Aslaug får kome heim etter å ha vore evakuert etter «Jakob»

2 weeks ago 17



– Eg hadde det ryddig og fint her ute, men no ser det fælt ut, seier Aslaug Jåstad.

Laurdag var framleis 28 bebuarar frå 18 adresser evakuerte i bygda Lofthus, langs Sørfjorden i Hardanger, i Vestland fylke.

Etter klokka 16.30 er det klart at dei får kome heim igjen.

Aslaug Jåstad og mannen fekk, tidlegare i dag, lov til å ta turen innom huset for å hente nokre eigendelar. Ho fortel om nokre dramatiske døgn.

Klokka fem om morgonen, natt til fredag, var ho ute for å sjå til hagen. Ho har budd på staden sidan 1968, og har ikkje opplevd liknande.

I hagen hadde eit større område blitt vaska ut. Nedover elva kom både steinar og store eplekassar som massane hadde teke med seg.

Synet av huset og hagen no, er ikkje gledeleg.

– Muren er borte på eine sida. Så det er litt å ta tak i når me kjem oss til hektene igjen, seier Jåstad.

Deler av tomta har rast ut.

Jord har rast ut elva ved huset til Aslaug Jåstad.

Foto: Oskar Rennedal / NRK

Vurderte fortløpande

Jakob» herja over store delar av Vestlandet torsdag og fredag.

Dei store nedbørsmengdene førte mellom anna til at Odda i Hardanger blei heilt isolert. I Øvre Årdal i Sogn blei om lag 100 personar evakuerte natt til fredag.

Fredag dundra elva Opo gjennom Lofthus.

Harganger folkehøgskule

Deler av nabolaget til Aslaug i Lofthus har budd på folkehøgskulen sidan dei blei evakuerte frå heimane sine.

Foto: Oskar Rennedal / NRK

Laurdag ettermiddag har geologar undersøkt elveleiet og området lenger oppe i fjellsida.

Kommunen har hatt fleire møte for å vurdera om innbyggarane kan få lov å flytta heim att. Klokka 16.30 er det klart at dei får kome heim.

  • Store mengder vatn er sett ut etter ekstremvêret «Jakob».

    Utanfor sommarparken Mikkelparken i Kinsarvik står ei palle med vassflasker til innbyggarane. Kommunen har kopla ut drikkevatnet etter flaumen.

  • Vatn til dei råka av ekstremværet «Jakob» kan hente vatn her.

    Det er framleis kokevarsel og vert arbeida med å få etablert reinsa drikkevatn frå Kinsarvik vassverk.

  • Vatnet kjem godt med når det er kokevarsel etter flaum.

    Vatnet kjem godt med når det er kokevarsel etter flaum.

  • Vatn til dei råka av ekstremværet «Jakob».

    Fleire har plukka med seg vatn.

Aldri opplevd liknande

Oppsummeringa til Geir Midtun på Lofthus er kort, men effektiv.

– Veldig vått, og ganske heftig.

Geir Midtun på Lofthus i Hardanger

Geir Midtun på Lofthus er månebedotten over kor stor elva blei.

Foto: Oskar Rennedal / NRK

Han seier at det han har opplevd, er noko han aldri trudde ein skulle få oppleva på Lofthus.

– At elva gjekk så stor at ho nesten tok med seg hus, fløymde gjennom barnehagen og øydela dyrka mark. Far min på 90 år seier at til og med han har aldri sett noko slikt. Dette har vore heftig, konstaterer Midtun.

Lofthus i Hardanger etter ekstremværet Jakob november 2024

Det er spor etter ekstremvêret «Jakob» i landskapet.

Foto: Oskar Rennedal / NRK

Ryddar opp på hotellet

I Hardanger er det mange som no «sleiker sine sår», som hotellsjef Aleksander Grieg formulerer det.

Natt til fredag rann ei elv gjennom hotellet hans.

Oversumt Hotel Ullensvang.

Gjennom natta har han hatt selskap frå eit spesialteam frå Bergen brannvesen. Dei har rydda bort verdifulle og historiske gjenstandar og kunstverk, og lagra dei tørt og tett innpakka.

– Det er forbausande kor mykje ein får gjort på eit døgn. Det ser bra ut nokre stader, og heilt forferdeleg andre stader. Enkelte av romma ser ut som katastrofeområde.

Ullensvang hotell laurdag 2. november, dag to etter ektrem ekstremvêret «Jakob»
Ekstremvær ved Ullensvang hotell

I dag ser han tilbake på om det var noko dei kunne gjort annleis.

– Eg trur ærleg talt ikkje det. Me var veldig godt førebudde. Prognosane var veldig presise, kommunen sin beredskap var god, me hadde vore ute og sett til alle kummene våre.

– Me var ordentleg godt førebudde på at dette kunne skje. Men når det kjem så store vassmengder, trur eg ikkje det går an å stå i mot naturkreftene.

– Det var heftig

Trine Synnevåg Opedal blei ikkje evakuert frå sitt hus, men det var nære på.

– Eg er vane til buldring frå snøsmelting og store vassmengder, men i går gjekk elva i flust med bakken på motsett side av huset. Det var full aktivitet og veldig uavklart.

Trine Synnevåg Opedal på Lofthus i Ullensvang.

Trine Synnevåg

Foto: Oskar Rennedal

– Eg er vane til steinane, men lyden kan du gonga opp nokre gongar. Det var heftig. Eg låg og lurte på om desse steinane ville laga andre utfordringar lenger ned i elva.

Opedal har budd i området sidan 2014. Då trefte regnvêret Odda for fullt, og drog med seg fleire hus i det som blei ei masseøydelegging i Odda sentrum.

Men til og med då, var det ikkje så intenst på Lofthus.

– Det var ikkje så intenst som dette. Eg har aldri opplevd det før.

Publisert 02.11.2024, kl. 16.51 Oppdatert 02.11.2024, kl. 16.58

Read Entire Article