Avslører etter Uno-X-bragda: – Nå vil store stjerner hit

12 hours ago 3



– Det er vel nesten så eg ikkje torde å tru på det, innrømmer Thor Hushovd overfor NRK.

Søndag spurta Uno X-ryttar Sakarias Koller Løland inn sin første proffsiger i karrieren under Veneto Classic.

Det var ikkje berre ein personleg triumf, men gjorde også at sykkellaget plukka nok poeng til å ta steget opp til verdstouren – som blant anna garanterer for deltakinga i Tour de France, Giro d’Italia og Vuelta a España.

Jonas Abrahamsen Tadej Pogacar

BLITT LAGT MERKE TIL: Uno-X har levert godt i Tour de France sjølv om dei har sykla på nivået under verdstouren. Fram til nå.

Foto: AP

Uno-X har som strategi å berre hente norske og danske syklistar. Med opprykket til verdstouren, trur Hushovd rekrutteringa blir langt enklare.

– Nå vil dei store, danske stjernene – og da meiner eg store stjerner – hit. Utan at eg vil nemne namn.

– Nemn eit namn da!

– Eg legg litt mellom linjene, men lèt det ligge der, ler han.

Ønskte av store stjerner

Magnus Cort og Andreas Kron har vore to heiderlege opptak. I helga avslørte også Uno-X-laget at Alexander Kamp kjem til neste sesong.

Men å få med nettopp danskar på det norske laget har vore ei utfordring, ifølge «Oksen frå Grimstad».

– Dei vel to åra eg har vore med laget opplever eg at det har vore vanskeleg å signere danskar. Men nå er det ein heilt annan lyd i pipa, seier Hushovd.

Trass fleire sterke norske sykkelresultat dei seinare åra, trur NRK sin sykkelekspert Sondre Sørtveit at danskane ikkje har tatt Noreg så seriøst på den aller største scena.

Sondre Sørtveit og Ole Kristian Stoltenberg

SYKKELEKSPERT: Sondre Sørtveit meiner danskane har heva seg litt over norsk sykkelsport.

Foto: NRK

– Dei ser nok på oss som «fjellaper», som dei kallar oss. Eg trur Danmark ser litt ned på norsk sykkelsport, meiner Sørtveit.

– Treng tøffare språk

NRK-eksperten blir støtta av kollegaen hans i TV 2, Mads Kaggestad.

Han meiner danskane er eit tøffare folkeslag enn oss nordmenn, og blir herda gjennom å sykle fleire ritt ute i Europa tidleg i karrieren.

– I Noreg er vi ganske milde, seier Kaggestad, og held fram:

– Eg trur danskane treng eit litt tøffare språk frå leiinga.

Kan signere stjerneryttarar

Men til liks med Hushovd, antar sykkelekspertane at det synet endrar seg nå.

– Nå blir sjølv toppryttarar som Jonas Vingegaard aktuelle. Med sikra Tour de France-plass i tre år blir det laget mykje gjævare, seier NRKs ekspert Sørtveit.

Jonas Vingegaard vinker til publikum fra seierspodiet

KAN LOKKAST: Verdenstour-statusen gjer Uno-X til eit heitare alternativ for stjerneryttarar som Jonas Vingegaard.

Foto: AP

Kaggestad påpeikar at det blir ei økonomisk avveging.

– Alt handlar om pengar. Dei gutane der kostar opp til 50 millionar kroner i året og tar store delar av budsjettet. Da må dei (Uno X) vurdere om det er verdt det, seier Kaggestad.

Held fram med å vere norsk-danske

Suksessen til trass, sportssjef Hushovd gjer det klart at den norsk-danske strategien står fast, sjølv om stallen må aukast kraftig.

Verdenstour-deltaking krev nemleg at laga er pålagde å stille i alle ritta.

Mann smiler

SMILER: Thor Hushovd var gjest i Nyheitsmorgon måndag morgon.

Foto: Håvard Greger Hagen / NRK

– Vegen blir sjølvsagt mykje lenger når vi har bestemt oss for å ha den identiteten. Vi har mange færre utøvarar å ta av, og konkurrerer mot lag som har langt høgare budsjett og signerer kven dei vil, uavhengig av kor dei er frå, seier Hushovd.

– Men da smaker det også betre, fortset han.

– Det er noko med historia, at vi kan bygge frå dei nedre rekkene heilt til dei blir store, internasjonale stjerner. Den reisa er gøy.

– Kva skal til for å stabilisere laget blant dei beste?

– Det er ingen tvil om at vi må få ein større og breiare base. Men det skal vi gjere stein på stein. Etter sesongen i år er vi rangerte som nummer elleve i verda. Den basen tar vi med oss inn i neste år, samtidig som vi skal bli enda betre, seier Hushovd.

Her sparker hun motspilleren

Publisert 21.10.2025, kl. 06.19

Read Entire Article