Bergensbana har stått i over to timar på Hønefoss stasjon

3 hours ago 5



Sidan klokka 10 har eit toget frå Oslo mot Bergen stått fast på Hønefoss stasjon.

– Det har vore ein signalfeil ved Hønefoss stasjon som gjer at toga ikkje kan køyre forbi, seier pressevakta i Vy, Kaja Rynning Moen.

Det var VG som meldte om togstansen først.

Det er togstrekninga mellom Hønefoss og Flå er stengd,

Ifølge pressevakta i BaneNor, Olav Nordli kjem strekninga til å vere stengd fram til klokka 17.

Vy er i gang med å frakte dei 300 passasjerane frå Hønefoss og Flå med bussar og maxitaxiar, for at dei kan ta toget vidare frå andre sida.

Det kjem og til å bli forseinkingar for toget som gjekk søndag morgon frå Bergen til Oslo og ettermiddagstoget frå Oslo til Bergen.

– Det er vanskeleg å seie kor store forseinkingane blir, men det blir mykje forseinkingar for mange.

Har venta i over to timar

Ein av dei som ventar på toget i Hønefoss i over to timar, er Karin Holmedal.

Ho skulle eigentleg rekke ein lunsj med eit bransjetreff på Gol. No ser det ut som om lunsjen går i vasken.

– Eg er mest irritert på meg sjølv fordi eg ikkje bestilte buss opp, seier ho.

Bergensbana

Dei reisande har fått utdelt litt vatn og snacks.

Foto: Privat

Ho fortel at det er mange turistar om bord som skal rekke ferjer og fly vidare.

– Ein kan jo nesten ikkje bestille togturar eller reise med tog når ein berre blir sitjande her.

Håper å opne igjen halv to

Olav Nordli i BaneNor seier at årsaka til togstansen er ein feil på anlegget for køyrestraumen til toga som oppstod søndag føremiddag.

Ifølge han foregår utbetringa for fult.

– Vi håper at feilen blir utbetra og at banen kan opne igjen i halv totida. Det er den siste prognosen vi har, men vi må ta atterhald så lenge arbeidet går føre seg.

Han har forståing for kundane som er lei av å vente.

– Vi er alltid lei oss for når det oppstår feil som gjer at folk får reisa si råka av det.

Publisert 13.10.2024, kl. 13.14 Oppdatert 13.10.2024, kl. 13.30

Read Entire Article