Avsluttar leiteaksjon – trur ikkje lenger nokon er sakna

4 hours ago 2



Det vart sett i gang ein stor leiteaksjon etter ei bilulukke i Øygarden seint torsdag kveld.

– Bilføraren var forsvunnen frå skadestaden da nødetatane kom fram. Me har ikkje kome i kontakt med han og fryktar han kan ligga skadd i området, skreiv Vest politidistrikt i politiloggen klokka 23.54.

Like etter klokka 3 skriv politiet at dei er ferdige med eit stort søk, men ikkje har funne spor av nokon i området.

– Det er difor ikkje lenger grunn til å tru at han ligg skadd utandørs, skriv operasjonsleiar Morten Rebnord i politiloggen.

Politiet har vore på Haukeland sjukehus for å avhøyra ein person som var i bilen.

– Han ynskjer per no ikkje å forklara seg til politiet. Politiet opprettar sak, skriv operasjonsleiar vidare.

Usikre på kor mange som var i bilen

Rundt klokka 2 sa politiets innsatsleiar på staden, Ivar Kvant, til NRK at dei var usikre på om det var éin eller to personar i bilen.

Både spor i bilen og vitneskildringar peika på at det var meir enn éin person i bilen då ulukka skjedde.

– Dette er usikkert, men når me er usikre, må me undersøka det. Difor køyrer me på med desse ressursane, sa Kvant.

Mannlig politibetjent i uniform

Politiets innsatsleiar på staden, Ivar Kvant.

Foto: Oskar Rennedal / NRK

Leita i stort område

Både Røde Kors, Norske Redningshunder og Norsk Folkehjelp hjelpte til i leiteaksjonen.

– Drone frå brannvesenet har søkt gjennom området rundt ulykkesstaden. Ingen observasjon av fører, skreiv politiet i ei oppdatering klokka 00.19.

Personer i refleksjakker med sekker står mellom biler langs en vei i mørket

Redningsmannskap på staden.

Foto: Oskar Rennedal / NRK

– Me vil halda på til me har fått søkt gjennom område me meiner er mest relevant, seier innsatsleiaren til NRK.

Frykta store skadar

Eit redningshelikopter frå Florø var òg på staden for å hjelpa til.

Dei brukte varmesøkande kamera i leitinga.

Rødt og hvitt lys fra et helikopter på mørk himmel

Eit redningshelikopter leitar med varmesøkande kamera.

Foto: Oskar Rennedal / NRK

– Det har vore ein kraftig samanstøyt, og me fryktar høyenergiskadar på føraren. Det er difor me har høgt trykk på dette, seier operasjonsleiar Morten Rebnord til Bergens Tidende.

Politiet trur bilen har halde høg fart før ulukka. Han har så gått over autovernet og hamna inne på eit anleggsområde.

Politiet melde fyrst om ulukka klokka 22.17.

Publisert 19.09.2025, kl. 00.32 Oppdatert 19.09.2025, kl. 03.21

Read Entire Article