke og snakke MASSE drit om norsk sjømat og elles alt anna som er norsk.

Myndigheitene ser nok helst at vi sluttar med dette, seier Frank og tar ein slurk frå kaffikoppen.

Frank Olsen, skipper på kvalbåten "Ann Brita".

Han lærte sjølv å jakte kval av sin eigen bestefar på 1970-talet. Sidan har han levd heile sitt yrkesaktive liv på havet som kvalfangar. Men korleis blir framtida for hans eigen son og soneson?

– Kvar sesong kan bli den siste, seier han.

Dag blir til kveld, og kveld blir til natt. Vi legg oss i kvar vår køye nedst i båten. Frank blir verande oppe i styrhuset. I dei små morgontimar må fotograf Nima opp og trekke frisk luft (framleis sjøsjuk). På veg ut ser han plutseleg Frank ligge utslått i mørkeret på dørken.

Frank Olsen søv på dørken i båten "Ann Brita".

Er han død? Nei da.

Han søv og drøymer om kvalar.

Hei!

Har du nokre tankar om denne saka eller tips til andre historier vi burde sjå på? Eg blir veldig glad for alle innspel! Fleire langlesingar frå NRK Kultur finn du her

Vil du lære meir om den norske kvalfangsten?

Sjekk ut podkasten «Hvalkrigen» om kampen mellom aktivistar og kvalfangarar på 1990-talet:

Read Entire Article