Arne Bye blir ikkje lauslaten frå varetekt

3 hours ago 1



Tysdag blei den tidlegare kommuneoverlegen framstilt for forlenga varetektsfengsling.

Onsdag kom avgjerda frå tingretten. Den slår fast at Bye framleis kan bli heldt i varetekt.

Samstundes peiker tingrettsdommar Gro Helland på at det burde bli vurdert om Bye kan sitte varetektsfengsla med fotlenke.

Dermed blir fengslinga forlenga med fire veker, sjølv om påtalemakta bad om ni.

Legekontoret i Frosta kommune. Man ser toppen av inngangspartiet der det står "Legekontor". En fugl flyr over inngangspartiet.

Foto: Vegard T. Blakstad / NRK

Politiadvokat Ole Andreas Aftret fortel at påtalemakta vurderer å anke avgjerda frå tingretten til Frostating lagmannsrett.

– Vi må vurdere om vi skal anke på lengda av varetektsfengslinga, seier Aftret til NRK.

Grunnlaget for å halde Bye i varetekt er at det vil støyte allmenta sin rettskjensle om han går fri.

Å opne for å sitte i varetekt med fotlenke, vil derfor ikkje vere tilstrekkeleg, meiner Aftret.

Denne saka er ikkje egna til dette og ein vil forspille formålet med fengslinga dersom ein slipp han heim, seier Aftret.

Ole Andreas Aftret

Ole Andreas Aftret seier saka ikkje egner seg for ei løysing med fotlenke.

Foto: Henning Levold / NRK

Bad om å bli lauslaten

Bye var ikkje varetektsfengsla mens han blei etterforska eller når rettssaka mot han gjekk i tingretten mellom november og februar.

Same dag som rettssaka blei avslutta blei Bye pågripen. Han har sidan dette sete varetektsfengsla.

Tysdag begjærte han seg lauslaten frå varetekt.

Bye sin forsvarar, Frode Wisth, peiker på at Bye ikkje er trygg i fengsel, at han ikkje får den naudsynte helsehjelpa og at fasilitetane for å førebu seg på ei eventuell ankesak er dårlege i fengsel.

Har blitt utsett for vald i fengsel

I forbindelse med fengslingsmøtet tysdag blei det kjent at den tidlegare kommuneoverlegen har blitt utsett for vald i fengsel.

– Han har blitt utsett for grov vald, og kor det har vore naudsynt med helsetilsyn, skreiv Bye sin forsvarar, Frode Wisth, til tingretten.

Politiet stadfesta at Bye er fornærma i ei valdsepisode som fann stad i juli.

– Politiet er ikkje kjent med forhold som gjer valden grov. Med atterhald om at det er omstende som ikkje er kjent for oss per nå, fortalde politiadvokat Ole Andreas Aftret.

Ein person har status som sikta etter hendinga.

Publisert 27.08.2025, kl. 09.00 Oppdatert 27.08.2025, kl. 09.08

Read Entire Article