Det er sett i gang redningsaksjon ved Kråkenes fyr etter ein skjærgårdsjeep vart funnen drivande med kjølen opp, melder politiet.
Det blir søkt etter tre personar, bekreftar Hans Jakob Gulliksen, redningsleiar i Hovudredningssentralen til NRK.
Gulliksen opplyser om at den kantra båten er ein utleigebåt.
– Utleigar har bekrefta til oss at det var tre personar som drog ut i båten tidlegare i dag.
Redningsskøyter, redningshelikopter og politiet er iverksatt i søket.
– 15 personar frå brannvesenet er på veg opp frå Måløy i båt, seier Børre Brekkvassmo, fungerande vaktkommandør i brannvesenet.
Frivilleg mannskap er også kalla ut for å bistå i søk langs land.