Bjørn Arild trur at han vil bruka meir straum med noregspris

5 days ago 7



Bjørn Arild Fjeldsbø er ikkje ein fyr som «fyrer for kråkene».

Huset hans i Tyssedal er fullt av straumsparande teknologi. På telefonen har han fem appar som sørger for at han brukar straumen smart.

– Her har eg eit system som styrer lys og heime/borte, natt- og feriemodus. Slik at ein sparer litt straum.

hender som holder en telefon

Akkurat då NRK besøker Fjeldsbø, brukar huset hans under 1 kilowatt.

Foto: Tale Hauso / NRK

Men no får han og alle nordmenn eit tilbod som ikkje akkurat oppmuntrar folk til å spara på straumen: noregspris.

Denne nye straumstøtteordninga frå staten gir ein fast straumpris på 50 øre inkludert moms. Prisen gjeld til 31. desember 2026.

– Kan bruka litt meir

Fjeldsbø er ikkje i tvil om at han vil velja noregspris frå 1. oktober. Kanskje kan han då spara over 3000 kroner årleg.

– Eg gler meg veldig til noregsprisen kjem. Då kan eg bruka straumen når eg ønsker det, til den same prisen, utan å tenka på at det plutseleg blir kjempedyrt å laga middag.

Men samtidig peikar han på paradokset med billig fastpris på straum.

– Dette vil gjera at eg eigentleg kan bruka litt meir straum enn det eg gjer i dag, til lågare pris. Det er kanskje ikkje heilt intensjonen med den nye straumstøtta, men sånn vil det bli, meiner Fjeldsbø.

Då går kanskje «vinninga opp i spinninga».

– Eg vil tru at straumrekninga vil bli om lag som i dag, seier han.

Bjørn Arild Fjeldsbø sitt hus i Tyssedal

Huset til Fjeldsbø brukar 14.000 kWh i året. Han meiner dette er 8000 kWh under gjennomsnittet for ein slik bustad.

Foto: Tale Hauso / NRK

Ministeren: – Folk er fornuftige

Energiminister Terje Aasland frå Arbeidarpartiet nektar å tru at nordmenn flest vil tenka at billigare straum gir høve til å sløsa meir med straumen.

– Eg trur ikkje veldig mange tenker sånn. Eg trur norske folk er ganske fornuftige og har eit bevisst forhold til straumforbruket sitt.

– Dei ønsker å bruka den straumen dei treng for å leva eit godt liv, og samtidig ikkje sløsa.

Me tar ein kjapp sjekk på gata i Bergen. Vil fast noregspris på 50 øre få folk til bruka meir straum?

  • Camilla Einarsen Heggernes

    – Nei. Me er ganske medvitne på kor mykje straum me brukar og kva tid på døgnet me dusjar og sånt, seier Camilla Einarsen Heggernes.

  • Janneke Flem

    – Nei. Eg brukar det eg treng å bruka. Tar på meg fire genserar og tre par raggsokkar når det er kaldt, seier Janneke Flem.

  • Mette Hopstad

    – Nei. Eg er éin person i stort hus. Syns eg er flink til å følga med på straumforbruket uansett, seier Mette Hopstad.

Statnett kritisk

Men Statnett, som jobbar for at folk ikkje bruker meir elektrisitet enn straumnettet toler, hadde kritiske merknader da regjeringa lanserte noregspris.

Statnett meinte denne fastprisordninga ville gjera at færre bruker mindre straum, eller unngår straumbruk når kapasiteten er spreidd.

For eksempel på iskalde vinterdagar, eller når dei fleste lagar middag klokka 17.

Også leiar Bård Vegar Solhjell i Fornybar Norge seier noregspris kan redusera interessa for straumsparing.

Bård Vegard Solhjell er generalsekretær i WWF.

– Det løner seg framleis å bruka mindre straum, men med noregspris blir insitamenta svakare enn dei elles hadde vore, seier Bård Vegar Solhjell i Fornybar Norge.

Foto: Hallvard Norum / NRK

Undergrev dette enøk?

Energiminister Aasland vedgår at Statnett og Fornybar Norge har eit poeng.

– Det kan henda at nokon får ein litt mindre motivasjon for å spara straum, men sparing vil vere lønnsamt sjølv om ein innfører noregspris. Straumen du sparer, er kutt i straumrekninga di, så det er framleis viktig å spara straum.

Han avviser at billig noregspris vil undergrava målet om energiøkonomisering og anna straumsparing.

– Eg meiner ikkje at den gjer det. Det er framleis eit sterkt insitament for å spara straum. Det er pengar du ikkje betaler til nokon.

Men Solhjell i Fornybar Norge meiner noregspris særleg kjem til å gjera investering i solceller mindre lønsamt for privatpersonar.

Terje Aasland

Energiministeren trur ikkje noregspris vil undergrava andre mål, som energiøkonomisering og meir solenergi.

Foto: Petter Larsson / NRK

Aasland viser til at nettleiga framleis skal vera ekstra dyr på dei tidspunkta når mange brukar straum.

– Det vil framleis vera lønsamt å spreia forbruket av straum gjennom døgnet. For viss du bruker veldig mykje straum på ein kort tidsperiode, så vil du få høgare nettleige.

Det har kome kritikk mot noregspris av ulike grunnar:

  • Pengar

    Gorm Kallestad / NTB

    Kritikk #1

    Ordninga gir mest til hytteeigarar og dei som har mykje frå før, og mindre til låginntektsgrupper og andre som «faktisk treng ei handsrekking».

  • Acer-demonstrasjon utanfor Høgsterett 2023

    Frederik Ringnes / NTB

    Kritikk #2

    Støtta er ein potemkinkulisse som tilslører at det trengst meir radikale grep. «Det er eit paradoks at staten bruker milliardar på subsidiar for å sminke eit underliggande marknadssystem som er dysfunksjonelt», skriv Klassekampen-kommentator Bjørgulv Braanen.

  • Fastpris stimulerer til auka straumforbruk og svekker motivasjonen for energieffektiviseringstiltak. Kraftanalytikar Olav Botnen i Volt Power Analytic siger til Dagens Næringsliv at ordninga kan auke

    Colourbox / colourbox.com

    Kritikk #3

    Fastpris stimulerer til auka straumforbruk og svekker motivasjonen for energieffektiviseringstiltak. Kraftanalytikar Olav Botnen i Volt Power Analytic seier til Dagens Næringsliv at ordninga kan auke straumforbruket med 10 prosent.

  • Luftfoto Holmestrand vinter Speira (tidl. Hydro Aluminium)

    H. Philip Hofgaard / NRK Luftfoto

    Kritikk #4

    Om hushaldningane brukar meir av straumen og straumen er knapp, så blir det mindre straum att til industrien.

  • Auka kunnskap om samanhengen mellom kraftproduksjon og kapasitet i nettet kan brukast i dimensjoneringa av framtidige kraftleidningar.

    Heimdall Power

    Kritikk #5

    Auka forbruk skaper meir press i topplasttimane der nettet allereie i dag blir pressa det reimar og tøy kan halde.

  • solkraft

    Kritikk #6

    Ordninga demper investeringene i solkraft, og gjer energieffektivisering mindre attraktivt

  • Dagleg leder i Baker Hansen trekker tralle med brød ut av stekeovnen.

    Peder Martin Bergholt / NRK

    Kritikk #7

    Ordninga omfattar ikkje bakaren, slaktaren og andre næringar, som framleis må ut på den «vanlege marknaden».

  • Martin Bech Holte.

    NRK

    Kritikk #8

    Straumstøtta inngår i ein større klientifisering der Ola Nordmann blir slapp og venner seg til stadig nye «almisser» frå myndigheitene. Jf. systemkritikken i «Landet som ble for rikt» av Martin Bech Holte.

  • Landsmøte i Arbeidarpartiet 2023

    Heiko Junge / NTB

    Kritikk #9

    Arbeidarpartiet er ikkje er ideologisk konsistente. I februar 2023 sa Jonas Gahr Støre (Ap) til NRK at ein makspris på 70 øre kilowattimen kunne føre til «kraftkollaps». Året før, under straumpriskrisa, sa han at «makspris kan verke forlokkande», men at det var «vektige grunnar» til stå i mot freistinga til å overstyre marknaden.

Høg grense

Noregspris får du berre for opptil 5000 kWh i månaden i bustaden (og 1000 kWh i hytta). Men det vil påverka dei færraste til å kutta straumforbruket. Over 95 prosent av familiane bruker nemleg mindre straum enn det.

Nokon vil nå grensa, men me ønsker å inkludera dei fleste hushalda i Noreg, seier energiministeren.

Bjørn Arild Fjeldsbø heime i stova

Fjeldsbø risikerer ikkje å mista noregspris viss han brukar mykje straum, for han bruker langt mindre enn 5000 kWh i månaden.

Foto: Tale Hauso / NRK

Straumbrukaren me møter i Tyssedal vil få gleda av billig straum på heile forbruket sitt.

– Den grensa betyr ikkje noko for meg som vanleg forbrukar. Sjølv på dei kaldaste vintermånadene kjem eg sjeldan over 3500 kWh, seier Fjeldsbø.

Folk skal altså ha ganske stort hus eller dyre straumvanar før dei ikkje får noregspris på toppforbruket sitt.

– Dei som har både elbilar og elektrisk oppvarma garasjeinnkøyrsel, vil nok passera den grensa.

Energiminister Terje Aaslands hytte på Kyrkjebygdheia i Nissedal.

Energiminister Terje Aasland si hytte i Nissedal. Han og alle hytteeigarar kan nå få noregspris på opptil 1000 kWh i månaden.

Foto: Hans Philip Hofgaard / NRK

Publisert 24.09.2025, kl. 19.01 Oppdatert 24.09.2025, kl. 19.39

Read Entire Article