Birgit Skarstein har blitt mamma: – Heilt fantastisk

4 days ago 10



– Å få han på brystet var heilt fantastisk, det bitte vesle vesenet som eg har blitt så veldig godt kjend med gjennom ni månadar i magen. Men det er likevel heilt nytt, smiler Birgit Skarstein.

For nokre veker sidan blei ho og kjærasten, Christian Semb, foreldre for fyrste gong.

Det nye livet er travelt, og den vesle familien er alt på flyttefot.

en kvinne og en mann som sitter på en sofa

BARSELBOBLA: Birgit Skarstein og han ho er trulova med, Christian Semb, har blitt foreldre for fyrste gong.

Foto: Truls Skram Lerø / NRK

I juni kom nyheita om at Skarstein var gravid. Då var det berre eit halvt år sidan ho la opp.

– Eg har jo levd eit liv der det er veldig fjernt å ha barn. Toppidrettslivet er ganske intenst og altoppslukande.

Ho legg til:

– Så det kjentest langt unna, men eg har alltid ønskt meg det.

For nokre veker sidan fødde ho ein liten gut.

– Fødselen gjekk veldig fint. Barnet blei forløyst med keisarsnitt, bekreftar Skarstein.

en person som sitter på en sofa

FLYTTEKLARE: Den vesle familien skal flytte til ein stad med meir plass.

Foto: Truls Skram Lerø / NRK

– Stor respekt

Ho vedkjenner at ho har måtte ta det med ro etter fødselen, og at ho har vore i ganske dårleg form.

– Det er ein stor operasjon. Og det har gått veldig bra. Det er jo komplekst. Det er jo ikkje rett fram å føde eit barn, legg ho til.

  • en person som sitter i en stol med sykkel i et rom med seng og skrivebord

    NYTT KAPITTEL: Familien skal flytte og er klare for eit nytt kapittel i livet.

    Foto: Truls Skram Lerø / NRK
  • en mann som dytter en kvinne i rullestol

    HJELPANDE HAND: Skarstein og kjærasten på trilletur.

    Foto: Truls Skram Lerø / NRK
  • en kvinne i rullestol som snakker med en mann i rullestol

    PÅ VEG: Skarstein og den vesle familien er på veg til hennar fyrste dag på jobb.

    Foto: Truls Skram Lerø / NRK
  • Birgit Skarstein et al. på en buss

    PÅ FARTA: Familien tek T-banen.

    Foto: Truls Skram Lerø / NRK
  • en kvinne som sitter i en stol

    JOBB: Fyrste dag på jobb etter fødsel.

    Foto: Truls Skram Lerø / NRK
  • en mann i dress foran en gruppe mennesker

    BARNEPASS: Kjærasten passar sonen, medan mor held føredrag.

    Foto: Truls Skram Lerø / NRK
  • en person som skjærer en kake

    STAS: Sonen får mykje merksemd av kollegaer.

    Foto: Truls Skram Lerø / NRK
  • en kvinne som holder en baby

    KOS: Fleire vil hilse på den vesle guten.

    Foto: Truls Skram Lerø / NRK

Skarstein innrømmer å ha vore litt nervøs i forkant av fødselen. Da ho var 20 år vart ho lam etter ei epiduralbedøvelse som gjekk gale.

– Eg veit at det statistisk sett er liten risiko for at ting går gale. Samtidig har eg jo kjent på kroppen sjølv kva konsekvensane kan vere når det hender. Å føde er noko av det mest risikofylte vi gjer i livet, så det har eg stor respekt for.

Gir ut bok

Barseltida har vore alt anna enn roleg for Skarstein. I tillegg til å flytte, lanserer ho no ein sjølvbiografi som heiter «Så mye hadde jeg, så mye mistet jeg, så mye fant jeg».

Når NRK er på besøk, sit ho på golvet i ein ganske tom leilegheit, blant flyttekasser og babyutstyr, og signerer bøker.

– Det er imponerande av ei som akkurat har fødd, seier kjærasten i det Skarstein støttar seg opp i stolen att.

  • Du møter Birgit Skarstein og familien i Dagsrevyens magasin laurdag.

På spørsmål om kvifor ho ville skrive bok, svarer Skarstein:

– Eg tenkjer det er veldig viktig å fortelje kvarandre historier. Då får ein innblikk i kvarandres liv og virke. Slik at me kan lære kvarandre på godt og vondt.

Ho legg til:

– Eg har gått mykje på trynet. Det er utruleg mykje eg skulle og burde gjort annleis viss eg hadde visst det eg veit no. Så om eg fortel dei tinga, så kanskje nokon andre slepp å gjere same blunderar som meg.

– Samstundes har eg hatt nokre strategiar for omstilling som har fungert veldig bra. Kanskje det kan vere til nytte for fleire, fortel Skarstein.

Må vere litt «Reodor Felgen»

No som ho har blitt mor er det mange nye ting å finne ut av. Det er ikkje alt som er tilrettelagt ei småbarnsmor i rullestol.

Ho kjenner nesten litt at det er som å vere tilbake i idretten, med det å tilpasse og finne løysingar som funkar.

LØYSINGSORIENTERT: Skarstein prøvar å finne løysingar som funkar for ho.

– Det hadde vore deilig viss mange av dei løysingane hadde vore på butikken, og eg berre kunne gått og handla dei, men der er dei ikkje. Då har me vore litt Reodor Felgen sjølv. Me finn løysingar undervegs, seier ho.

Skarstein set stor pris på den gode støtta frå kjærasten. Ho må vere forsiktig med å løfte og bere ting, då er det ofte han som gjer det.

– Me har ein ambisjon om å finne ein smart måte å dytte ein barnevogn på med rullestol. Eg trur det er fullt mogleg, smiler Skarstein.

en person som skyver en barnevogn

TRILLETUR: Den vesle familien på tur. Etter kvart vil dei finne måtar, slik at Skarstein også kan trille barnevogna.

Foto: Truls Skram Lerø / NRK

Ho fortel at ho og kjærasten Christian er flinke til å spele på kvarandres styrker.

– Nokre praktiske oppgåver fell på meg, medan det er andre som fell på deg, seier ho og ser på kjærasten.

– Eg trur det er nykelen til livet. Til eit godt partnarskap, legg han til.

Publisert 26.09.2025, kl. 00.01 Oppdatert 26.09.2025, kl. 00.09

Read Entire Article