Bagasjeproblem på Flesland: No er bagasjeanlegget fiksa

1 month ago 24



Søndag ettermiddag er det store utfordringar med bagasjeanlegget på Bergen lufthavn Flesland.

Over fleire timar har det hopa seg opp store mengder bagasje som skal sjekkast inn til avreise i avgangshallen. Årsaka er at fleire av bagasjebanda stansa opp som følge av straumstans.

Ein teknikar jobba lenge med å rette feilen. Imens nytta Avinor alternativ løysing ved å sende bagasje på band som ikkje har vore råka av feilen. Det førte til lenger ventetid for å få levert bagasje.

Først i 16.30-tida melder Avinor at bagasjeanlegget er oppe og går att.

– Det tok lenger tid å rette feilen enn vi først antok, så det er mykje bagasje som står att i avgangshallen. Dette vil måtte ettersendast utover kvelden og i morgon. Vi er lei oss for konsekvensane denne feilen fekk for dei som blei ramma, seier pressevakt Carita Storm Røsaasen.

Read Entire Article