Det er ikkje alltid nok vaksne i barnehagen for dei minste ungane.
Det viser ein ny studie frå forskarar ved Universitetet i Sørøst-Noreg.
Bemanningsnorma når ikkje dei yngste, slår studien fast.
– Alarmerande
Karin Hognestad er professor ved Institutt for pedagogikk ved Universitetet i Sørøst-Noreg, og forskar på kvalitet i barnehagen.
Bemanningsnorma skal gjelda for barnehagen som heilskap, men blir ikkje oppfylt i stor nok grad når det gjeld dei yngste.
Det var forskning.no som først omtalte saka.
Bemmanningsnormen
Bemanningsnorma er eit krav i norsk barnehagelov som slår fast eit minimum tal på tilsette per barn, spesifikt ein tilsett per tre barn under tre år og éin tilsett per seks barn over tre år.
Denne norma, som vart innført 1. august 2018, sikrar at det er tilstrekkeleg grunnbemanning i barnehagane for å dekke barn sine behov.
I tillegg til bemanningsnorma finst òg ei pedagognorm, som krev at det er ein pedagogisk leiar per sju ungar under tre år og per fjorten ungar over tre år.
Kjelde: Udir
Data i studien er samla inn frå rundt 20 avdelingar i éin kommune sine barnehagar.
Dei tilsette har registrert talet på tilsette som har vore inne på avdeling med ungane i ein periode om hausten og ein periode om vinteren.
Ifølge Hognestad er kommunen representativ.
Ho seier foreldre har høge forventningar til barnehagen, og at det er ein avgjerande arena for sosialisering, leik og utvikling.
– Me veit at dette er av stor betydning. Så det er alarmerande når ein ser at bemanningsnorma i så liten grad blir oppfylt, held ho fram.
– Barnehagen har ein veldig viktig funksjon i barn og foreldra sine liv. Det er mange forventningar knytt til barnehagen, med rette, seier professor ved Institutt for pedagogikk ved Universitetet i Sørøst-Noreg, Karin Hognestad til TV 2.

– Kva er det ungane mister når dei ikkje har nok vaksne rundt seg?
– Dei mister moglegheita til å få oppfølging når dei treng det. Dei mister moglegheita til eit fang når dei treng det. Dei mister moglegheita til språk og språklæring gjennom gode kvardagssamtalar i barnehagen, seier Hognestad.
Hognestad seier at feltet har ropt om dette i årevis. Likevel understrekar ho at dei tilsette strekker seg langt kvar dag for å vareta ungane, sjølv om bemanninga er dårleg.

Manglar mange
Det har lenge vore stort behov for fleire barnehagelærarar. I år manglar det rundt 2700 årsverk for å fylla opp barnehagelærarnormen.
Det gjer at andelen barnehagelærarar er på rundt 43 prosent av dei tilsette i barnehagen.
Det er to år etter regjeringa kom med ei ny målsetting, nemleg at barnehagelærandelen skulle vera på 60 prosent innan 2030.
KS: – Ein pressa arbeidssituasjon
Kristin Holm Jensen er avdelingsdirektør for oppvekst, kultur og utdanning i KS.
KS er arbeidsgivarorganisasjon for dei kommunale barnehagane.
Ho meiner i motsetning til Hognestad at studien ikkje er særleg representativ, men understrekar behovet for riktig bemanning.

– Me veit at det er ein pressa arbeidssituasjon i mange barnehagar, mellom anna på grunn av høgt sjukefråvær. KS samarbeider med tilsette og foreldre for å betra situasjonen, mellom anna eit program for å redusera sjukefråvær, seier Holm Jensen til TV 2.
Ho seier dette har gitt gode resultat, og viser til Utdanningsdirektoratet sine tal som seier at 99,5 prosent av barnehagane oppfyller bemanningsnorma.
– Har teke grep
– Det er heilt grunnleggjande at det er nok tilsette til stades i barnehagen for å kunne gi ungane våre eit godt barnehagetilbod. Kommunane og barnehageeigarane skal sikre at det er nok tilsette på jobb, slik at bemanninga er tilstrekkeleg og i tråd med barnehagelova, seier Synnøve Mjeldheim Skaar, som er statssekretær i Kunnskapsdepartementet.

Mjeldheim Skaar understrekar at barnehageeigarane skal sørgja for at barnehagen planlegg og arbeider langsiktig for å sikra at bemanninga er tilstrekkeleg.
– Korleis jobbar de for å følga opp bemanningsnorma?
– Me veit at dette blir tolka på ulike måtar ulike stader i landet. Vi har derfor teke grep for å tydeleggjere kva som faktisk blir kravd av barnehageeigarar og styrarar for å oppfylle krava.
Ho seier regjeringa har tatt grep for å nå måla om 60 prosent andel barnehagelærarar innan 2030.
Mellom anna har regjeringa sikra 216 millionar kroner i auka pedagogtettleik, og eit nytt tilskot på 200 millionar kroner til ei ordning med toppa bemanning.