Doula blir kontakta av fortvilte gravide som vil føde uassistert

4 hours ago 7



Debatten om kvinner som føder heime utan helsepersonell rasar. På Austlandet blei ein doula og ein person til politimeld etter at ein baby døydde.

Eva Rose har jobba som doula i over 20 år og seier at ho blir kontakta av fortvilte kvinner som vil føde heime utan helsepersonell til stades. Dei siste fem åra har ho fått rundt 30 førespurnader.

– Det synest eg er altfor mykje. Eg føler at alle fortener profesjonell helsehjelp, seier Rose.

Før pandemien hadde ho berre fått eitt spørsmål om uassistert heimefødsel.

Seier nei

Kvinnene som kontaktar doulaen fortel at dei har hatt traumatiske fødselsopplevingar på sjukehuset og vil ikkje tilbake.

Dei vil heller føde heime, men manglar tilbod om jordmødre som kan assistere under heimefødsel.

– Når kvinner kjem til meg og seier at dei har lyst til å føde uassistert, så fortel eg om alle risikoane. Du veit ikkje om babyen har det bra undervegs i fødselen, seier Rose.

Rose seier nei til å bli med på uassisterte fødslar, og fryktar å bli straffa dersom det skulle skje noko med mor eller barn.

Helsedirektoratet frarår sterkt planlagde uassisterte heimefødslar. I fjor var det 21 slike heimefødslar, ifylgje Folkehelseinstituttet.

Eva Rose er doula og fødselsfotograf og sit ved eit bord

Eva Rose er ikkje utdanna helsepersonell og vil ikkje ta medisinsk ansvar for mor og barn under ein fødsel.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Vurderer å føde uassistert

Blivande firebarnsmamma Kristina Folkestad vurderer å føde heime, utan helsepersonell. Ho er kritisk til at fødslane blir stadig meir medisinske, med igangsettingar, riestimulerande middel eller keisarsnitt.

– Eg vil ikkje leve i eit samfunn der normalen er å skjere barna ut av kroppen til mødrene og at komplikasjonar er normalen. Det er ein aukande trend heile vegen, seier Folkestad.

Ho syntest første fødsel på sjukehus var grufull og valde difor heimefødsel med jordmor dei to neste gongane på Austlandet.

Kristina Folkestad med nyfødd baby i badekar etter heimefødsel

Kristina Folkestad har fødd heime to gongar og vil gjere det igjen når ho skal føde i oktober.

Foto: Hilja Marie Almerud

Vil ha naturleg fødsel

No når ho har flytta til Hareid på Sunnmøre finst det ingen jordmødrer som tar på seg heimefødsel. Difor kan det hende at ho føder heime utan helsepersonell når ho har termin i oktober.

Då får ho sjølv styre fødselen på ein naturleg måte.

Helsepersonell og andre vil meine du sett barnets liv i fare. Kva tenker du om det?

– Å bruke frykt er eit virkemiddel for kontroll. Det finst ikkje risikofri fødsel uansett om du er på sjukehus, seier Folkestad.

Ho saknar meir forsking på kvinner som føder uassistert og om det er større risiko for at det skal gå gale.

Folkestad understrekar at ho kjem til å dra på sjukehuset dersom ho merkar at noko kjennest feil ut.

Det var VG som først fortalde historia hennar.

Var med på uassistert fødsel

Eva Rose innrømmer at ho var med på ein uassistert heimefødsel for mange år sidan, med ei kvinne som hadde mista tilliten til sjukehuset.

Skulle ho kome opp i ein situasjon der kvinna bestemmer seg for å føde åleine, heilt utan assistanse, kan det tenkast at ho likevel stiller opp.

– Då er det betre at eg er der, enn at kvinna er der åleine. Eg kan faktisk overtale kvinna til å dra til sjukehuset, dersom eg ser at noko ikkje er bra, seier Rose.

Doulaen har vore med på over 320 fødslar, der dei aller fleste var på sjukehus.

Ho trur løysinga for at gravide skal få tilliten tilbake er å tilsette fleire jordmødrer på sjukehusa, opprette fleire jordmorstyrte avdelingar for friske fødande og fleire heimefødseltilbod.

– No spring jordmødrer frå fødestue til fødestue, utan å kunne gi den tida dei ynskjer til kvar fødande.

– Spreier desinformasjon

Hanne Charlotte Schjelderup i Jordmorforbundet ser at influensarar spreier ein del desinformasjon om norsk fødselsomsorg, og trur det er ein av grunnane til at kvinner vil føde uassistert.

– Kvinner kan bli lura til å sette sitt eige og barnets liv på spill når dei vel bort livsviktig helsehjelp i fødselsomsorga, seier Schjelderup.

Leder i Jordmorforbundet, Hanne Charlotte Schjelderup med et nyfødt barn på Rikshospitalet.

Leiar i Jordmorforbundet, Hanne Charlotte Schjelderup, rår frå uassistert fødsel på det sterkaste.

Foto: Jordmorforbundet

Ho meiner nedbygginga av fødeavdelingar og knapp bemanning gjer at mange kvinner ikkje føler seg godt nok varetatt på sjukehus. For å unngå at kvinner føder heime utan helsepersonell, meiner ho at styresmaktene må styrke fødetilbodet.

– Det blir kutta i livsviktige kvinnehelsetilbod når helseføretaka skal spare. Det går dessverre utover kvinnehelse og fødselsomsorga, seier Schjelderup.

Helseminister Jan Christian Vestre (Ap) har bede Helsedirektoratet om å gjennomføre ei undersøking om brukarerfaringar med den offentlege fødselsomsorga.

Publisert 04.05.2025, kl. 22.52

Read Entire Article