Lagmannsretten er like klar på mannen si uskuld, som tingretten var på mannen si skuld.
– Han er veldig letta. Og vart overlukkeleg då han fekk beskjed om at han var frifunnen. Samstundes er det ein trist dag. Han har mista kontakten med borna sine, seier mannens advokat, Mette Yvonne Larsen.
– Han har vore på felgen
I november i fjor dømde Hordaland tingrett den tidlegare advokaten for langvarig vald mot ekskona og dei no vaksne borna deira.
Straffa var to år og to månader i fengsel, samt å betale 3,1 millionar kroner i erstatning til dei fornærma.
– Han mista yrket sitt. Han mista økonomien sin og eig ingenting lenger. Han har vore på felgen. No får han autorisasjonen tilbake som advokat, men har mista kontakten med borna sine. Det er noko av det verste for han, seier Larsen.
Det har førebels ikkje lukkast NRK å få kommentar frå politiadvokaten, eller bistandsadvokaten til ekskona.
Bistandsadvokaten til borna ynskjer ikkje å kommentere saka.
Det var TV 2 som først omtala frifinninga.
Gulating lagmannsrett fann ingen grunn til å tvile på bergensadvokaten si uskuld.
Foto: Simon Skjelvik BrandsethKritikk mot politiet
Larsen rettar krass kritikk mot etterforskinga til politiet, og meiner politiet tok eit standpunkt tidleg i saka. Det var kvinna sjølv som melde saka til politiet etter at dei to gjekk frå kvarandre.
Larsen meiner det er openbert at forklaringane er samkøyrde, og at politiet burde fanga opp det.
Larsen hevdar vidare at politiet ikkje har sikra eventuelle bevis frå telefonane.
– Den jobben måtte underteikna som hans forsvarar gjere, og det skapte eit heilt anna bilete av korleis dialogen faktisk har vore, seier ho.
Varslar erstatningskrav
Larsen meiner saka ikkje skulle ha hamna i retten.
– Det blir ikkje stilt kritiske spørsmål. Ein tek eitt avhøyr av kvar, og så blir det teke ut tiltale. Veldig få vitne er avhøyrde, seier ho.
– Det viser seg jo at det ikkje er bevis i sanntid frå «det her» har skjedd. Ingen har vore uroa, held ho fram.
Sjølv om Gulating lagmannsrett frifann mannen, varslar forsvararen eit større erstatningskrav som følgje av saka.
– Vi kjem til å fremje eit større erstatningskrav, fordi han har tapt betydelege inntekter gjennom desse åra der han ikkje har praktisert som advokat, seier ho.
Mette Yvonne Larsen er kritisk til politiet si etterforsking etter at ein bergensadvokat i 50-åra vart frifunnen for skuldingane om langvarig familievald.
Foto: Lars Thomas Nordby / NRKTurbulent forhold
Ifølgje tiltalen som Hordaland tingrett bygde dommen på, skulle mannen over 19 år ha slått, dytta, lugga, sparka, vist skremmande åtferd og brukt nedsettande ord.
Mannen har heile vegen stilt seg uforståande til skuldingane mot han, men vedgjekk einskilde episodar om skubbing og uhell.
Både i tingretten og under ankesaka i lagmannsretten hevda han si uskuld.
Begge rettsinstansar fann at forholdet i det tidlegare ekteskapet var turbulent.
Tingretten utelukka forklaringa til mannen, og fann ingen grunn til å tvile på forklaringa til kona og borna.
Lagmannsretten fann på si side ingen grunn til å tru at dei fornærma bevisst forklara seg uriktig, men kunne ikkje sjå vekk frå at det over tid var skapt ei form for «sanning».
Den tidlegare advokaten avvikla advokatpraksisen og leverte inn advokatløyvet sitt i fjor som følgje av saka.
– No kan han endeleg sjå framover, og starte opp att med yrket sitt som advokat, seier Larsen.
Publisert 30.09.2025, kl. 21.45 Oppdatert 30.09.2025, kl. 21.57