Bernie Sanders om valfiaskoen: – Arbeidarklassen har forlate dei

2 weeks ago 10



– Det burde ikkje vera noko stor overrasking at Demokratane, som har forlate arbeidarklassen, finn ut at arbeidarklassen har forlate dei.

Det skriv Bernie Sanders på X. Han er uavhengig senator frå Vermont som to gonger kjempa om å verta presidentkandidat for Demokratane.

Han peiker samstundes på fleire grunner til at befolkninga ønsker endring:

  • Økonomisk ulikskap
  • Lågare levestandard og frykt for konsekvensane av KI
  • Mangel på offentlege helsetenester og dyre medisinar
  • Motstand mot Israel og krigen i Gaza

Tal som viser korleis dei ulike gruppene i USA stemte i årets val, peiker på at Sanders har eit poeng.

55 prosent av veljarar utan høgare utdanning stemte nemleg på Donald Trump, viser tal frå nyheitsbyrået AP.

Den same gruppa er òg ganske samstemt om at:

  • Trump er betre skikka til å handsama økonomien
  • Kamala Harris ikkje er ein sterk leiar

Berre 43 prosent av dei utan høgare utdanning stemte på Kamala Harris.

Dermed ser det ut til at tendensen frå 2016 har fortsett. Det var nemleg kvite arbeidarklasseveljarar og dei utan utdanning som gav Trump sjokksigeren i 2016.

Gamal forklaring i nytt val

Det er ikkje berre uttrykk som «Make America Great Again» og «We're not going back» som har vore brukt i årets valkamp.

Faktisk har eit uttrykk frå presidentvalkampen i 1992 òg fått ein slags renessanse.

«It’s the economy, stupid» var opphavleg meint for intern bruk blant Bill Clinton-medarbeidarar for å halda fokus gjennom valkampen.

Men innhaldet har vist seg å vera aktuelt i årets val òg.

7 av 10 veljarar svarte at inflasjon og høge prisar var den viktigaste saka for korleis dei stemte, ifølge valdagsmålinga til nyheitsbyrået AP.

James Carville og Bill Clinton under valgkampen i 1992.

Eitt av dei mest berømte uttrykka i amerikansk politikk vart til på dette kontoret i Little Rock, Arkansas.

Foto: SPENCER TIERY / AP

Økonomi viktig for mange

Ei måling frå Edison Research viser at 79 prosent av dei som sette økonomi øvst på lista, stemte på Trump. Berre 20 prosent ville stemma på Kamala Harris.

Tal frå AP viser dessutan at fleirtalet i alle aldersgrupper meiner Trump er best skikka til å handsama økonomien.

Analytikarar har peika på den høge prisstiginga dei siste åra som ei klar årsak til at mange vende seg til Trump.

Trass i at Biden-administrasjonen har lukkast med å få prisstiginga under kontroll, og at:

  • veksten i den nasjonale økonomien er god
  • arbeidsløysa er nær historisk låg
  • forbruket held seg stabilt
  • gjennomsnittsformuen til amerikanarar er rekordhøg

Alle merkar nemleg ikkje oppgangen.

I undersøkinga til Edison svarar 45 prosent at familieøkonomien deira er dårlegare enn for fire år sidan. 20 prosent svarte det same i 2020.

Overordna meiner Trump-veljarane at den amerikanske økonomien går dårleg.

Dette stemmer ikkje, men mange opplever høge matvareprisar og lønningar som ikkje heilt har tatt igjen inflasjonen. Mange opplever også at dei har det mykje strammare no enn i åra då Donald Trump var president.

Det seier Sigrid Rege Gårdsvoll, USA-kjennar og kommentator i Vårt Land.

Innvandring fem gonger viktigare

Den andre store saka for Trump-veljarane er innvandring. Han køyrde hardt på motstanden mot innvandring under valkampen i 2016, fortsette i 2020 og fortsette no.

Tala frå AP peiker på at det var rett av han.

Innvandring var nemleg fem gonger viktigare for veljarane i årets val enn i 2020, viser tala.

2 av 10 seier det var den aller viktigaste saka for dei.

Dei siste fire åra har nærare 10 millionar passerte grensa over frå Mexico, etter at president Biden oppheva fleire av grensetiltaka som Trump innførte. Mange tar seg over ulovleg.

Førre gong Trump var president, stengde han døra for mange migrantar som ville til USA.

I valkampen har han sagt at han vil samla opp millionar av papirlause innvandrarar i leirar og så massedeportera dei.

Omfamna av latinos

Latinamerikanske veljarar, kalla «latinos», har tradisjonelt sett stemt på Demokratane.

I år ser ein eit tydeleg skifte.

Heile 42 prosent av veljarar med latinamerikansk bakgrunn stemte på Trump, ifølge AP.

Talet er endå høgare om ein berre ser på mennene. Der stemte 47 prosent på Trump.

Fotograf Roel Reyes (59) er ikkje overraska. Han bur i Rio Grande i Texas, i det fylket med høgast andel latinamerikanarar.

Han køyrer rundt i ein bil pynta med Trump-flagg, og seier han nesten berre får positive reaksjonar.

Roel Reyes (59) foran en hvit bil med Trump-flagg

Om ein ser Roel Reyez ute på køyretur, er det ikkje noko tvil om kven han stemte på. Bilen er nemleg pynta med både Trump-flagg, i tillegg til amerikanske flagg.

Fotograf Roel Reyes (59) køyrer rundt i ein bil pynta med Trump-flagg, og seier han nesten berre får positive reaksjonar.

– Mesteparten av den latinamerikanske befolkninga er konservativ. Me er konservative folk, og Demokratane har gått for langt til venstre, seier han til nyheitsbyrået.

Analytikarar kallar det eit katastrofeval for Demokratane. I 2024 vann Joe Biden gruppa med 63 prosent.

Spesielt i delstatar som Florida og Texas er flyttinga mot Republikanarane tydeleg, men ein kan sjå det same mønsteret i fleire andre delstatar.

Latinamerikanarane er den raskast veksande befolkningsgruppa og utgjer om lag 12 prosent av veljarane.

Går mot høgre

Det er ikkje berre latinos som har bevega seg mot republikansk side i dette valet.

– Han har gått fram i alle veljargrupper, minus kvinner med høgare utdanning.

Det seier USA-kjennar og serieskapar Gjermund Stenberg Eriksen til NRK torsdag.

Mange venta at unge menn kom til å stemma på Trump. Det gjorde dei òg.

52 prosent av menn under 45 år stemte på han. Endå meir populær var han blant menn over 45.

Ekspertar peikar på motstand mot Metoo-rørsla og woke som moglege årsaker til auken.

Overveldande støtte til Harris i éi gruppe

Men éi gruppe skil seg klart ut i motsett retning: svarte kvinner.

Målinga til AP viser at heile 89 prosent av dei stemte på Kamala Harris, medan berre 9 prosent stemte på Trump.

Òg latinamerikanske kvinner og svarte menn stemte på Demokratane i mykje større grad enn andre grupper.

Alexis Buchanan Thomas er medgrunnleggar av Black Girls Do Politics, ei foreining som vil få svarte kvinner inn i politikken.

Alexis Buchanan Thomas, en kvinne i oransje hettegenser sitter på en sofa foran en blå vegg

Alexis Buchanan Thomas trur ikkje at valsigeren handlar om etnisitet, men heller om kvinner generelt.

Foto: AP

Ho er djupt skuffa over resultatet, og seier mange er redde for kva det vil bety. Ho peikar òg på at mange svarte og latinamerikanske mann stemte på Trump.

– Eg føler at mange svarte kvinner føler seg forrådde at våre brør i denne bevegelsen, som valte å gå ein veg som ikkje nødvendigvis vil beskytta kvinner, seier ho til nyheitsbyrået AP.

Publisert 07.11.2024, kl. 09.49 Oppdatert 07.11.2024, kl. 10.00

Read Entire Article