Arrangør etter ulykke med hundekøyring: – Skjedde på ei ganske rett strekning

3 hours ago 4



Ein mann er frakta til sjukehus etter at han vart skada i NM i hundekøyring som blir arrangert på Bontveit i Fana i Bergen. Det er ukjent skadeomfang, melder politiet.

– Det framstår alvorleg, seier operasjonsleiar Morten Rebnord til NRK.

Eit hundespann kom tilbake i målområdet utan hundeførar.

Kort tid seinare vart den mannlege hundeføraren funnen skada i løypa. Han vart køyrd i ambulanse til Haukeland for vidare undersøkingar og behandling.

Politiet gjer undersøkingar og avhøyrer vitne. Ein hypotese er at hundespannet kan ha hatt for stort fart ned ein bakke, og at hundeførar har blitt kasta av, skriv politiet.

– Går inn på oss at det skjer

Styreleiar i Bergen Trekklubb, Kåre Bottolfsen, seier til NRK at hundesport er ein sport med risiko og at alle som deltek brukar hjelm.

Under løpet var det førstehjelp på staden.

Løpet vart starta opp igjen klokka 13.00 etter ein vurdering av juryen.

Ulykka skjedde i nærleiken av Bergen

Bottolfsen seier dette mellom anna skuldast at ulykka skjedde i eit område som ikkje er faremerka, på ei strekning som er ganske rett.

Ulykkesstaden blir i utgangspunktet ikkje vurdert som ekstra utsett.

– Det blir viktig for oss å få svar på kva som har skjedd. Vi veit førebels ikkje årsakssamanhengen.

Han seier det førebels er uvisst om nokon faktisk var vitne til ulykka.

Publisert 05.10.2024, kl. 15.09 Oppdatert 05.10.2024, kl. 15.11

Read Entire Article