Auka forbrukarvern i bustadkjøpsmodellar

1 month ago 15



Regjeringa vil leggje til rette for at flest mogleg får oppfylt bustaddraumen.

Publisert: 26.03.2024 10:05

Dette er et debattinnlegg. Eventuelle meninger i teksten står for skribentens regning. Hvis du ønsker å delta i debatten, kan du lese hvordan her.

Dei aller fleste kan skaffe seg bustad på vanleg måte, med eigenkapital og lån i banken. Men vi må òg ha ordningar for dei som treng litt hjelp. Til dømes deleige-modellar, der ein kjøper ein del av ein bustad mens ein sparar eigenkapital for å overta heile bustaden.

Henning Lauridsen frå Eiendom Norge bekymra for at bustadkjøpsmodellar kan vere ei forbrukarfelle, og kritiserer regjeringa for å leggje til rette for auka bruk av desse modellane.

Det vil på ingen måte vil bli frislepp, men vi vil opne for større variasjon i bustadkjøpsmodellar enn i dag. Samstundes vil vi lovregulere modellane for å setje klarare rammer som styrkar rettane og forbrukarvernet til vordane bustadeigarar.

Nyleg la regjeringa fram bustadmeldinga. Auka bruk av startlån, gjenreising av Husbanken er nokre av dei viktige grepa vi gjer for at fleire kan eige sin eigen bustad.

Eg er glad Henning Lauridsen og Eiendom Norges deler regjeringa si målsetting om å styrke eigarlinja. Saman skal vi få fleire inn på bustadmarknaden.

Read Entire Article